Dag og Tid nr. 28, laurdag 13. juli 2002
Herbjørn Sørebø:
Gutedraum og glede
Sportsfiskarar over heile verda har sitt Mekka å vende seg mot i takksemd. Det er Svängsta, Skövde i Sverige. Der lagar dei ja, det er ikkje godt å seie om det er den beste fiskesnella i verda, for det blir laga gode fiskesneller mange stader men det er utan tvil den mest kjende: Ambassadeur. Denne sommaren fyller Ambassadeur 5000 femti år, ein gutedraum og ei glede ved elv og vatn. Å eige ei slik snelle var å ha noko å vise fram, noko å vere stolt av, noko som viste at ein var med blant dei kunnige i eit brorskap. Den raude snella fortalde andre at her var ein som kjende vegen til dei løyndommane ein sportsfiskar alltid drøymer om å finne.
Tre bokstavar var gåtefulle for somme som skaffa seg denne snella: ABU. Forklaringa er at A står for aksje, B for bolag (selskap) og U for urfabriken. I Svängsta laga dei ur og taksameter i mange år, men nede ved Mörrumsåa gjekk det ein ung mann og fiska, han som skulle arve selskapet, og den unge mannen knytte ikkje sterke kjensler til ur og taksameter. Han drøymde om å produsere fiskesneller i staden. Det tekniske som skulle til, hadde dei i urfabrikken. Göte Borgström fekk det som han ville, og det skulle vise seg at ikkje berre var han teknisk gåverik, han var også eit forretningsgeni. Han greidde å marknadsføre sportsfisket som det eventyret det er, og snella hans, som også vart å få i gull, måtte vere med.
Saman med medarbeidarane på urfabrikken lykkast det Göte Borgström å konstruere og utvikle ei multiplikatorsnelle som vart lansert sommaren 1952, og i jubileumskatalogen reknar fabrikken opp dei mange finessane. Det er så det kan ta pusten frå oss, men trass i alle finessane er det ikkje lett å forklare suksessen. Noka revolusjonerande oppfinning var det ikkje tale om. I førstninga av 50-åra fanst det andre sneller ein kunne kaste like langt med, sneller som hadde like høg kvalitet, og var like lette å halde ved like. Alle snellene hadde likevel eit svakt punkt. Det hadde ikkje Ambassadeur, og det er sjølvsagt viktig at ei snelle er brukssikker. Du kan leggje ei Ambassadør-snelle i salt sjøvatn eit år og plukke henne opp att utan ein rustflekk. Spesielt billeg var ikkje snella, 150 kroner i 1952, men Ambassadeur skulle vere snella for dei utvalde og ikkje allemannseige. Det er ei forklaring på
suksessen, men det er vel alt samanlagt: Tidspunktet for lanseringa, konstruksjonen, utforminga og prisen. Eller kanskje var det den spesielle raudfargen som sette så mange hjarte i brann?
Snella var ikkje raud ved presentasjonen på St. Eriksmässan i Stockholm i 1952. Der vart det halde ei tevling som alle kunne vere med på å velje farge på snella. Det blir fortalt at fleirtalet valde svart farge, men Göte Borgström følgde ikkje det rådet. Han avgjorde at snella skulle vere raud. Det var nok eit klokt val. Den gongen var det ikkje så mange raude sneller. Asmbassadeur var lett å kjenne att både i butikken og blant sportsfiskarar ute i naturen. Seinare kom det større Ambassadeurar i svart for tyngre fiske, men den første har halde på den raude fargen i alle år.
Den svenske fabrikken kom inn på den amerikanske marknaden i samarbeid med selskapet Garcia Corporation, som i førstninga var lite interessert, men etter kvart oppdaga at marknaden etterspurde den svenske snella. Nå har ABU vorte til ABU-Garcia. Det er gjerne slik det går på verdsmarknaden, men snellene og nå er det mange av dei blir framleis laga i Svängsta. Det har gjennom åra komme sneller med mange nye finessar, men Ambassadeur 5000 gutedraumen kjem år etter år og held eit heilt fiskarliv. Har det vore mange tunge stunder med backlash og snøre i vase som har fått ein til å gripe etter kniven, så har det vore så mange fleire gleder. Og var og er denne snella svensk, så kjennest ho så tvers igjennom norsk fordi vi er med i brorskapet.
|