Dag og Tid nr. 22-24, laurdag 15. juni 2002
Bøker:
Måtehalden debutant
Nokon meiner måtehald er tilstrekkeleg. Andre meiner det er for lite. Det er aldri godt å vite kva som er nok. Romandebutanten Brynjulf Jung Tjønn nøyer seg med 69 sider.
Brynjulf Jung Tjønn
Eg kom for å elske
Samlaget 2002
Debutromanen til Brynjulf Jung Tjønn er bygd opp av 69 korte tekstar. Dei lengste tekstane bruker omkring ei halvside, mens den kortaste bruker to ord. Den finaste enkeltteksten av dei 69 er kanskje denne, eit lite prosadikt som kan seiast å oppsummere grunntonen i romanen, og som også inneheld naivitet, sår lengsel og ein usannsynleg draum som kanskje burde ha fått meir plass i denne kortfatta romanen:
«Eg skulle ønskje eg kunne sveve over bølgjene. Vere ein liten båt. Slå meg til ro midt ute på havet. Kaste eit garn for hå ha noko å ete. Liggje på ryggen, plukke ned skyer og sende dei av stad. Eg skulle ynskje eg kunne vere ein vind som snur tida tilbake. Eller kanskje vere ei stjerne. Kunne vakne om natta. Kunne lene meg ut or mørkret.»
Eg kom for å elske er ingen dårleg romandebut. Romanen utviklar seg ikkje kronologisk. Dei korte kapitla spring att og fram i tid, og dei ulike kapitla kan kanskje best karakteriserast som snapshots. Forhold som blir lauseleg utpeikte i tidlege avsnitt, blir forståelege seinare. Slik blir det skapt gjenklang eller ekko i romanen. Språket er enkelt og liketil, nærast nøkternt refererande. Dei avdempa eller nedkjølte referata av situasjonar og stemningar gjer at ein knapt får med seg dei grufulle og lagnadsmette handlingane, til dømes når eg-personen legg hendene sine over den gloheite grillen.
Den unge jenta som er forteljar i denne romanen, vil gjerne bli elska, men ho opplever at alle som skulle ha sett og elska henne, forlet henne. Det blir kanskje noko melodramatisk og alminneleg over konfliktane, intrigane og personane i romanen; dotter blir ikkje elska, far blir ikkje elska, mor tek kvinneleg elskar, dotter får ung elskarinne, bror døyr, livslyst døyr og far blir borte osv. Sant å seie blir nok romanen tyngd (for ikkje å seie altfor lett) av enkel og trist psykologi, og eg kan ikkje sjå at språket i denne romanen produserer bilde/skildringar som løfter bilda/skildringane ut over det visuelle. Desse karakteristikkane er for så vidt visuelle (synlege) nok.
Sjølvsagt var det mye ein kunne sakne når ei bok er såpass stutt, og ein kunne hevde at det var vel mye å kalle dei 69 stemningsbilda og handlingsreferata for ein roman. Ein kunne også spekulere over korleis det kan ha seg at ein ung kar på 22 år kan skrive med såpass atterhald. For over atterhaldet er det også noe forsiktig, og over det forsiktige er det også noe disiplinert, og over det forsiktige og disiplinerte rår forlagsredaktørar og konsulentar. Ein kan altså komme til å undre seg over om forlaga gjer rett når dei får dei unge forfattarane til å skrelle og file bøkene sine til dei liknar på andre skrelte og filte bøker? Var det ikkje bra med forskjellar? Eg veit ikkje, men eg tenkjer i grunnen at det var meir rett å framstå forsiktig og disiplinert etter at ein først hadde vore uforsiktig og dristig, men her er kan hende ingen motsetningar, og når alt kjem
til alt, så er kanskje Brynjulf Jung Tjønn ein måtehalden forfattar. Og noen meiner måtehald er tilstrekkeleg. Andre meiner det er for lite.
Atle Christiansen
|