Dag og Tid nr. 21, laurdag 25. mai 2002
Bøker:
Små perler til glede for lesaren
Kim Hiorthøy har skjønt kva kunsten i litteraturen er for noko, skriv Oddmund Hagen.
Kim Hiorthøy:
Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig
Oktober
Kim Hiorthøy (f. 1973) har på kort tid funne ein sjølvsagt plass i det norske kunst- og kulturlandskapet som illustratør og designar, kortfilmregissør og plateartist, og no kjem han med bok på Oktober, naturleg nok med eigne illustrasjonar. Boka inneheld 45 korte tekstar eller skisser frå eit par liner og opp til ei side.
I dei fleste tekstane finst ein mannleg eg-person som fortel episodar frå livet sitt, og ofte handlar det om møte med jenter og kor vanskeleg det kan vere av ulike årsaker. Somme av tekstane har også innslag av surrealistiske dyrefigurar, og innimellom er det møte med kompisar, alt saman korte møte og korte samtalar.
Ramma rundt desse møta og samtalane er som oftast daglegdagse og banale, men samtidig blir situasjonane ladde med noko anna som har med kontaktløyse å gjere, avstand og einsemd, meiningsløyse og lengt etter noko ut over det som hender der og da. Det er noko rastlaust og flimrande over det tilværet som blir skildra, og dei mange namngitte personane dukkar aldri opp i meir enn den eine teksten der dei har ein plass. Det same gjeld kanskje også alle dei namnlause, og det er ganske fiffig gjort å skildre ei grunnleggjande kontaktløyse gjennom ei brei kontaktflate slik Kim Hiorthøy gjer det.
Ved rask lesing kan ein fort oppfatte denne boka som overflatisk og banal, men ein skal ikkje ha lese så mange tekstane før ein skjønner at her ligg det noko under den leikande og litt naivistiske forteljestilen, og det som skjuler seg der, er ei eksistensiell uro over at tida går, «om noen år er du borte», og at ein blir stengt inne i sin eigen kropp og tanke utan sjanse til å nå fram til andre menneske, eller det andre mennesket. «Tenk om alt hadde vært annerledes,» heiter det ein plass, og det å finne det som er annleis, verkar i dette tekstuniverset å vere eit fåfengt prosjekt:
Jeg strøk henne over kinnet og hvisket at det vi hadde sammen var fantastisk,
men at det ikke gikk an å beskrive med ord. Hun snudde seg mot meg og svarte:
og likevel, nå som det er sagt, er det borte. I løpet av natten forsøkte jeg å ta det
tilbake, men det var for sent. Om morgenen delte vi tingene mellom oss.
Dette sitatet er typisk for Hiorthøys stil. Han rører ved det skjøre og ordlause utan å røpe kva det kan vere for noko, men når personane hans likevel rører ved det i jakta på eit svar eller ei sanning, bryt kommunikasjonen saman. Det same skjer med ulike vinklingar i tekst etter tekst, og denne melankolien og lengten etter det uoppnåelege, gir substans og form til desse tekstane langt ut over det som står der. Det flyktige og uutseielege blir skrive inn i tekstane som klangbotn og ein slags musikk for det indre øyret:
Hun strakte seg i sengen. Jeg har kjøpt en ny plate, sa hun. Vil du høre den?
Ja, sa jeg. Hun reiste seg og gikk bort til platespilleren. Jeg tror ingen har
hørt den før, sa hun. Den er nesten helt stille.
Det er alt dette som kjem i mellom som blir det problemet Hiorthøy balar med i tekstane sine, alt som sperrar for det umiddelbare, og som filosofisk problem blir dette noko som minner om motsetninga mellom ting og tanke, mellom natur og kultur, og her trekkjer Hiorthøy på finurleg vis inn glimt frå ei anna vereform enn den menneskelege:
Aud spurte: Vil du ha en kringle? Løven svarte ikke, for den forstod ikke hva
hun sa. Den forstår nok ikke hva jeg sier, tenkte Aud. Hun tok ut lommekniven
sin og skar et lite kutt i den ene fingeren før hun stakk hele hånden inn i buret.
Se, det forstod du, sa hun, og det var alt hun rakk. Slik er dyrene, de er ikke som oss.
Desse tekstane viser ein seriøs og reflektert ung mann. Han har skjønt kva kunsten i litteraturen er for noko, og han lar det vere med det, for det har inga meining å prøve å forstå kva det handlar om. Da bryt ein magien i språket, og det er nettopp det magiske og uforklarlege som lyfter Hiorthøys tekstar fram som små perler til glede for lesaren.
Oddmund Hagen
|