Dag og Tid nr. 14, laurdag 6. april 2002
Herbjørn Sørebø:
Kvinneflukt frå trivselsfylket
Sogn og Fjordane har marknadsført seg som trivselsfylket. Så byrge har marknadsførarane vore at dei til og med har kalla det for livsstilsfylket. Her er det vill og vakker natur som ikkje er forsøpla, her er det lite drukkenskap, narkotika og kriminalitet, folk held seg friske, og ektefolk lever i lag til døden skil dei åt. Noko har nok dette endra seg med åra, men fylket har framleis ein god statistikk å vise til slik sett. Nå sprekk idyllen av andre årsaker. Sparebanken Sogn og Fjordane har presentert eit konjunkturbarometer for fylket, og det viser at fråflyttinga er større enn på 50 år. I fjor var det 638 fleire personar som flytte ut enn det flytte inn, og det kan fort bli verre. Det verste er at kvar sjuande kvinne mellom 20 og 29 år flytter frå fylket, og det er berre ein kommune som har fleire kvinner enn landsgjennomsnittet i den alderen dei set barn til verda. Folketalet kan gå ned med
ned så mykje som 2000 i dei kommande åtte åra.
Det blir lite trivnad i eit fylke utan unge kvinner, og flukta av kvinner som kan føde barn, fører til at fylket døyr. Det er bodskapen frå sparebanken som legg fram konjunkturbarometeret. Det er ikkje noko nytt for fylkespolitikarane, og dei veit så godt korfor dei unge kvinnene særleg dei som har skaffa seg høg utdanning reiser sin veg. Dei finn ikkje arbeidsplassar der dei får bruke kunnskapane sine. Mange av dei unge som har flytta, seier at dei godt kunne tenkje seg å bli i fylket, men det er ikkje vekstnæringar som har bruk for dei. Då ser dei ingen annan utveg enn å flytte. Så gifter dei seg og får hus og heim ein annan stad. Skulle det bli eit høve til å flytte tilbake, viser det seg ofte uråd for ektemaken å finne ein arbeidsplass der. Det blir avgjerande. Dei kvinnene som flytter frå fylket gjer det oftast for godt. Det er all grunn til å tru at denne
utviklinga kjem til å halde fram fordi det er naturleg for unge jenter i utkantane å ta høgare utdanning slik dei gjer i byane.
I barometeret blir det peika på mykje som tyder på at Sogn og Fjordane er eit godt fylke å vekse opp i. Eksamensresultata frå grunnskolen er blant dei beste landet, og det er fleire ungdommar som tek høgare utdanning enn det er elles her på berget. Dei unge får også betre resultat enn medstudentane, heiter det. Ein grunn til fråflyttinga, kan ein tenkje seg, er at dei unge fjordjentene tek høgare utdanning andre stader der det er fleire og meir spennande fritidstilbod enn i heimfylket. Det viser seg at ungdom frå bygdene fort lærer seg å gå på kafe, og dei likar det. Det er også i desse åra dei finn seg sambuar. Eit godt miljø for barn å vekse opp i skulle vel telje mykje for dei som tenkjer på det som er til beste for ungane medan dei er små og når dei kjem i tenåra, men så er det vanskane med å finne arbeidsplass som gjer det uråd.
IT skulle bli berginga for bygdene. IT-samfunnet kjenner ikkje avstandar. Dette har ikkje vorte utnytta godt nok, og her kan mykje gjerast. Den nye IT-teknologien treng nok likevel eit næringsliv ute i distrikta som har bruk for tenestene. Dersom det skal lykkast å lokke jentene tilbake til Sogn og Fjordane, trengst det nye vekstnæringar. Oppgåva for fylkeskommunen er å leggje vilkåra så godt til rette for det som råd er, og så må næringslivet skjerpe seg. Verksemdene må gjere det dei kan for å stogge kvinneflukta, og dette gjeld sjølvsagt ikkje berre i Sogn og Fjordane. Det er grunn til å merke seg at det er ein bank som tek opp desse problema. Kanskje høyrer næringslivet meir på ein banksjef enn på veltalande politikarar som har store visjonar, men lite handlekraft med praktiske tiltak.
|