Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002

Teater:
Blodig trekanttragedie

Tre menneske kjempar fortvila og fånyttes mot eigen lagnad. Bak eit blenkjande perleteppe møter me tragedien i ordet si sanne tyding.


Den Nationale Scene
Blod av Lars Norén
Instruktør: Runar Hodne
Scenograf: Magne M. Wiggen
Omsett av Marit Tusvik

For tjue år sidan måtte ekteparet Rosa og Eric flykta frå terrorregimet i Chile og forlata den åtte år gamle sonen sin. Saknet etter sonen, eit sakn dei ikkje snakkar om eller kjenner namnet på, har gjort dei framande for kvarandre. Tapet av sonen ligg som eit urovekkjande og deterministisk bakteppe for hendingane og handlingane som fører ut i og endar opp i sjølve tragedien.

Moderne Ødipussoge

Lars Norén har overført den antikke Kong Ødipus til vår tid; ei samtid prega av samanbrot, sjølvelsk og kapitalisme, der terror-traume, hiv og blodskam er sentrale ingrediensar. Lidinga og lagnaden i Blod følgjer utviklinga i den antikke tragedien. Men om det er gudane, eller den opphøgde makta som rår, er ei anna sak. I Blod synest Gud og alle metafysiske dimensjonar fråvrande. Dei edle og reine tankane som ein gong batt ekteparet Rosa (Marianne Nielsen) og Eric (Morten Borgersen) saman, er splintra. Det edle er blitt materielt, og den vakre scenografien står i grell kontrast til den stadig større katastrofestemninga som utspelar seg i det infame trekant-dramaet. Scenografien blir både estetisk, symbolsk og sosialt rammeverk, og utgjer ein eigen standard for omdøming. Lyd- og lysdesign fungerer som eit innforstått og kommenterande publikum, og reagerer truleg slik Sofokles sjølv ynskte at eit ideelt publikum skulle gjera.

Overkøyrer orda

Men nokre gonger tippar det over. Som når Luca alias Øyvind Gran står støtt på si eiga kvite kiste og deklamerer Ødipussoga så fròda står. Det er ikkje deklamasjonen det står på, men her blir den antikke tragedien ståande att som krykkjer i den realistiske dramaturgien. I dramatikken til Norén, er det orda som ligg under og mellom som fortel, og ei overtydeleg scene som dette tek verken dramaet eller publikum på alvor.

For Rosa og Eric veit ikkje at mannen som etter fleire år entrar liva deira, er sonen Luca (Øyvind Gran). Og det er fyrst når sanninga, gjennom eit kjenslesterkt høgspenn går frå å vera uvitande til vitande tragedien vert djupt tragisk.

Begge er dei berarar av ei forbanning: Kong Ødipus av gudane si forbanning, Luca av terroren og avskilet frå foreldra. Men tragedien åt Luca ligg ikkje berre utanfor han sjølv. Det er fyrst når han veit han har fått hiv-viruset han går til sengs med mor si, og såleis tek ei grufull hemn over elskaren sin, som seinare syner seg å vera far hans.

Statisk samliv

Mor Rosa (Marianne Nielsen) og son Luca (Øyvind Gran) held ein skarp og kommuniserande konsentrasjon kring katastrofen som handlingsgangen kulminerer med. Men tvilen melder seg i teatersjef Borgersen si tolking av Eric. I dobbeltlivet psykiater Eric fører er det ingen skilnad mellom samlivet med kona Rosa og det homofile tilhøvet han har til pasienten Luca. Same statiske rørslemønster gjennomsyrer alle scenar og her finst inga utvikling. Om dette er meininga veit eg ikkje, men det blir noko merkeleg når han i den sado-masochistiske scena med Rosa, gjentek den traumatiske torturscena utan at steinandletet på noko tidspunkt sprekk. Kanskje er det kontrollen som har nagla fast heile Eric og gjort han til den kjenslekalde personen han står fram som? Kanskje er det eit fråverande og fastfrose kjensleliv Eric skal illudera? Men dette er eit spørsmål som tek for mykje plass og skuggar over det skinande skodespelet som utspelar seg bak eit teppe av 80.000 funklande perler.

Inger N. Bråtveit


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |