Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002

Roald Helgheim:
Ære og moralsk panikk

Blant dei norske politiske utspela i kjølvatnet av det avskyelege æresdrapet i Sverige kjem eitt frå tidlegare familieminister Karita Bekkemellem Orheim, om å forby ekteskap mellom syskenborn. Slike ekteskap er for tida meir utbreidde i pakistansk-norske miljø enn hos resten av befolkninga. Men dei vil også vere kjende i dei fleste norske familiar frå ei ikkje så fjern fortid. Dagens Næringsliv peikar på leiarplass på at Ap-politikaren med dette vil gjeninnføre ein paragraf frå Christian Vs norske lov av 1687. Dette forbodet vart fjerna «muligens fordi den lille norske overklassen hadde få andre muligheter enn å gifte seg med sine søskenbarn hvis man skulle beholde pengene i familien». Samstundes minner avisa om at Norge i 1905 valde ein dansk prins til konge, og det vart ikkje sett på som noko problem at han var gift med den engelske kusina Maud. I 1929 var det folkefest då kronprins Olav gifta seg med den svenske kusina Märtha. I dag er det verken hos borgarskapet eller i kongefamiliar slike giftarmål er mest utbreidd. (At dei mest ihuga rojalistane heller hadde sett Haakon gifte seg med ei prinsesse-kusine enn ei jente av folket, er ei anna sak.) Det hender helst i mindre velståande innvandrarfamiliar. «Dermed stiller saken seg i et annet lys – for en tidligere familieminister fra Det Norske Arbeiderparti», skriv Dagens Næringsliv.

Sjokket og sinnet etter æresdrapet i Sverige har ført til mange stormande ordskifte. Sjølv har eg følgt mykje med i svensk fjernsyn der det ikkje har vanta på harde debattar, ikkje minst utanlandsk-svensk ungdom imellom, som verkeleg har tatt bladet frå munnen mot det svenske samfunnet, fordi det av misforstått velvilje har sett ein annan veg enn mot den uinnskrenka makta menn har over kvinnene i miljøa deira. I svensk fjernsyn held ein seg også med fleirkulturelle programleiarar som kan stille dei viktige spørsmåla, motsett kvite norske inkvisitorar som stiller alle med innvandrarbakgrunn for moralsk standrett i norsk fjernsyn.

Dette skal ikkje handle om denne debatten, som er heilt naudsynt, men om den moralske panikken som lovmessig melder seg blant norske politikarar straks det hender noko, særleg med innvandrarar eller kriminelle. Det er Marianne Gullestad som omtalar omgrepet moralsk panikk i boka Det norske sett med nye øyne. Panikken melder seg etter høgrøysta eller dramatiske oppslag i media, som på staden krev svar frå politikarane om kva dei vil gjere. Dermed blir det viktigare at noko vert gjort, enn kva som blir gjort. Resultatet nett no er ein katalog av politiske utspel som har det til felles at dei ikkje rører ved kjernen i det som utløyser slike handlingar som æresdrap. Etter litt nøling fekk også Kristin Halvorsen sans for framlegget om syskenborn, mens dei profilerte innvandrartalspersonane i partiet avfeia det som absurd.

Likevel tok det ikkje lang tid etter æresdrapet før polikarar for hundre og n’te gong børsta støvet av gamle krav om til dømes språktest av fireåringar og tvungen norskopplæring for å få statsborgarskap. For Carl I. Hagen har det berre vore å krysse av på lista over gamle fanesaker, som har «blitt aktualisert, ikke minst på bakgrunn av de siste tiders hendelser og debatter om hele integreringsproblematikken», som statssekretær Kristin Ørmen Johnsen seier til Aftenposten. Frp varslar bramfritt at dei vil utnytte situasjonen til å krevje «danske» innstrammingar på rekkje og rad.
Kravet om språktesting av innvandrarborn vart lansert av Høgre i februar i fjor. I november året før vart kravet om obligatorisk norskopplæring av innvandrarar lansert med brask og bram av utdanningsminister Trond Giske. Mot dei som ikkje ville stille opp, ville han vurdere «økonomiske sanksjoner». Alle veit at norskkunnskapar er viktig. Eitt av dei mange innstrammingsframlegga frå den danske regjeringa er å skjere drastisk ned på sosialhjelp for innvandrarar og asylsøkjarar for å tvinge dei ut i arbeidslivet. Kvifor ikkje bruke det same verkemiddelet mot innfødde kvite danskar som går på trygd, spør kritikarane. Den danske regjeringa vil heve minstealderen for å gifte seg med ein utlending frå 18 til 24 år, angiveleg som eit middel mot tvangsgifte. Men kva har norsk-kunnskapar å seie i arbeidslivet vårt?

I fjor kom Jon Rogstad ved Institutt for samfunnsforsking med rapporten Mellom faktiske og forestilte forskjeller. Han viser at språkmektige innvandrarar ofte ikkje får jobb fordi den avgjerande årsaka til diskriminering i arbeidslivet ikkje er kva dei kan eller ikkje kan, men kva som er ei gjengs (diskriminerande) oppfatning av innvandrarar som gruppe blant arbeidsgjevarane. Ein arbeidsgjevar seier at får han ein innvandrarsøknad på godt norsk, trur han automatisk vedkommande ikkje har skrive han sjølv, men er ute etter å lure han.

I stimen av politiske utspel kjem SV-representant Marte Thorkildsen med ei rad framlegg, mellom anna om å vurdere å gjeninnføre underhaldsplikt for den som gifter seg med ein utlending. «Tanken bak er at ikke minst unge innvandrerjenter skal skaffe seg utdannelse og bolig før de gifter seg med menn fra hjemlandet». Sosialministeren svarar at i så fall må det også gjelde «nordmenn» som gifter seg med ein utlending. Det er like sjølvsagt som at ei eventuell heving av aldersgrensa for giftarmål generelt «ikke bare kan gjelde personer av utenlandsk opprinnelse», seier ho. Det må såleis ein borgarleg minister til for å stagge dei mest triggerhappy i Ap og SV.

Mellom dei danske framlegga er det kravet om heva aldersgrense som angiveleg skal verke mot tvangsgifte. Men heile den danske innstrammingspakken er først og fremst gjennomsyra av kravet om å stengje flest mogleg ute, tvangsgifte eller ikkje tvangsgifte. Også stimen av norske framlegg tyder meir og meir på at det er den moralske panikken hos majoriteten som rår, ikkje omsynet til minoritetane.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |