Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002
Språk:
Nordisk taper terreng i Norden
Språkkunnskapane dei nordiske landa imellom blir nedprioritert ved lærestadene. Nordisk Råd held seminar, men legg ikkje to pinnar i kors for å få gjort noko, meiner nordisk-professor.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
På fagspråket snakkar dei om domenetap for eigne språk, ikkje berre i Norden, men også elles i Europa, mens det språket som vinn terreng, er engelsk. Denne veka var Noreg vertsland for eit seminar i regi av Nordisk Råds Kultur- og Utdanningsutval, og som einaste medium på det opne seminaret i Stortingets fjerde etasje vekte Dag og Tid nesten oppsikt. «Nordisk språkforståing kor gale står det til?», spurde den islandske direktør Audur Hauksdóttir ved Instituttet for framandspråk på Island. På sogeøya har det nordiske kontaktspråket dansk frå 1999 av blitt flytta frå første til andreplass som framandspråk, med engelsk på førsteplass (i Finland gjeld det same for svensk). Professor Lars-Gunnar Andersson ved Göteborg Universitet verka som den mest optimistiske av innleiarane, mens Per Ivar Vaagland med Noreg som utgangspunkt analyserte
utviklinga i opplæringssituasjonen dei nordiske språka imellom, som illevarslande. Sjølv om nordmenn, danskar og svenskar lett kan gjere seg forstått når dei snakkar seg imellom, blir det mindre og mindre nordisk på læreplanane både i grunnskular, vidaregåande og lærarhøgskular, og lektorane i grannespråk blir det færre og færre av ved universiteta.
Norske skjønar mest
Til høyringa låg det føre ein rapport frå fire tidlegare konferansar om nordisk språkforståing, der det står at Nordisk kulturfond tar sikte på å gjennomføre ei større vitskapleg undersøking av stoda. Slik vitskap skortar det på. Undersøkingar frå nokre år attende viser ikkje oppsiktsvekkjande at i Skandinavia skjønar nordmenn dansk og svensk betre enn svenskar skjønar norsk og dansk, og betre enn danskar skjønar norsk og svensk. Dårlegast er den gjensidige forståinga mellom svenskar og danskar, men ein ventar seg ein viss Øresund-effekt etter bruopninga. Når det gjeld finnar med svenskkunnskapar, er dansk nesten uforståeleg.
Per Ivar Vaagland ser på tendensen i den skandinaviske språktrekanten som eit uttrykk for makttilhøva.
Som det minst mektige landet i Skandinavia har vi vore meir avhengige av Sverige og Danmark enn omvendt, seier Vaagland. Han er generalsekretær i Fondet for dansk-norsk samarbeid, som på Lysebu i Noreg og på Schæffergården i Danmark driv med kursverksemd for nordiske studentar. Her kan ein søkje om stipendopphald, og på Lysebu er talet på kursdøgn (deltakarar gonger døgn) no 3000 i året.
Ikkje-nordisk læring
I Noreg kan ein i dag ta lærarhøgskulen utan å lese eit ord på andre nordiske språk. Det er i prinsippet nok at dei tileignar seg kjennskap til nordisk litteratur gjennom å lese norske omsetjingar, seier Vaagland, som understrekar at dette blir praktisert ulikt frå skule til skule, alt etter lokal interesse. Mens mønsterplanen for grunnskulen i 1987 hadde som overordna mål at undervisinga skulle ta sikte på gi elevane del i det nordiske kultur og språkfellesskapet, er det nordiske ikkje nemnt i læreplanen for 1997. Dette har ført til tilsvarande svekking når det gjeld krava til kunnskap om nordiske språk og litteratur, og dei nordiske språka står no formelt veikare i den norske læreplanen enn tilsvarande for Danmark og Sverige.
Heng dette saman med svekkinga av dei nordiske institutta ved universiteta?
Dei nordiske lektorane har åremålsstillingar, og tendensen går meir og meir i retning av å ikkje tilsetje nye når eit åremål går ut. Dette er eit vanleg sparetiltak, utan at stillingane formelt er lagde ned. I Oslo er det ikkje tilsett ny dansklektor etter den som slutta før jul.
Dette er såkalla sendelektorar, og den mest kjende av dei danske, Erling Nielsen, vart verande ved universitetet i Oslo livet ut. Dei finske og islandske lærestolane står tomme, men blir ikkje utlyste. I Sverige har Noreg sendelektor ved universiteta i Stockholm og Uppsala, men ikkje lenger i Lund og Gøteborg. I Danmark er det norske lektorar i København og Århus, men ikkje lenger i Odense. I Finland og på Island er dei norske stillingane framleis intakt. Det er vertslanda som lønner sendelektorane, og Noreg ligg no dårlegast an når det gjeld å halde seg med nordiske lektorar.
Noreg verst
Sendelektorane må ikkje forvekslast med reiselektorane, som i regi av Foreningen Norden reiste rundt og heldt førelesingar om språk og litteratur, understrekar Vaagland. Han ser no ein liknande tendens i Sverige som i Noreg, og når først eitt land sviktar, aukar faren for at dei andre følgjer etter.
Kort fortalt held undervisinga i nordisk på å krakelere, seier Vaagland, som trur dette kjem til å få store følgjer for framtidige generasjonar.
Skal du undervise i engelsk, reiser du til England. Lærarstudentar burde ta liknande opphald i dei nordiske landa, ikkje berre på grunn av språket, men for å lære kulturen deira betre å kjenne.
Korleis ter dette seg i Finland og på Island?
På grunn av tilhøvet til Sovjet har Norden vore eit viktig anker for Finland. No er Norden mindre interessant. Samstundes er Finland faktisk tospråkleg, ettersom dei lærer både svensk og finsk der. At Island trass alt brukar så mykje ressursar på å lære eit så lite språk som dansk, er også imponerande for ei øy som ligg midt mellom USA og Europa, meiner Vaagland. Sjølv om dansk ikkje lenger er første framandspråk, er det framleis obligatorisk i grunnskulen.
(Færøyane har dansk som andrespråk. Sidan Grønland vart sjølvstendig i 1979 er det i praksis tospråkleg, også når det gjeld offentlege dokument).
Kva med litteraturen?
I Noreg er utvalet av svensk og dansk litteratur på originalspråket mykje større enn omvendt. Det same gjeld aviser. Og verken København eller Stockholm har bokhandlar som liknar til dømes Norli bokhandel i Oslo. Då Dag og Tid i fjor interpellerte norske forleggjarar om det ikkje var betre å gje ut svensk og dansk litteratur her i landet på originalspråket, enn å omsetje dei i dyre dommar, var svara negative.
Det er ein skepsis eg deler, seier Vaagland.
Nordmenn flest byrjar ikkje å lese nye danske og svenske forfattarar utan at dei har vorte kjend med dei gjennom norske omsetjingar, og det gjeld nok endå meir den andre vegen. Men når dei først har gjort det, kan det stimulere til vidare lesing på originalspråket. Via nokre kjende fekk eg høyre om ein gjeng svenske jenter som var hekta på Margit Sandemo, først i svensk omsetjing. Etter ei tid kunne dei ikkje vente på den svenske omsetjinga lenger, men kjøpte neste bok på norsk så snart ho kom ut, smiler Per Ivar Vaagland.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|