Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002

Leiar:
Ekte fellesskap

Å vera ein rik oljeproduserande stat med godt utbygde velferdsordningar har ikkje vore ein fordel for å få til ein vellukka innvandringspolitikk. I vår humanistiske naivitet har vi undervurdert kulturskilnadene. Fokus vart retta mot det Noreg hadde nok av – økonomi og sosiale ytingar.

Integrasjon er eit krevjande prosjekt som ikkje kan løysast ved hjelp av pengar. I frykt for å verta assosiert med Framstegspartiet, vart ikkje innvandringspolitikken diskutert i si fulle breidd. Mange som prøvde vart stempla som intolerante. Resultatet vart at Framstegspartiet fekk herja fritt med sine populistiske utspel og nørte opp under det som måtte vera av skepsis til folk frå såkalla framandkulturelle land.

Dei mange norske jentene som blir tvangsgifte med menn frå heimlanda til foreldra, er eit av dei mest alvorlege menneskerettsproblema i Noreg i dag. Norsk historie har ikkje hatt arrangerte ekteskap på same rigide måte som vi no er vitne til. Men det finst nok av døme på at slektsgarden ikkje vart risikert til fordel for romantiske idear om kjærleik og individuell lukke. Og Jonas Lie skildrar hjarteskjerande korleis Thinka Jæger «tudet ud under Dynen» dagen lang etter at ho måtte gifta seg med den eldre byfogden i Familien på Gilje. Men i dag er dette uakseptabelt. I dag er respekten for individuell fridom og likeverd mellom kjønna krystallklåre prinsipp.

Både dei som tvangsgifter døtrene sine og den populistiske høgresida er kulturelt sneversynte. Dei har ikkje omgrep om eller praksis for å kunne danna fellesskap mellom menneske som er ulike. I ei verd der alle lever i eit fleirkulturelt samfunn vert det eit stadig sterkare krav om å sameina respekten for menneskerettane med det som særmerkjer kvar kultur.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |