Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002
Klok på bok 552:
Eventyr
«Det må vere Gösta Ågren», var den korte meldinga frå han Jørn Hjørungnes i Oslo. Sjeldan er premiekåringa så lett!
Det som blir verre, er å fylle ut all denne plassen åleine. Det er det som er straffa når ein gir sånne oppgåver.
No får eg litt hjelp frå han Olav Molven i Bergen òg, sjølv om han ikkje svarar rett. Han tippar Katarina Frostenson frå samlinga Joner (1990) eller 4 Monodromer (1990): «Tre språkgrupper vart aktuelle; finsk-svensk, samisk og svensk. Og ti mann tok eg for meg. Men, lyrikkhylla i biblioteket var nokså mager i mengde, hadde heller få bøker med svensk tekst, og diktet fann eg ikkje. Det får no så vere, oppgåva var fin den og møtet med Katarina Frostenson, medlem av Akademien, vart interessant. Dessutan fann eg eit namn og ein tittel som eg lika godt, og difor får Klok på bok det som gåve: Bruno K. Öijer, Medan giftet verkar (1990).»
Takk for gåva! For det var vel meint som ei gåve og ikkje som ei oppgåve?
Sidan svarprosenten var så låg, prøver eg meg med litt pedagogikk: Store norske fortel meg at finlandssvenske Gösta Ågren vart fødd 3. august i 1936. Han har mange diktsamlingar sidan Kraft och tanke, som kom ut i 1955. Han har skrive romanar, høyrespel, reportasje- og essaysamlingar, og han har laga fleire dokumentarfilmar. I 1991 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for Turuilla, Städren på svensk saman med ein annan fin, finsk lyrikar, Eeva Kilpi.
Så vidt eg kan forstå, er det ikkje berre vi som skjønar svensk som har glede av lyrikken til Gösta Ågren. Lyrikktrilogien til Gösta Ågren er òg omsett til engelsk.
Januar er ein roleg månad. Snøen fell, og det gjer eg og mange med meg. Eg datt så aldeles idiotisk ned trappa her ein dag. Eg hadde ikkje vore nøyen nok med å fjerne isen, og så la det seg eit fint lag med nysnø oppå. Det verste er at eg visste så inderleg godt kor landet låg, men best som det var, låg eg der sjølv òg. Eg kom meg ikkje på føtene att sjølv, så avbakleg landa eg. Medan eg låg der og funderte på korleis dette skulle gå, høyrde eg nokon attom meg.
Eg visste at du ville falle for meg til slutt, humra ei stemme.
Eg fekk vridd på hovudet slik at eg såg i beksaumskorne hans Hønse-Martines. Det ergra meg at det var han som stod der og kneggja i skjegget.
Hjelp meg opp i staden for å stå der og akkedere, sa eg.
Ja, då får eg vel reise kjerringa, då, sa han og ville omkomast av latter.
Du din ordkløyvar, sjå til å få ræva i gir!
As you like it, as you like it, sa han med skråa sigande frå munnvika.
Det verste med det heile var at han Dale-Oskar og han Barabass hadde kome til og såg heile opptrinnet.
Slo du deg, spurde han Barabass forsiktig.
Eg børsta vekk puddersnøen, tok meg til den vonde hofta, men gjorde ikkje noko meir av det. Det skulle dei jammen ikkje få med på kjøpet, at eg var låk. Der gjekk grensa for glede-spreiing den dagen.
Han Hønse-Martines er noko for seg sjølv. Han har bu
dd åleine så å seie all sin dag, sjølv om han har hatt eit godt auge til fleire kvinner. Lenge trudde eg at han skulle få napp hjå ho Gutina utom neset, men dei var visst laga over same leisten begge to: Ho ville ikkje flytte hit, og han ville ikkje flytte dit. Det var då han Hønse-Martinus kom med følgjande kommentar:
Det må då vere lettare å flytte ei høne hit, enn å flytte eit heilt hønsehus utom neset!
Det måtte skjere seg.
Klok på bok 552
Så smukt er ingen steder
som hos et nygift par,
selv møbler der og klæder
den friske ungdom har;
med Eden er det lignet,
og ligner ej så småt.
O, der er så velsignet,
så hyggeligt og godt!
Jeg gik hvor skovens grene
ud over stien hang,
en lille fugl sad ene,
og derfor ej den sang;
men var der to ved reden,
de kvidred nok så fro;
rundt om dem var et Eden
fordi at de var to!
Alt har en duft, en tone,
et eget trylleri,
den søde lille kone
er ene skyld deri!
Een kan ej himlen finde
nej man må være to!
Jeg råder mand og kvinde:
Skynd jer at sætte bo!
Følg rådet den som vil! Eg minner om faren for at eventyret kan vere ute før ein veit året av det.
Han som eg vil fram til denne veka, er kjendis på line med Astrid Lindgren som døydde denne veka. Han er kjend både blant born og vaksne, men først og fremst for ein annan sjanger enn den eg har gitt att her. Spørsmålet er: Kven skreiv slik midt på 1800-talet.
Send svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 innan fredag 8. februar.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|