Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002
Herbjørn Sørebø:
Østers til grisgrenda
Ein gong var ein statsråd i påfallande godt humør då han kom til stortingsrestauranten for å få seg middag. Då han gjekk etter matøkta, var det ein representant for partiet hans som mistenksamt sa at i dag må statsråden ha funne på noko han trur kjem til å gjere seg godt blant veljarane, men evna hans til å bomme sviktar aldri. Slik tenkte kanskje venstrefolk kring i bygdene då dei las i avisene at landbruksminister Lars Sponheim rådde folk til å klage dersom utvalet i matbutikkane ikkje var bra nok. Ei avis presenterte statsråden med østers i klypa der han sat på restauranten i varehuset KaDeWe i Berlin. Det er ein restaurant for folk som folk er flest på dei kantar, men det er lite truleg at østers blir kooperativ daglegvare kring i grisgrendene våre. Der nyttar det ikkje å klage når koperaen blir lagd ned ein gong. Det var nok byfolk statsråden for det
gamle bygdepartiet tenkte på.
Den mest nyskapande humoren i avisene og etermedia finn ein i dei meldingane som skal vere alvor. Nå blir det fortalt at dei danske statsbanane gjerne vil køyre tog på norske skjener. Det tykkjer samferdsleminister Torild Skogsholm er spennande. Ho vil gjerne ha tevling i togkøyringa, økonom som ho er. Dei danske statsbanane ser seg om etter nye strekningar å køyre tog på etter at eit britisk selskap har fått konsesjon til å ta seg av trafikken somme stader på danske spor. Det var venta at dette britiske selskapet skulle få konsesjonen, for det er det selskapet som har stelt til med det aller verste kaoset i togkøyringa i heimlandet.
Det er rimeleg at jernbaneselskap som blir utkonkurrerte på heimebane, leitar etter skjener andre stader. Jernbaneselskapa i Norge, Sverige og Danmark har hatt uformelle samtalar om å sjå på kva dei kan få til i aust etter kvart som strekningar blir opna for tevling der. Den meldinga kan vel ha fått ein og annan til å spørje med ein skeiv flir: Har dei lokførarar til det då? Det ville iallfall vere eit såkalla relevant spørsmål, for det hender rett som det er at tog i nærtrafikken blir innstilte på grunn av mangel på folk som kan køyre toga.
EU-kommisjonen krev nå at jernbanetrafikken i medlemslanda skal liberaliserast. Innan 2006 skal dei nasjonale selskapa ha opna for tevling frå utanlandske selskap. Samstundes krev kommisjonen at jernbanetrafikken må bli tryggare. Somme ser kanskje desse krava som motstridande, og med god grunn. Vi kan berre tenkje på korleis det har gått med å tryggje trafikken på engelske jernbanespor etter at jernkvinna Margaret Thatcher dreiv gjennom privatiseringa. Den skal ha sans for svart humor som ler av dette.
I fullt alvor har ein nordmann planlagt å starte ein skiskole i Danmark. Planen byggjer kanskje på den gode tanken å spare norske sjukehus for innrykk av skadde. Det er betre at dei danske skielevane får spjelka beina sine der dei høyrer heime. Vi har ventelister som er lange nok frå før. Det er nok ein marknad for ein skiskole i Danmark, men har dei bakkar til det?
Humor er det i media, ja. Børsrally-selskapet Opticon og Fast Search & Transfer har vore verd ikring sju milliardar kroner, men har ikkje noko produkt å vise til, og inntekta er ikkje større enn det eit vanleg hushald har å rutte med. Slikt kan ein berre ta humoristisk.
|