Dag og Tid nr. 5, 2. februar 2002
Bøker:
Lite tablå, stor ramme
Vesen er ein teknisk god debut, der forfattaren nyttar fleire halve former i staden for ei heil, skriv Anders A. Fitje om første romanen til Eirik Ingebrigtsen.
Eirik Ingebrigtsen:
Vesen
Oktober forlag
«Ein liten gut ser ned på hunden sin. Dei er støypte i same form, vil alltid vere samankopla, eit stykke porselen i vindaugskarmen til ekteparet Selvik. Kan du inte tala? står det med kvite, utståande bokstavar under. Hunden og guten har det same milde uttrykket i fjeset, fargane er mjuke, pastellvariantar og blankemalje.» Slik opnar Vesen, debutromanen til Eirik Ingebrigtsen. Dette vesle tablået trekkjer til seg merksemda til hovudpersonen Greger Fresting, hovudfagsstudent i etnologi. Han er ein forsiktig observerande forteljar, og med han som guide inviterer denne starten til sakte lesing; lesing av detaljar, små miniatyrar og tablå, stilleben som finst rundt han. Desse delane av romanen kunne vore ingrediensane til ei novelle, for dei har stilen ein kjenner frå noveller; korte og lett ymtande miljøskildringar, små lommer der tida står stille, kledeleg vage smaksdommar. Desse delane er vellukka,
dei er godt handverk, dei får lesaren til å stogge opp og undre seg med forteljaren.
Greger har ein tendens til å leggje merke til miniatyrar: flaske-skuter, fotografi, akvarium. Han er ein god observatør, og slik han sjølv etter kvart skal heim til folk og sjå korleis dei bur og kva dette fortel om dei, skal vi følgje med: som ikkje-deltakande observatørar i det som etter kvart vert eit lite stykkje sosiologi i romanform.
Den episke sida av romanen, der Greger bryt opp og reiser etter at kjærasten har forlate han, har eit meir rastlaust og planlaust preg: «Skal eg ikkje berre reisa og leggja meg sjølv til sides, skal eg ikkje berre pusta ut, koma meg vekk, festa blikket på heilt andre ting, setja meg i bilen, kjenna farten og kilometerane eg legg bak meg, dra Greger ut av Greger sjølv, dra Greger vekk frå Ylva? Skal eg ikkje leita etter ei problemfri tid?»
Han dreg ut, vekk frå dei små tinga og ut i verda på måfå. Han prøver seg først som jordbærplukkar, seinare som støvsugarseljar.
Det som er problemet til Greger, og som eg meiner er sjølve problemet til romanen, er at Ingebrigtsen tek miniatyrverda med ut på vegen, fører ho over i ei større form som ho ikkje passar i. Her er mange fine detaljar som hadde kome betre fram i ein mindre samanheng, men som druknar litt i dette at hovudpersonen alltid skal vidare, vidare. Det vert for planlaust og famlande, og spennet i historia er heller ikkje stramt nok til at ein held på interessa heile vegen.
Vis meg heimen din, og eg skal fortelje kva støvsugar du har. Som støvsugarseljar får Greger høve til å kome heim til folk, der han held fram observeringa si som han ikkje kan stengje av. Han kan heller ikkje flykte frå den han er, ein som ikkje kan unngå å sjå folk si liding, einsemd og sorg slik dei framstår heime hjå dei. Dette er fint i romanen, og møta med einsame menneske er fint fortalt. Men dette hadde etter mi meining vore meir vellukka i novelleform. Den weltschmerz som Greger tek inn over seg, tapar litt av effekten i den store ramma som dette etter kvart blir sett inn i.
Slik det no vert, får romanen ein påteken romantisk og klisjéfylt slutt der kjærleiken ser ut til alltid å finnast der for hovudpersonen, i enden av regnbogen som han etter kvart skal reise mot.
Eirik Ingebrigtsen er ein god forteljar, ein flink observatør og ein sterk menneskeskildrar. Spørsmålet er om han i Vesen skulle minska formatet og late dei nære tinga kome meir til sin rett.
Anders A. Fitje
|