Dag og Tid nr. 24, torsdag 14. juni 2001
Forsking:
I felten hos nynazistar
Nynazistar må møtast med ansvarleggjering og ikkje demonisering, seier forskaren Katrine Fangen. I En bok om nynazister utdjupar ho emnet.
ROALD HELGHEIM
Katrine Fangen går i rette med militante antifascistar, særleg i Blitz-miljøet i Oslo, som meiner kontakt med nazimiljøet er forkasteleg uansett, og som meiner dei må fordrivast med knallhard konfrontasjon. I eit brev til Norges forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora har Blitz-talsmenn til og med stilt spørsmål ved om det i det heile tatt er forsvarleg med ein feltarbeidstudie av nynazistar, opplyser ho i boka si.
Eit slikt feltarbeid gjorde Katrine Fangen i 1993-94. Seinare har ho intervjua ei rad personar i det nynazistiske miljøet, og publisert rapportar og artiklar om emnet. En bok om nynazister byggjer på doktoravhandlinga hennar frå 1999, og er den første publikasjonen hennar i bokform på eit vanleg norsk forlag (Universitsforlaget). Katrine Fangen er den forskaren som mest har stått i fokus for kritikk frå det militante miljøet, men ho er ikkje åleine.
Det har alltid vore motsetningar mellom mesteparten av akademikarane og aksjonistane, seier Katrine Fangen, som meiner kriminelle handlingar utført av nynazistar skal straffast som andre kriminelle handlingar, men at det langsiktige målet må vere å få flest mogleg ut av miljøet.
Frå DDR til Norge
For henne var det nesten tilfeldig at ho byrja å forske på dette feltet. Opphavleg var ho opptatt av ungdomsopprør og andre fenomen i Aust-Tyskland etter murens fall. Ho snakka med kommunistisk ungdom, anarkistisk ungdom og nynazistar som hadde etablert seg der alt før 1989. Etter å ha skrive magisteravhandlinga si vart ho kontakta av UNGforsk, som ville ha ei undersøking av rasisme, nasjonalisme og nazisme blant norsk ungdom. Det var utgangspunktet for doktoravhandlinga som det no har vorte bok av, omskriven og oppdatert til og med drapet på Holmlia.
Opningskapittelet handlar om ein heller dramatisk tur til ein nynazistisk rockekonsert i Göteborg saman med tre jenter som var kjærastar med kjende norske nynazistar. Fangen hamnar opp i situasjonar som blir ein alvorleg tankestillar i høve til korleis ho skal vere i høve til miljøet: Å markere avstand, men likevel møte dei på lik fot, interessert som ho er i å finne ut kva som rører seg i tankane og førestellingane deira. Om dei er berre 150 i talet, representerer dei eit miljø som i januar i år var opphav til eit rasistisk mord.
Boka skildrar framveksten av det nynazistiske miljøet i Norge dei siste tjue åra, klassebakgrunnen, og i eit interessant kapittel prøver ho å finne ut kva dei eigentleg står for ideologisk. På slutten av boka drøftar ho moglege vegar ut av miljøet, og motsetninga mellom demonisering og amsvarleggjering. Dei må ta ansvaret for handlingane sine, men vi må også tiltru dei evna til å forandre seg, er konklusjonen.
Valden viktigast
Men når vi trass alt snakkar om ei gruppe på rundt 150 personar, er dei verd all denne merksemda?
Dei har ingen innverknad på samfunnet når det gjeld å spreie nazistiske idear. Det er som valdeleg gruppe dei er farlege, og utviklinga i den retninga har tydeleg skote fart dei siste åra. Holmlia-drapet ber bod om det. Der gjekk dei over ein viktig terskel. I Sverige har ei slik utvikling vore i gang i lengre tid. Men den valdelege utviklinga blant nynazistar må også sjåast i samband med valdsspiralen elles i samfunnet, seier Fangen.
Bak alle symbola er det som samlar dei nynazistiske gruppene motstanden mot innvandring. Men det når det gjeld å spreie innvandrarfiendskap i resten av det norske samfunnet, er det andre parti og organisasjonar som har mykje meir å seie. Det samfunnet må gjere andsynes nynazistane er å setje klåre grenser for handlingane, men det greier ikkje å fjerne haldningane deira, seier Katrine Fangen.
Det som bind dei saman
Men når du i boka konfronterer folk med kva dei eigentleg står for, er det eit samansurium av ureflektert tankegods meir enn ein fasttømra ideologi. Kva får du ut av det?
Dei som har vore lengst i miljøet er dei mest overtydde, men det er mykje tvil og tru som kjem fram når du går inn på dei. Du merkar også ein viss sjølvironi, fordi dei veit at det dei står for er fjernt frå røyndommen. Samstundes er det ofte dei nye som er viljuge til å gå lengst i valdelege haldningar, for å vise at dei er noko. Det ideologiske spriket når det gjeld haldningar til jødar, muslimar, holocaust, nasjonalisme og nazisme har likevel lita praktisk tyding. Det er lite ideologisk diskusjon innover i miljøet.
Fangen viser at det som bind dei saman er eit fellesskap av utstøytte, for det meste deklassert arbeidarklasseungdom, som ikkje har noko anna fellesskap å gå til. Ei demonisering av dei verkar berre til å sveise dei endå tettare saman. Det er som å jage narkotika-ungdom frå stad til stad i Oslo.
Du skriv også om Blitz-ungdom som har gått over til nynazistane. Kor mange er det?
Det kan eg ikkje talfeste, men det er ein del. Felles for dei er nok at dei har blitt med i eit aksjonsfellesskap utan særleg ideologisk ballast, men mest fordi det er tøft å vere med i gata og slåst. Då kan vegen vere kort til den andre sida.
Avstand og respekt
Turen du skildrar til Sverige utsette deg for sterke psykiske påkjenningar. Kor redd var du?
Eg kjende meg ikkje trygg, men eg var ikkje livredd. Eg hadde ei tilsvarande oppleving på ein fest eg vart dregen med på i Norge, og som eg ikkje fekk lov å gå frå. Eg meiner eg har klart å halde ein balansegang mellom å markere avstand og ta dei på alvor som forskar. Eg har aldri inngått privat vennskap med nokon av dei, men eg har kome nær inn på somme av dei, seier Katrine Fangen, som trur ho som kvinne har hatt ein fordel når det gjeld å få folk i tale. Ho har også late folk frå miljøet lese gjennom ting ho har publisert.
Stort sett har det vore få kommentarar, men ein del av dei unge nye skal ha mislikt ein del av det eg har trekt fram. Eg har møtt ein del sårbare menneske, og folk som blir sentimentale i fylla. Elles har eg noko av den same røynsla som advokatar som har med valdsforbrytarar å gjere. Olav Hestenes, som forsvara nokre av dei verste av dei, sa at det alltid er eit menneske bak.
Potensialet
Katrine Fangen meiner det kan visast til positive resultat når det gjeld å få unge nynazistar ut av miljøet, men at det alltid er ein fare for tilbakefall, slik det er blant vanlege kriminelle som skal vende attende til eit samfunn son har stigmatisert dei. Då svenske aviser gjekk saman om å offentleggjere namn og bilde på det meste av nynazistar i Sverige, var det folk på veg ut av miljøet som også vart hengt ut. Kampanjen medverka til å drive dei attende i falden, og Fangen meiner noko liknande ville vere forkasteleg i Norge. Med det meiner ho sjølvsagt ikkje å gå mot kritisk og avslørande journalistikk om kva som går føre seg i nazimiljø.
Men eg saknar skikkeleg, analytisk journalistikk om emnet. Media er ofte ute etter sensasjonsoppslag, sjølv om dei heldt seg i skinnet etter Holmlia-drapet. Det var ei hending som skaka samfunnet på mange måtar, også til ettertanke, meiner Katrine Fangen.
Som forskar har eg arbeidd med dette emnet i mange år. Det som opptek meg meir og meir er kva samfunnet gjer for å aktivere dei mogleikane som finst. Dette må gå hand i hand med å skape trygge nærmiljø. Dei som medverkar til å skade nærmiljøet må stillast til ansvar på lik line med alle andre. Men eg har opplevd så mange paradoks innanfor det miljøet eg har forska på. Det kunne ha vore brukt mykje meir enn det blir gjort, når det gjeld å påverke einskildpersonar til å bryte ut, seier Katrine Fangen.
|