Dag og Tid nr. 22, torsdag 31. mai 2001
Bøker:
Tor Ulvens prosa
Med Tor Ulvens Prosa i samling er eit viktig arbeid sluttført. Forfattarskapen ligg nå føre i så godt som fullstendig utgåve, i tre flotte band.
Tor Ulven:
Prosa i samling
Gyldendal
For Tor Ulven (1953-1995) er ein sentral forfattar, ved sida av Jan Kjærstad og Jon Fosse truleg den sentrale forfattaren som har debutert i Noreg dei siste 25 åra. Og han står åleine når det gjeld posisjon, når det gjeld status og påverknad av heile det litterære feltet.
Ei kort melding som dette, kan sjølvsagt ikkje yta rettferd mot dei seks innbyrdes ulike prosabøkene. Og for dei av dykk som alt har lese desse bøkene, har eg lite og ingenting å seia. Så eg vender meg først og fremst til deg som ikkje kjenner Ulvens prosadikting frå før, for å forsøka å forklara for deg kva det er du kan venta deg.
Frå lyrikk til prosa
Tor Ulven var lyrikar frå 1977 til 1989, og prosaist frå 1988 til 1995. Som lyrikar var han så å seia monomant oppteken av tilhøvet mellom augneblinken og æva, eller rettare sagt mellom me som tenkjer her og nå og det som bare står att som minne om det som har vore:
Han/ som skrapte halvblinde// encefalogrammer/ på huleveggen, endte/ med å sette i scene// dyret./ Det løsnet// og sprang.
Ein kunne og burde seia mykje meir om dette. Men det som i alle fall hender her, er at mennesket og spora etter mennesket inngår i eit spel, i ei ombytting av posisjonar. Han som skapte biletet er borte. Men biletet sprang ifrå han, det sprang ifrå augneblinken det blei til i. Det kom inn i det varige, og står att for oss som kjem etterpå.
Dette prosjektet, som altså er prosjektet til lyrikaren Tor Ulven, held fram i den første av prosabøkene, Gravgaver frå 1988. Til dømes i den andre av fragmenta i boka, ein tre sider lang refleksjon kring ei grammofoninnspeling frå 1953 av eit klassisk stykke. Ikkje fordi alle fragmenta handlar om kunst. Men dette gjer det altså. Og sjølve grunntanken, at kunstverket står att etterpå, er den same som i diktet ovanfor. Men i prosatekstane går han lenger. Han nøyer seg ikkje med sjølve grunnrisset, men utvidar det til ei form for assosiativ masse. At hostet frå ein publikummar blir like varig på plata som musikken. At instrumentkassane står der som statuar, eller som tause figurar i eit fastfrose skodespel. At han sjølv var ei veke gammal då innspelinga blei
gjort, og derfor underforstått var like umælande og uvitande som ein instrumentkasse. Og så vidare. På denne måten blir den reinskorne tanken frå diktet involvert i eit enormt spel av assosiative glidingar av meining, eller rettare sagt av meiningslause kjeftar som står der og gapar etter at me skal leggja meining inn i dei. Og på denne måten blir me involverte i ein ny måte å tenkja på, i eit alternativt tankesystem der det tilvande forsvaret vårt mot mangelen på meining i tilværet blir utfordra.
Vidare
Den andre boka som tydeleg står i forlenginga av det lyriske prosjektet er den siste, Stein og speil frå 1995. Og her er sambandet på ein måte endå meir direkte, sidan fleire av desse korte tekstane faktisk er omarbeidingar av upubliserte dikt. (Dette er det gjort greie for i etterordet til Samlede dikt frå i fjor.) Men også dei andre prosabøkene to novellesamlingar, ei fragmentsamling og ein «roman» skriv seg fram som ei form for framhald av den lyriske delen av forfattarskapen. Til dømes er det eit fragment i Fortæring frå 1991 der han som fører ordet, kjem til ei slette der han trudde det skulle vera fest. Men nå er det ikkje nokon der, så han blir sitjande åleine og sjå på ein utsliten sandal som nokon har slengt ifrå
seg. Og der, i bileta av sletta utan fest og sandalen utan brukar, ligg det noko anna enn i holemåleriet og grammofoninnspelinga: Merka etter bruk i sandalen er på same måte som kunstverka teikn etter menneskeleg aktivitet. Men her er det teikna som har gjort tingen verdilaus, som har gjort at han ikkje lenger er det han skal vera. Og korleis kan ein sjå på ei slette at dette er ei slette utan fest? Kva merke er det som har avsett seg der, anna enn i medvitet til han som kom dit med forventningar om å møta folk? Slik held forfattarskapen altså fram, i ei rørsle som med sitt aukande fokus på det mellommenneskelege både er eit framhald og går i nye retningar. Og som, med sine referansar til surrealismen og eksistensialismen, aldri sluttar å fascinera og uroa meg.
Sluttpoeng
Slik er det altså. Det eg ikkje har fått tydeleg nok fram, er at Tor Ulven er ein språkleg meister. Han har ein krystallklar diksjon, ei form for kald presisjon som står perfekt til søkinga ut av det menneskeleg nærverande. Dessutan vil eg ha nemnt at myten om den uforståelege Ulven bare er tull. Det som var uforståeleg for 20 år sidan, er grei skuring i dag. Faktisk.
Og vekas blomsterbukett går til bokdesignaren Aud Gloppen. Framifrå arbeid. Prosa i samling og Samlede dikt utgjer eit par, og dei høyrer heime saman med Claes Gills Ord i jærn og Paal-Helge Haugens Haiku, som dei finaste norske bøkene gjennom tidene.
Hadle Oftedal Andersen
|