Dag og Tid nr. 21, fredag 25. mai 2001

Bøker:

Sjeldan debut

Det er sjeldan ein debutant står fram med slik kraft som Carl Frode Tiller. Han er ferdig utvikla som forfattar frå første side, og han formidlar stoffet med suveren autoritet og litterær finesse.

Carl Frode Tiller:
Skråninga
Aschehoug

Carl Frode Tiller er frå Namsos, født i 1970, utdanna historikar med

hovudoppgåve om sagbruksarbeidarane i Namsos. Dessutan er han leiar og låtskrivar for bandet Kong Ler. Han er busett i Trondheim. No debuterer han med ein roman, skriven på nynorsk. Det er i seg sjølv gledeleg at eit av dei store forlaga ryddar plass for ein nynorskdebutant, det skjer ikkje altfor ofte. Men det mest gledelege er romanen Skråninga, som er oppsikts-vekkjande god.

«Reinvasking»

Det er ei oppvekstskildring sedd gjennom ein sinnsforvirra person. Han er innlagd og under behandling, og ein del av behandlinga er å skrive seg gjennom sitt eige liv slik han oppfattar det og har opplevd det. Sjølve skriveprosessen blir ei slags reinvasking for eitt eller anna som plagar han, og reinheitsritual og reinheitsmani styrer det vaksne livet hans: løping, situps, armhevingar, dusjing og klesvask, dag ut og dag inn i denne sirkelen som også språket blir ein del av: «Eg må skrive utan å stoppe opp (...) la det renne og flyte gjennom meg.»

Det han prøver å sirkle inn, er sin eigen oppvekst, der noko skar seg, kanskje frå starten, kanskje på eit eller anna seinare tidspunkt. Foreldra er solid arbeidarklasse, men samtidig sosiale taparar i småbymiljøet. Faren drikk heime og på arbeid, kjører i fylla og mistar jobben. Mora er feit og tungpusta og utan kontaktflater. Det er ein familie som har tapt alle illusjonar om eit verdig liv, om samhald og sameksistens i eit lokalmiljø. Dei held ikkje ein gong ut med kvarandre, men trekker seg bort og inn i seg sjølv til trøstespising og trøstedrikking, og når dei samtaler, er det for å krenke og såre kvarandre etter beste evne. Dei foraktar seg sjølve og hatar kvarandre og samfunnet rundt seg. Midt oppi dette finst eit sårbart og nærtakande barn som slit med det same problemet som møter foreldra: den sosiale utstøytinga, mobbinga og fornedringa.

Mistar styringa

Mora dør, og guten blir plassert hos fosterforeldre. Faren held kontakta ei tid, men glir meir og meir i bakgrunnen. I det nye tilværet går det rimeleg greitt fram til puberteten, fosterforeldra grip til og med fatt i mobbinga på skolen, men forteljaren blir likevel aldri godtatt av dei andre som venn og kamerat. Han søker saman med eldre, halvkriminelle rusmisbrukarar, skulkar skolen, er oppfarande og vanskeleg å ha i hus, og ein dag blir han kasta ut av fosterforeldra, rimeleg nok etter som han forgrip seg på den mindreårige dottera i huset.

No mistar han meir og meir styringa over sitt eige liv, fantasi og fakta glir over i kvarandre, og omsider blir han tatt vare på av det psykiatriske helsevesenet. Han blir plassert i institusjon, og det er her han sit og skriv ned si historie.

Det som utløyser skrivinga, er meldinga om at faren er død og at han skal i gravferda om nokre dagar. Dermed går det eit kjenslemessig ras gjennom forteljaren, og alt han har opplevd, dukkar opp hulter til bulter, på impuls, som assosiasjonar og minneglimt, utan kronologi og umiddelbar samanheng. Likevel heng det heile saman, for han sirklar og sirklar kring sentrale hendingar i livet sitt der hans eiga skam og skyldkjensle overfor det han oppfattar som store og uutslettelege svik, ligg gravlagd, noko han har sett og opplevd og aldri fått bearbeidd og gjort seg ferdig med.

Intenst

Det handlar sjølvsagt om foreldra, hatet og mangelen på omsorg i oppveksten, men det handlar like mykje om ei keitete ømheit som aldri fekk livs- og vekstvilkår innanfor familien. Det er her Skråninga løftar seg til eit intenst og lysande psykologisk portrett av eit hjelpelaust og kontaktsøkjande barn som brenn inne med alle sine kjensler, eit barn som hemnar seg ved å trekke seg inn i seg sjølv og aldri gi seg til kjenne av frykt for konsekvensane. Først no, når alt er for seint i forhold til mora og faren, opnar han slusene og lar all den oppdemde og innestengde kjærleiken renne fritt og usensurert. Og han vedgår at kanskje var det hans skyld at mora døde så tragisk, kanskje var det hans skyld at nabojenta døde, kanskje var det hans skyld at alt skar seg fordi han aldri prøvde å forhindre at det skulle skjere seg. Det er dette samvitet han slit med og prøver å komme i rette med.

Kontant og kraftfullt

Det er scenar i denne romanen av sjeldan kunstnarleg kraft. Dei ber i seg ein desperasjon og ei fortviling som berre den sanne diktaren kan formidle og løfte fram som allmenngyldig og sannferdig, og dette meistrar Tiller på ein svært overtydande måte. Scenen i skråninga i hogstfeltet der mora dør framfor auga på sonen og den fulle faren, har dimensjonar av klassisk gresk tragedie, meisterleg fortetta, monumental som bilde av det meiningslause.

Språket er kontant og kraftfullt og kler både den ytre realismen og den indre, subjektive monologen som kvernar og kvernar rundt dei svarte punkta av dårleg samvit og forvirra røyndomsoppfatning. Det oppstår ein slags rituell monotoni gjennom dei mange gjentakingane både språkleg og i komposisjonen, og denne rituelle monotonien er ein viktig del av det menneskesinnet som blir filtrert gjennom Tillers språk. Tiller har sjølv peikt på Jon Fosse som inspirator saman med den franske ny-romanen, og det er lett å sjå at han har henta ein del både i språk og komposisjon frå dei kantane. Skildringane av eit hallusinatorisk og febrilsk menneskesinn gir fort assosiasjonar i retning av Hamsuns Sult, men ingen ting av dette verkar usjølvstendig og imiterande, snarare tvert om; det ligg der som nødvendig basis for Tillers eigen tekst.

Ferdig utvikla

Det er sjeldan ein debutant står fram med slik kraft som Carl Frode Tiller. Han er ferdig utvikla som forfattar frå første side, og han formidlar stoffet med suveren autoritet og litterær finesse. Om ein skal trekke fram ein annan debutant frå det siste tiåret som i si tid stod fram på ein liknande måte, må det bli Thure Erik Lund. Også der var alt på plass og ferdig utvikla frå debuten av. Og det er samtidig ein viss parallell mellom Lund og Tiller i måten dei grip an stoffet og i måten dei skildrar den intelligente sosiale taparen som kjører løpet heilt ut, kompromisslaust og med fatale konsekvensar.

Eg ser med stor forventning fram til Carl Frode Tillers neste bok.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |