Dag og Tid nr. 14/15, 5. april 2001

Engasjementet:

Samfunnsmennesket

Hulda Garborg var inga bunadskledd valkyrje på heiltid. Livet hennes var mykje meir enn dans. Ho var eit levande menneske, eit spennande menneske, ei sterk kvinne som utfordra samtida si og fekk gjennomgå fordi ho braut grenser for kva skikkelege kvinner kunne gjere ustraffa.

Signaturen R.H. skriv i Dag og Tid 22. februar 2001 om den amerikanske skodespelarinna Joanne Woodward, kjend for Oscar-pris og ei lang rekkje roller i store filmar. R.H. fortel at i eit leksikon frå 1991 står det under namnet Woodward at ho er gift med Paul Newman, og så handlar leksikonteksten for det meste om han, ikkje om henne.

I dette perspektivet er det kanskje ikkje så merkeleg at vi som gjekk på skolen for fleire tiår sidan, først og fremst lærte om Hulda Garborg at ho var kona til Arne. Når det gjeld Hulda sine prestasjonar ut over det å vere gift med Garborg, så minnest nok dei fleste noko om bunader og folkedans.

Engasjert

Det mange ikkje veit, er at Hulda var ei av dei aller mest produktive kvinnelege forfattarane på 1890-talet, og at ho, så vidt eg veit, enno i dag er den norske kvinna som har skrive og fått oppført flest teaterstykke her i landet. Ho gav ut over 30 bøker, dei fleste skodespel og romanar. Ho var engasjert i tida ho levde i, og kasta seg ut i aktuell debatt, skreiv i avisene, heldt foredrag, reiste rundt og debatterte og agiterte og gneistra. Ho var eit samfunnsmenneske med eit aktivitetsnivå som kan ta pusten frå ein.

Hulda Bergersen var fødd på Stange i Hedmark i 1862. Etter konkurs og skilsmål i familien voks ho opp hos mora. Ho har skrive at familiehistoria deira var ein tragedie, og ein kan spekulere på om Arne Garborg sin gledelause barndom var så mykje verre enn hennes. Ho fekk lite utdanning, men den ho fekk var ho nøgd med, og ho forsynte seg målretta av livets skole. Som barn gjekk ho på Gløersens jenteskole på Hamar. Gløersen var inspirert av Grundtvig og Rousseau og prega henne heile livet.

I hovudstaden kom ho i kontakt med Christiania Arbeidersamfund, der ho opplevde Bjørnson, dyrka Wergeland og vart del av eit aktivt og radikalt miljø. Her fann ho Garborg. Dei flytta til Kolbotnen som anarkistar og urokråker i lokalmiljø og kulturliv, fekk etter ei tid nok av primitivt hytteliv, reiste rundt i Europa og slo seg ned saman med andre kunstnarar på Labråten i Asker. Hulda var vaken og sosial, ho vart kjend med naboar og bygdefolk – og med Garborg sine vener og kollegaer i den kulturelle eliten. Ho las bøker og tidsskrift på fleire språk, følgde med i tida og framstod som ein intellektuell kulturperson. Mens Garborg med åra gjekk inn i seg sjølv, vende ho seg utover. Ho vart ikkje trekt med i depresjonane hans, og fordi dei hadde hjelp i huset, kunne ho bruke tida si slik ho sjølv ville.

Nasjonal og global

Vi finn to hovudliner i engasjementet til Hulda Garborg: Den eine er det nasjonale: Nasjonalt sjølvstende, kulturell sjølvkjensle, fornorsking utan nissehuvekultur: ei aktiv rolle i verdssamfunnet.

Den andre er Rousseau-inspirasjonen: Respekt for det naturlege, motstand mot urbanisering og industrialisering, menneska skal leve i pakt med naturen og sin eigen natur.

Ho såg ingen motsetnad mellom det nasjonale og det globale. Og nasjonalismen hennes var utan kulturimperialisme. Ho klaga over at europearane var i ferd med å øydelegge klassisk handverkstradisjon i Japan, og ho var tidleg ute med å støtte truga og undertrykte kulturar og folkegrupper. Indianarane vart ei merkesak for ho, og ho reagerte på korleis afrikanarar vart behandla i Amerika – og på England sin politikk overfor koloniane og innvandrarar frå kolonilanda.

Norsk idealbilete

Dei mange reisene i inn- og utland gav støtte for teoriane og verdisynet hennes. Ho fortel om industri, ureining, sjukdom og økonomisk utbytting, korrupsjon, slum og fattigdom ute i verda. Kontrasten er livet blant frie, glade bønder på bygdene i Noreg. Det hender at dette norske idealbildet kan bli noko for perfekt og lytefritt; alt var ikkje berre idyll her til lands heller. Men dei mørke sidene ved det moderne samfunnet på tidleg 1900-tal var nok meir synlege mange andre stader.

Mykje tyder på at Hulda sitt absolutte idealsamfunn finst på Færøyane. I romanen Fru Evas Dagbog frå 1905 fortel ho om eit oppdikta øysamfunn, som liknar mykje på skildringane ho elles har skrive frå Færøyane. Menneska på idealøya er frie og glade, dei syng i arbeidet og hjelper kvarandre. For dei er livet ei gåve og døden ein venn, og fordi dei lever sunt og i pakt med naturen, finst ikkje sjukdom eller helsevesen. Dei livnærer seg av fangst, fiske og sauehald, og rikdommen er ein stor barneflokk. Mennene lever hardt og farleg i den ville naturen, og dei sterke kvinnene er stolte av mennene sine.

I denne boka skildrar ho kontrasten: industrisamfunnet. Ho fortel – for hundre år sidan – at folk bur i boligblokker, dei køyrer bil, heis og sporvogn, kjøper seg livseliksirar og går på mosjonsinstitutt.

Provoserte

Hulda sitt arbeid med å finne fram til og skape respekt for ekte norsk språk, folkedans, viser og folkedrakter bygde på eit politisk grunnsyn. Dette var mange år før kongelege ungar dansa i leikarring, og lenge før bunad på 17. mai vart eit must hos borgarskapet i byane. Norsklærarar som i dag slit med å motivere ungdom for nynorskundervisning kan trøyste seg med at ting kunne vere verre: Da Hulda arbeidde med å etablere eit nynorsk teater i hovudstaden, måtte politiet gripe inn overfor gymnasiastane; overklassen som demonstrerte mot bondekultur og målsak.

Arbeidet med folkedansen provoserte mange, ikkje minst fordi dans tradisjonelt har vore knytt til fyll og fest og umoral. Men folkeopplysning var ei av oppgåvene hennes. Ho var tilhengar av moderne pedagogikk; læring gjennom praktisk arbeid i staden for teori. Jenter burde lære det dei treng som kvinner, mødrer og husmødrer, ikkje alt mogleg anna.

I mange år styrte ho matspalta i bladet Den 17. Mai og fekk tittelen Noregs matmor. Ho var tilhengar av sunn kost, og kunne jamvel ha ein viss sans for Mussolini, fordi han innførte brød av sammale mjøl. Men politikken hans fann ingen nåde.

Pasifist

Hulda var sterkt kritisk da den første kvinna tok plass i Stortinget, men eit par tiår etter sat ho sjølv i kommunestyret i Asker – for partiet Venstre. Ho kom sjølv frå små kår, og ho støtta dei svake, tok parti for arbeidarar i streik og viste omsorg for vener og kjende. På besøk i Vatikanet filosoferte ho over dei som har finansiert all stasen – eit utarma folk av tiggarar, mens guds-huset lyser av gull og glitter.

Ho var opptatt av jordlover, at alle som kan arbeide, skal eige ein bit jord – for da vil dei også ta vare på fedrelandet sitt. Ho var sterkt kritisk etter eit besøk i kommuniststyrte Åsnes kommune i 1925. Etter første verdskrigen vart Hulda pasifist.

Når det gjeld religion, hadde ho eit ope og spørjande sinn. Ho las Buddha og kjende att mykje av si eiga naturkjensle hos han, men var opptatt av at ingen har monopol på sanninga i slike spørsmål.

Antifeminisme

I fleire av romanane skreiv Hulda om kvinner som blir ulykkelege fordi dei ikkje vil innsjå at det viktigaste innhaldet i ei kvinne sitt liv er mannen, barnet og kjærleiken.

I 1904 kom boka Kvinden skabt af Manden, der ho gav den klåraste framstillinga av denne moralen. Det vart storm rundt denne boka, ikkje minst fordi mange meinte at handlinga i boka var sjølvbiografisk og dreidde seg om samlivet mellom Hulda og Arne. Inspirert av den austerrikske Nietzsche-dyrkaren Otto Weininger skildra Hulda i boka korleis kvinna alltid vil vere slave av sitt kjønn og sin natur. Denne boka plasserte Hulda i antifeminismen; reaksjonen mot kvinnesaka rundt 1900. Andre antifeministar var Sigrid Undset, Ellen Key og Laura Marholm. Den siste var den klåraste; ho hevda beint ut at kvinna utan ein mann er eit tomt hol!

Boka provoserte også skikkelege borgarar, fordi ho handla om ei kvinne med erotiske drifter, noko som også var tema i skodespelet Edderkoppen. Reaksjonen mot dette stykket var så sterk at stykket vart stoppa. Arne trøysta Hulda med at det var ikkje fordi det var dårleg, det var fordi ho vart for farleg for karane.

Stor kontaktflate

Hulda levde store deler av livet sitt midt i ein krins av sentrale kulturarbeidarar. Ho var ofte i lag med folk som styrte offentleg debatt. Ho fekk informasjon og inspirasjon frå desse miljøa, og her fann ho tilhøyrarar for eigne tankar og meiningar. Arne og ho delte tankar og inspirerte og støtta kvarandre. Det var ikkje berre han som påverka ho! I miljøet deira var det vanleg at folk sette tankane og meiningane sine i blada. Terskelen for å opptre som offentleg person var lågare enn blant folk flest.

Hulda sat i styre og råd, ho hadde Spellaget og Det Norske Teatret, dansegrupper og kommunestyret. Ho reiste på turne landet rundt og kjende folk overalt. Ho hadde ei svær kontaktflate og var ikkje redd for å provosere. På reisene samla ho kunnskap og inspirasjon og heldt foredrag. Og ho skreiv: Meldingar, debattinnlegg, dagbøker, opplysningsskrifter, romanar, skodespel og bøker om alt frå husstell til Rousseau og indianarar. Lite av dette er å oppdrive i dag; i beste fall kan ein komme over ei og anna av bøkene hennes på antikvariat.

«Mangla idealisme»

Kven var personen Hulda? Ho hadde eit stort og breitt engasjement og eit kolossalt aktivitetsnivå. Ho levde i ei tid da det meste var meir tungvint enn i dag – tenk berre på det å reise. Ho hadde ei problematisk fortid og ein hardt plaga ektemann. Kor tok ho energien frå? Kva var drivkrafta? For å våge seg utpå slik ho gjorde, trongst både mot, idealisme og kanskje ein viss mangel på sjølvkritikk. Ho sa sjølv at ho mangla idealisme, men at sjølvkritikk hadde ho rikeleg av. Det ser ikkje ut til at dette har stoppa ho.

Tor Obrestad skriv i Hulda-biografien sin at slik som Hulda spreidde engasjementet sitt, er det ikkje å vente anna enn at ikkje alt ho gjorde vart like godt. Han seier også at det kan verke som om liv og lære ikkje heng heilt i hop for Hulda, at personen sjølv heller ikkje heng riktig i hop.

Eit openbert sprik hos Hulda er tilhøvet mellom den kvinnerolla ho proklamerte og det aktive og utoverretta livet ho sjølv levde. Ut frå teoriane hennes er kjærleiken, mannen og barnet det einaste rette livsinnhaldet for ei kvinne. All anna sjølvrealisering bygger på falske verdiar og gjer menneska ulykkelege, seier ho. Det er ikkje uvanleg at folk som uttaler seg så generelt som ho gjer, ekskluderer seg sjølv frå den sanninga dei forkynner. Men mange, både bokmeldarar og andre, har spekulert over dette og over ekteskapet og livet hennes. Var aktiviteten hennes ein kompensasjon for det ulevde livet?

Braut grenser

Sjølv ønskte ho å halde dei private tinga for seg sjølv. Hulda var nok inga bunadskledd valkyrje på heiltid. Livet hennes var mykje meir enn dans. Eg vil ikkje spekulere over ekteskapet og kjærleikslivet hennes, men gå attende til det eg starta med: Vi må ha rom for Hulda som hovudperson, ikkje berre sjå ho i relasjon til ektemannen. Det er godt dersom vi kan få eit heilare bilete av personen Hulda gjennom Garborg-året. Ho var eit levande menneske, eit spennande menneske, ei sterk kvinne som utfordra samtida si og fekk gjennomgå fordi ho braut grenser for kva skikkelege kvinner kunne gjere ustraffa.

Etter utdelinga av Hulda-prisen den 8. mars i 2001 las eg i ei avis at Hulda var kvinnesakskvinne. Det var ho ikkje. Men ho var mykje meir enn kona til Arne Garborg.

I 1927 sat ho i Paris og heldt vareoppteljing over livet sitt. «Eg hev alltid gått etter mi kjensle,» skreiv ho i dagboka. «Eg gjekk dit eg måtte gå. Gjorde det eg måtte for å vera meg sjølv. Eg hev vore ærleg mot meg sjølv. Men den som freistar leve ærligt og utan kunster etter si eiga kjensle fær svide – vonbroti vert som mange og store at ein vert som ein flådd sau, gleda vert ein sjeldan gjest, og vanvyrdnaden og hykleriet og humbugen kring ein vert til ei pine, som aldri slepp taket i ein.»

Vigdis Nyhus

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |