Dag og Tid nr. 14/15, 5. april 2001
Leiar:
Krafta
Det er underleg, men kanskje ikkje så rart. Det er underleg at Hulda Garborg for ettertida stort sett blir hugsa for å ha vore kona hans Arne Garborg, for å ha grunnlagt den nye norske bunadtradisjonen, for å ha innført songdansen i Noreg og truleg også for å ha vore med på å skipe Det Norske Teatret. Hulda Garborg var ei godt synleg samfunns- og kulturkraft og ein tydeleg forfattar i si samtid, men er nærast usynleg i vår tid, og det er nok i stor monn Arne Garborg som i dag skuggar for utsynet til Hulda Garborg. Det korkje er eller var Arne Garborgs skuld. Han stilte seg ikkje i vegen for Huldas mange engasjement. Snarare tvert imot.
Noko av forklaringa finn vi i mekanismar som diverre verkar sterkt i samfunnet vårt, for Hulda Garborg er vanskeleg å plassere i skjema for det politisk korrekte skjema som blir sette opp av dei som dikterer den kulturelle dagsordenen i hovudstaden. Ikkje var ho korrekt feminist, i staden hissa ho på seg mange av dei samtidige feministane, ho kjempa for norskdom samstundes som ho var ihuga internasjonalist, ho var radikalar og ho var kvinne.
Garborgåret er brukt for å trekkje Hulda Garborg fram frå det historiske tussmørkret. Det er ikkje urimeleg. Mange har lurt på kva Garborg ville ha vore dei siste åra av livet sitt utan ei Hulda som gjorde sitt for å halde han gåande. Garborgane utgjorde også eit kulturelt og åndeleg sentrum for den veksande norskdomsrørsla, men det var Hulda som var den utoverretta kulturentreprenøren og ho var ein av dei største kulturentreprenørane dette landet har hatt, som også let etter seg ein stor forfattarskap. Difor fortener Hulda Garborg eit eige år når tida kjem i 2012.
Audun Skjervøy
|