Dag og Tid nr. 14/15, 5. april 2001
Hulda og kvinna:
«Et Stykke oprigtigt Kvindepsykologi»?
Berre to, skriv Hulda Garborg i dagboka 20 år etter at Kvinden skabt af Manden kom ut, kunne vete «hvor fjernt det skildrede ægteskap i den boken er fra at ligne vaart».
Då den danske forfattaren Karl Larsen (1860-1931) gav ut boka En Kvindes Skriftemaal i 1901, skreiv Hulda Garborg til han:
«Da jeg saa Bogens Titel, tænkte jeg naturligvis strax: det var dristigt af en Mand! Men jeg tror ingen Kvinde selv kunde gjort det saa sandt og fint. Vi Kvinder kan nu engang ikke lade være at pynte os bevidst eller ubevidst, til vor Fordel eller Nachtheil! Ihvertfald har jeg aldrig set en Kvinde skrive nøgternt om sig selv».
Denne kommentaren til Hulda Garborg er interessant på fleire vis. For det første føregrip ho Otto Weininger sin karakteristikk av kvinna som heilt igjennom løgnaktig. Når han seinare skriv om «Die Verlogenheit der Frau» i si omstridte bok Geschlecht und Character (1903), er det noko Hulda Garborg kan kjenne att og seie seg samd i. Ho vart svært oppteken av denne boka, slik det går fram av dagboka hennar frå denne tida. Ho kjende seg skiftesvis råka og provosert, og gjekk i ein slag dialog med Weininger sine tankar i Kvinden skabt af Manden, som ho ga ut i april 1904. Men boka hennar hadde vel òg eit vidare sikte: «Ypperlig anledning til å få sagt en del sandheder til kvindesagskvinderne og kvindeforagterne», skriv ho i dagboka i februar 1904.
Ekteskapeleg ulikskap
For å illustrere meiningane sine fletta ho inn ei ekteskaps- og kjærleikshistorie som vert fortald av hovudpersonen fru Eva sjølv. Og denne historia har trekk til felles med Karl Larsens En Kvindes Skriftemaal. Liksom Hulda Garborg let han ei kvinne skildre kvifor ekteskapet hennar går i stå. Hos båe forfattarar er årsaka at mann og kone er så ulike i sin seksualitet: ho er lidenskapeleg, men finn ikkje atterklang hos ektemannen, som hos Karl Larsen er ein tørr og korrekt embetsmann med ei altoppslukande interesse for målarkunst. Kona kompenserer med ein svermerisk religiøsitet; Hulda Garborgs fru Eva reagerer meir rasjonelt ved å kaste seg over arbeid, når ho endeleg har kome over ein akutt depresjon. «Nå er det arbeidet jeg lever på». Det som har interessert
Hulda Garborg hjå Karl Larsen, er nok nettopp skildringa av ei kvinne som ikkje får utfalde seg i eit erotisk lykkeleg samliv med mannen.
Mann og barn
Med dette vil eg på ingen måte seie at Hulda Garborg har plagiert Karl Larsen. Det er vel snarare slik at han med boka si har rørt ved noko som ho òg var oppteken av? Eller skreiv ho som ho gjorde berre for å provosere? Då Kvinden skabt af Manden kom ut, var det særleg eitt trekk kritikarane merka seg og som særleg kvinnesakskvinnene kritiserte: Bodskapen om at for ei kvinne var kjærleiken til mann og barn det viktigaste i livet, framfor alt kjærleiken til mannen. Dessutan trekte dei fram eit par andre aspekt: For si tid talar boka ganske ope om kvinners erotiske drifter og lidenskapar. Og ho vart oppfatta som sjølvbiografisk (og sjølvutleverande) langt på veg. Soleis skriv til dømes Ragna Nielsen i Morgenbladet:
«Bogen er skrevet i Form af en Selvbiografi. Om den i Virkeligheden er dette eller Jeg-Formen kun er brugt for at gi Skriftemaalet større Virkeligheds- og Sandhedspræg, kan være Leseren ligegyldigt. Den er i ethvert Tilfælde en betydelig Bog, et Stykke oprigtig Kvindepsykologi».
Kvifor Hulda Garborg valde eg-forma framfor den meir nøytrale og distanseskapande tredjeperson-forma, kan ein vel berre gisse om. Kanskje ho gjerne ville gje det tilbodet om nærleik og identifikasjon som eg-forma opnar for, samstundes som bruken av andre namn enn hennar eige, og ei rekkje andre endringar i ytre omstende (Evas mann er forskar, ikkje forfattar, ho har fleire barn, ikkje berre eitt; dei bur i byen, ikkje på landet osb.) skapar ein viss naudsynt avstand. Boka var òg gjeven ut anonymt, liksom framhaldet Fru Evas Dagbog som kom året etter, slik at her låg ei dobbel sikring mot å identifisere fru Eva med fru Hulda. Det oppstod likevel snøgt rykte om at det var Hulda Garborg som hadde skrive Kvinden skabt af Manden. Sist i mai 1904, seks vekers tid etter at boka var komen ut, noterer Hulda
Garborg i dagboka at alle spør henne etter den, og «Især hvem forfatteren er.»
Sjølvbiografi?
Ragna Nielsen kallar altså boka eit «Skriftemaal», og slik kan ho nok lesast. Om ein held seg til det personlege planet, kunne ein òg karakterisere henne som ein sjølvanalyse, og i eit vidare perspektiv som eit forsøk på å sjå om den kvinnelege hovudpersonen vert råka av Weininger sine nedslåande karakteristikkar av kvinna, og om dei altså er gyldige. Svaret er langt frå eintydig, liksom det heller ikkje er mogeleg å svare eintydig ja eller nei på spørsmålet om historia til fru Eva er sjølvbiografisk. Ragna Nielsen ser ut til å meine at ho er det på det psykologiske planet. Andre, til dømes Tor Obrestad i biografien Hulda (1992), har peika på at mange ytre omstende ved livet og ekteskapet til fru Eva svarar til Hulda Garborgs eige, og at
mange av stemningane til fru Eva minner om slike som Hulda Garborg sjølv kunne gje luft i dagboka si, eller skreiv om i andre høve.
Men i dagboka skreiv ho tjue år etter at Kvinden skabt af Manden var komen ut, da ho hadde lese boka på nytt, at ho måtte le når ho tenkte på korleis «folk med vold og makt vilde ha hende [fru Eva] til at være mig», for dei var på mange vis heilt ulike. Og berre to, skriv ho vidare, kunne vete «hvor fjernt det skildrede ægteskap i den boken er fra at ligne vaart som kritiken vilde ha det til en ublu skildring av ja, i visse maater motsatt det.»
Fakta i fiksjon
Det var likevel ikkje slik at Hulda Garborg skydde sjølvbiografisk stoff når ho sjølv skreiv. Eg tenkjer ikke først og fremst då på dei minnebøkene ho ga ut, Fra Kolbotnen og Andetsteds frå 1903 og Barndomsminne frå 1935, men like mykje på at ho nyttar røynsler og hendingar frå sitt eige liv i fiksjonsverka sine. Den naturalistiske debutromanen Et frit Forhold (1892) byggjer til ein viss grad på hennar eiga fortid som butikkdame hos manufakturhandlar Dobloug i Kristiania; dramaet Edderkoppen (1904) er langt på veg ei skildring av elskarinna til faren hennar, ei kvinne som både Huldra og systrene hennar kjende ganske godt. Tor Obrestad peikar òg på at det truleg ligg ei reell historie bak forteljinga om fru Eva og
«Bjørnen», som ho forelskar seg i til vanvit, sjølv om historiene knapt er identiske i alle detaljar. I ei fiksjonsforteljing kan ein jo prøve ut ulike løysingar, for å sjå for seg kva for vending ei sak kunne ha fått om det vart handla slik eller slik. Den verkelege personen bak «Bjørnen», korleis ville han t.d. ha reagert om Hulda Garborg hadde skrive til han at ho ville bryte opp frå ekteskapet og følgje han? Ville han òg ha funne at moralen hennar ikkje var «ganske i orden»?
Det som i alle fall verkar sant og ekte i denne delen, er skildringa av den kjenslestormen som reiser seg i fru Eva under samværet med «Bjørnen» og i tida etterpå. Til liks med fru Eva, reiste Hulda Garborg på ei lengre rekreasjonsreise til Færøyane (sumaren 1902), ei reise som i Fru Evas Dagbog er skildra som ein freistnad på å finne ei meining med livet att etter at «Bjørnen» braut med ho.
At Arne Garborg òg nytta omstende frå Hulda Garborgs liv i sine bøker, er velkjend nok; det gjeld ikkje minst mor hennar, som var modell til mellom andre fru Holmsen i Hjaa ho Mor (1890). Det er ikkje noko merkeleg i dette; alle kunstnarar brukar stoff og røynsler frå sitt eige liv, meir eller mindre ope. For Hulda og Arne Garborg var det vel òg eit program, i alle høve i tidlege fasar av forfattarskapane deira eit ekko av bohemens motto: «Du skal skrive ditt liv».
Kvinden skabt af Konen
Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde i Anledning Dr. Otto Weiningers bok: «Geschlecht und Charakter» vekte som nemnt oppsikt og debatt. Reaksjonane kom ikkje berre i form av meldingar og omtalar i pressa, men nokre ungdomar skreiv jamvel ein parodi, Kvinden skabt af Konen. Studie i anledning af Student Hansens Bog: «Dette med kjønnene», som vart trykt same året. Forfattarane var anonyme, men ikkje ukjende; det var det unge paret Bendix Ebbell og Clara Thue Johnsen, som seinare gifte seg med kvarandre. Han vart forfattar av gutebøker, ho var oppteken av kvinnesak og skreiv biografiar om kjende kvinner. Også Kvinden skabt af Konen (ei tynn flis på vel 50 sider) vart populær, om ein skal døme etter dei fire opplaga som følgde tett etter kvarandre, og det trass i at ho er
ganske platt. Det interessante med parodien er at forfattarane har vore provoserte av nett det same som Aasta Hansteen og kvinnesakskvinner flest mislika mest, at fru Eva og kvinner generelt er skildra som kjønnsvesen og berre det.
Boka er bygd opp med om lag same struktur som Hulda Garborgs bok, med eit innleiande og avsluttande essay om student Hansens filosofiske skrift, og med ei innlagd forteljing kalla «Manden skabt af Kvinden». Eg-forteljaren er ei livsglad, middelaldrande kvinne som er gift med ein langt eldre mann, her ein vissen ordboksforfattar som for lengst har slutta å interessere seg for henne som kvinne. Ho lever for barna, kvinneklubben og for erotiske draumar knytte til livskraftige unge menn som dukkar opp i livet hennar, til dømes ein kjekk vindaugspussar, som diverre er kjærasten til kokkepika. Ein dag kastar ho seg i armane på ein «olympisk Gud», som viser seg å vere bybodet som kjem med ullteppe frå systera hennar. Deretter svimar ho av og vert trøysta av ektemannen sin, på nett same vis som fru Eva i Kvinden skabt af Manden.
Mykje av den parodiske effekten ligg i at hovudforteljinga følgjer Garborg-teksten så tett, og i at forfattarane ordrett siterer frå Hulda Garborg si bok, eller òg vrir på sitata slik at dei vert overdrivne eller karikerte. Eit døme: Hulda Garborg sluttar første del av essayet om Weininger slik:
«Gjennom oss fullbyrdes mysteriet. Vi har fått vår plass i allnaturens allerhelligste. Kan jeg så misunne mannen, som sliter der utenfor med livets mangehånde gårdsguttstjenester! Og kan jeg så ønske å bli mann! Nei, jeg misunner ikke mennene, for de er de forfordelte. Hvor rike er vi ikke i forhold til dem! Vi, som har både barnet og mannen. Vi, som har den hele, udelte, evige kjærlighetsevne. Vi, som er mysteriet! Treet med røttene i den dype jord og kronen høyt imot himmelen. Vi som føder mannen!»
Dette er i Kvinden skabt af Konen blitt til: «Og gjennem mig fuldbyrdes Mysteriet. Jeg føder Manden. Naturligvis, min Mand føder ogsaa mig, med sine mangehaande Gaardsgut-Tjenester. Men jeg føder Gaardsgutten.»
Det er høg patos i Garborg-sitatet, og det kan vere forståeleg at somme meiner det blir for mykje av det gode. Men Hulda Garborg var ikkje åleine om slike tankar i tida, og seinare forfattarar som til dømes Nini Roll Anker gav uttrykk for liknande kjenslefylde synspunkt på kvinna sine oppgåver og drifter i nokre av bøkene sine.
Tvitydig tekst
Som nemnt tidlegare er Kvinden skabt af Manden ein tvitydig tekst. Tor Obrestad finn ingen ironisk distanse i skildringa av fru Eva, men eg er samd med Anne Birgitte Rønning (i ein artikkel i Modernismens kjønn, 1996) i at der finst mykje ironi i forteljinga om henne og det kvinnemiljøet ho ferdast i. Desse kvinnene har hatt illusjonar om livet og kjærleiken, men har det ikkje lenger, og det skildrast som låtteleg av fru Eva å gå i den fella atter ein gong. Kanskje er det først og fremst ein slag etterpåklokskap som kjem til synes her, ei livstrøytt gjennomskoding av kjærleikens vanskelege kår.
Når paret Ebbell/Thue Johnsen kunne skrive ein harselas som Kvinden skabt af Konen, kan det hengje saman med at dei ikkje har sett denne ironien. Men Hulda Garborgs tekst er tvitydig, og ho har stilt seg lagleg til for hogg frå kvinnesakskvinnene sin leir, som ho òg heilt klart var medveten om. Ho kommenterer ikkje Kvinden skabt af Konen i dagboka si, i alle fall ikkje i den trykte (og sensurerte) utgåva frå 1962.
Die Verlogenheit der Frau
Meinte Hulda Garborg det ho skreiv om kvinna sitt vesen i Kvinden skabt af Manden? Vert lesaren klokare på kvar ho stod i denne saka?
Ein kan i alle fall slå fast at ho destabiliserer meininga med det stadige omkvedet «die Verlogenheit der Frau», som ho hadde lånt frå Otto Weininger. Utsegna kan sjølvsagt uttrykkje tvil hos den som skriv: Er eg no så ærleg som eg gjerne vil vere?
Men ho kan òg fungere som ei maske skrivaren kan gøyme seg bak for kva skal ein tru er sanninga om kvinna, når ho som fortel eller resonnerer, heile tida insisterer på at ho lyg? Sjølve utsegna er problematisk i seg sjølv: Dersom ei kvinne hevdar at kvinner er løgnaktige, må det òg vere ei løgn. Tyder det så at kvinner i røynda er sannferdige?
Det har vore vanleg å gå til dagbøker og brev, dersom slikt materiale finst, for å finne ein fasit på spørsmål om kva ein forfattar eigentleg meinte. Hulda Garborgs dagbøker eksisterer. Men kan ein stole på dei? Ho nemner fleire gonger i dagbøkene at ho veit dei vil bli lesne og brukte når ho er borte, og det er rimeleg at ho vel orda sine med omhu, og ikkje seier alt.
Kanskje det næraste ein kjem sanninga er noko ho skreiv i brevet til Karl Larsen, sitert innleiingsvis her, og i innleiinga til dei sjølvbiografiske oppteikningane Fra Kolbotnen og andetsteds som ho ga ut året før Kvinden skabt af Manden? «Det som staar paa disse Blade er vidst og sandt i alle Maader: men negative Løgne er der sikkert mange af. Jeg har en lykkelig Evne til at glemme alt, som ikke klæder mig.»
Jorunn Hareide
|