Dag og Tid nr. 6, torsdag 8. februar 2001
Soudabeh Alishahi:
Forfølgd i Iran, fribyforfattar i Oslo
Forfattaren Soudabeh Alishahi vart sensurert og forfølgd i heimlandet Iran. No har ho fått ein fristad i Oslo.
Cecilie N. Seiness
Eg prøver å kjenna meg trygg her, men det er vanskeleg. Eg seier til meg sjølv at eg framleis kan skriva og at eg kan venda attende til eit normalt liv med normale kjensler. Eg må byrja på nytt her, men eg saknar landet mitt, mannen og sonen min, seier Soudabeh Alishahi.
I 1999 gav ho ut novellesamlinga Blå og raud, ei samling med kvinnehistorier frå heimlandet. Etter den tid har ho skrive ei ny novellesamling og ein roman. Begge bøkene vart stoppa av sensuren i Iran. Soudabeh Alishahi har vorte forfølgd, arrestert, truga og trakassert på grunn av forfattarskapen sin. Ho kan fortelja at ho har vorte teken til stader ho ikkje har visst kor var, vorte sperra inne i leilegheiter i dagevis, vorte slått og mishandla.
I dag kan slikt henda for alle forfattarar i Iran.
No bur 37 år gamle Soudabeh Alishahi i Oslo saman med dottera si på 16 år. Ektemannen hennar som òg er forfattar, og sonen er framleis i Teheran. Det gjer Soudabeh uroleg.
Fyrste i Oslo
Soudabeh Alishahi er den fyrste fribyforfattaren i Oslo. På same viset som Stavanger i fleire år har teke imot forfattarar som er forfølgde i heimlandet, har òg hovudstaden innført ordninga. Byen skal frå no av ta imot forfattarar som treng ein stad dei kan skriva utan å verta forfølgde og sensurerte.
Situasjonen er utruleg vanskeleg for forfattarar i Iran. Skriv ein noko som ikkje fell i smak hjå styresmaktene, hamnar ein i fengsel og vert straffa. Det religiøse styret i Iran hindrar både ytringsfridom og religionsfridom.
I 1997 vart Mohammad Khatami vald til president i landet. I byrjinga av hans styretid såg mange intellektuelle, forfattarar og journalistar lysare på sjansane for å ytra seg fritt, men trua på politisk fridom og kvinnefrigjering varte ikkje lenge. Mange spør seg no om Khatami har gjeve opp å løysa grepet dei konservative religiøse kreftene har på det sosiale og politiske livet i landet. Trass i at reformistane kontrollerer dei viktigaste institusjonane innanfor det parlamentariske systemet, er dei på defensiven.
Soudabeh Alishahi var med i ei gruppe med iranske forfattarar som prøvde å starta ei uavhengig forfattarforeining som skulle arbeida for ytringsfridom og menneskerettar. Gruppa sette i gang arbeidet i byrjinga av Khatami sin presidentperiode. To av initiativtakarane vart drepne. Andre forfattarar som var med i gruppa, vart arresterte. Forfattaren Mansour Koushan, som òg var med i arbeidet med å danna ei uavhengig forfattarforeining, er no fribyforfattar i Stavanger.
Forfattarar og journalistar hadde det betre i byrjinga av Khatami si styretid. Det var då den fyrste boka mi kom ut.
Khatami prøvde å gje folk fridom, men han har ikkje klart det. No har kulturministeren gått av, seier Alishahi.
I desember 2000 gjekk den liberale kulturministeren Ataollah Mohajerani av. Han fekk mykje av æra for ei oppbløming i kunst og uavhengige medium i byrjinga av Khatami sin periode, men vart utsett for intense angrep frå dei konservative islamistane for kulturpolitikken han førte. Førre året var fleire aviser stengde og sensuren skjerpa. Journalistar og redaktørar har vorte arresterte. I april 2000 vart 17 iranske intellektuelle arresterte etter å ha delteke på ein konferanse i Berlin der ei iransk kvinne dansa med nakne armar.
Ikkje religiøs
Då Alishahi var fire år gammal, vart far hennar skoten under sjahregimet. Då ho var 14, døydde mora. Då ho var 16, byrja den muslimske revolusjonen i Iran. Same året gifta ho seg. Soudabeh Alishahi kjem frå sør i Iran, Khorramshahr. Ho har skrive ei novelle frå byen som vart øydelagd i krigen mellom Iran og Irak. Eit ektepar går gjennom byen etter øydeleggingane. Kona er frå byen, mannen er frå ein annan del av landet. Mannen kan ikkje forstå dei varme kjenslene ho har for heimbyen og kor vondt ho opplever øydeleggingane og krigen. Ei anna av historiene hennar heiter «Forsvinning». Den skreiv ho med utgangspunkt i eigne opplevingar. Familien fekk aldri sjå faren etter han vart drepen, han berre forsvann.
Eg har skrive den historia til mor mi.
Etter at Alishahi hadde fått to barn, byrja ho å studera på universitetet. Det er ikkje vanleg i Iran at ei kvinne som har barn, studerer. Ho las engelsk, men fekk ikkje bli lærar på dei høgare skulane fordi ho ikkje var rettruande.
Etter at ein er ferdig med utdanninga, sjekkar styresmaktene om ein er eit godt religiøst menneske. Er ein ikkje det, får ein ikkje arbeid som lærar. Dei meinte at eg ikkje var eit godt religiøst menneske, så eg har berre vore privatlærar. I Iran var eg redd for å seia at eg ikkje er eit religiøst menneske. Dei drep ein for slikt.
Ingen politikar
Ho har skrive om kvinner før, under og etter revolusjonen, men ser ikkje på seg sjølv som feminist.
Eg vil gje eit bilete av korleis både menn og kvinner har det i heimlandet mitt. Eg vil syna den kulturelle situasjonen i Iran.
Har du ein politisk bodskap med det du skriv?
Nei, eg elskar litteratur og meiner litteratur som berre er politikk, ikkje er litteratur. Eg er ikkje politikar. Eg vil skriva om menneske i landet mitt.
Alishahi har mellom anna skrive ei historie om ei kvinne som sit i fengsel. Ho har drepe mannen sin på grunn av den kulturelle situasjonen.
I Iran vert ein straffa for ei slik historie.
Håpar du på å få omsett noko av det du skriv til norsk?
Dersom det finst ein omsetjar, ville eg gjerne at bøkene mine skal omsetjast til norsk. Då kan eg halda fram som forfattar, for då har eg framleis lesarar. Eg kunne ønske at nordmenn kunne bli kjent med litteraturen vår og med korleis kvinnene har det i landet.
Korleis har du vorte motteken her i landet?
Formannen i forfattar-foreininga, Karsten Alnæs, har teke svært godt imot meg. Dotter mi og eg har fått ei leilegheit der me kan bu i eitt år. Dottera mi har byrja på den internasjonale skulen, men ho lengtar heim og saknar vennene sine. Alle dei eg har møtt her, prøver å hjelpa oss. Eg hadde ikkje forventa at folk i Noreg skulle behandla oss så godt, seier den iranske forfattaren.
|