Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001
Roald Helgheim:
NRK som farse
Når den galopperande NRK-såpa endeleg resulterte i at styreleiar Torger Reve tok hatten sin og gjekk, var det eit uunngåeleg mageplask til ein som openbert har misforstått rolla si. Det vitnar ikkje minst den siste fallitten hans om, ein sjefkandidat med revisor-kunnskap frå Norske Skog som vart for sterk kost sjølv for eit styre dominert av næringslivsfolk. Utviklinga må også vere ein tankevekkjar for den kulturministeren som var svært så ivrig til å kvitte seg med den siste rest av politisk innsikt i styreleiinga, då Kåre Willoch måtte gå. For her dreier det seg ikkje om vilje til «fornying», «modernisering» eller ikkje. Det gjeld eit minstemål av forståing for kva institusjonen NRK er for noko.
Veteranen Erik Bye sa her i avisa at NRK-huset har vore styrt av marknadsfolk som tel opp hovud, men som ikkje spør om kva som er inni hovuda. Penge- og konkurransesamfunnet har skapt rot i skallane til NRK-leiinga, seier ein journalist som aldri har kvidd seg for å gå nye vegar. At lekkasjane har forsura styret sitt arbeid, tvilar vi ikkje på. Men for ein utanforståande er det heile den halslause måten NRK-leiinga har stupt inn i ein ny mediesituasjon på, som har vore den mest iaugefallande. Og kven andre enn ein så profilert NRK-leiar som Tom Berntzen får høyre at institusjonen pustar letta ut når han går?
Etter krigen var NRK ein institusjon for å byggje landet. Difor var det ein kommandopost Arbeidarpartiet såg på som like viktig som Norges Bank, Norges Statsbaner, Televerket og andre sentrale institusjonar å sikre seg makta over. Haakon Lie forstod dette betre enn nokon. Og sjølv om kringkastingssjefane etter Kåre Fostervoll med vekslande hell ville mjuke opp den i røynda konservative politiske bastionen, var den sterke styringa også ein garantist for at det var eit mål og ei meining bak. I denne situasjonen er Einar Førde på same tid den første verkelege «fornyaren», og den siste representant frå den gamle tid. Med sitt breie politiske erfaringsgrunnlag er han den siste leiartypen av eit slag som snart ikkje er å oppdrive. Han var med på å starte den politiske moderniseringa av Arbeidarpartiet, men like viktig: Han var den retoriske meisteren partiet tydde til når det gjaldt å setje mot i og kveikje den politiske elden på eit trist partilandsmøte ein eigenskap han delte med
Einar Gerhardsen og Reiulf Steen på sitt beste. Det siste gjetordet går om korleis Førde på juleavslutninga i fjor, i den fullsette NRK-kantina, med den same retoriske meisterskap, greidde å elde ei forsamling som på førehand mest likna ein flokk fordømde på veg til skafottet (dette er ein lekkasje!). Etterpå var det berre å syngje «Deilig er jorden» av full hals.
Det kan så vere at den kaotiske prosessen har skremt eventuelle kandidatar frå å melde seg på. Men å ta over etter Førde blir uansett som å hoppe etter polakken Adam Malysz i den siste hoppveka. Og dei ansvarlege må forstå at om det er ein institusjon som no treng ein slags jarnkanslar med både politisk, journalistisk og økonomisk innsikt, så er det NRK. I så måte var det avslørande å høyre ein Torger Reve som i TV 2s «Tabloid» sa til ein forbløffa Pål T. Jørgensen at kombinasjonen politikk og journalistikk må NRK kvitte seg med!
NRK er inne i ein dramatisk omstillingsperiode. Samstundes kan institusjonen framleis skryte av ei makelaus oppslutning, trass gnyet frå alle dei interne rabaldermøta vi har høyrt om. Men den oppslutninga vil ta slutt om institusjonen gjev på båten det beste i sin eigen tradisjon. Vi har sett nysatsingar bli lagde ned før dei er i gang. Vi har sett NRK kaste millionar ut vindaugo i å satse på eit «nyhetsblikk» i NRK2 som var så oppsiktsvekkjande dårleg at det alt har forlist. Samstundes som ein legg ned eit kvalitetsprogram i radioen (Ønskediktet) som kostar ein slikk og ingenting. Og sjølv om det alltid er fiaskoane som får størst nyhendeverdi, verkar det som om institusjonen har stupt inn i den digitale medieutviklinga utan mål og meining. Kva rolle fagorganisasjonen har spela i dette anna enn som permanent klagemur, er ikkje lett å sjå. (Døme: ein hysterisk reaksjon på ein prøveballong for den muligens framtidige radiokanalen «Alltid jazz»).
Når ein så stor og viktig kulturinstitusjon må gjennom ein så dramatisk prosess som no, er det ikkje fleire som berre kan debet og kredit som trengst i leiinga. Det finst ein rådande sjefsideologi i eit ambulerande sjefssjikt om at kan du leie ei verksemd, kan du leie kva anna verksemd som helst. Kva ulukker det har ført til, har samtida gitt oss fargerike døme på.
Trusselen mot NRK er ikkje ei ny «politisk» tilsetjing, men det motsette.
Roald Helgheim
|