Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001

Klok på bok 499:
Utilpass

«paula, vores heltinde udi bøgernes verden... denne gang var det s’gu nemt nok... forfatteren vi skal frem til, er jo ham, der virkelig kan skrive kærlighedsromaner, jens christian grøndahl... sitatet er hentet fra den lille, men ak så dype ‘indian summer’ fra nittenhundreogfireoghalvfems... en bok der sarkastisk portrætterer kunstnermiljøer, befolket av mennesker, som i egen indbildning er vældigt avancerede... den mandlige fortæller er selv lidt af et skvat, og han er nærmest blind for de ulykker, han spreder omkring sig... vi er glade for at du har læst bogen, paula!... til gengæld skal vi ha den fornøjelse å læse jeres jule-avis, men ikke før end juleaften, mens vi venter i spending på vores julegaver... ha en god jul både på posten, og i blad-stuen! sndre og lars helge (der nok har en ‘gammel dansk’ på lur!
)

Ja, dei skriv slik, sndre. Namn skal ein ikkje leggje seg opp i korleis folk skriv, sjølv om guten elles brukar å heite Sindre.

Takk for julehelsing. Jaudå, vi hadde det hyggeleg på julaftan. Men det er rart med det når ein er van med å ete pinnekjøt. Men han Barabass og forloveden skal få sleppe å kannibale med slikt, må vite. Vi åt lutefisk og lefser med god drykk til. Utpå kvelden hadde vi ein lokal variant av Klok på bok. Han Dale-Oskar har rom på rom med bøker frå golv til tak. På omgang trekte vi tilfeldige bøker frå hyllene og las utdrag som resten skulle finne ut kva var. Han Johannes vann. Han klarte til og med Vesterålsk ordbok av Ove Orvik. Han tok det på ordet «mannskitstangar», som er små fisk som står under kaiene, oftast småsei. «Mannjsjitstangar – det e bære kattfessk», las eg i boka. Han Johannes har bokhylle på do, og meiner at oppslagsverk høver godt dei småstundene han sit der. Det er vel systera hans i Bø som har sendt ordlistene til bygds, tippar eg.

Utifrå det heite tipset tippa Stein Erik Finne i Bergen på Indian Summer. Ingebjørg Aagre i Arendal tok sjansen og fekk rett. Morten Haugen på Brekstad var innom Brøgger, Edwardsson, Palm, Nesser, Davidsen og Holst før han let det stå til med Jens Christian Grøndahl utan å sjekke meir.

Thor Henriksen i Oslo var aldri i tvil: «Boka er ‘Indian Summer’ (1997) av dansken Jens Christian Grøndahl, født 1959. Romanen kom på norsk i 2000. Jeg-personen er August (se Hamsun) som helt fram til midtlivskrisa klemmes mellom de sterkt elskende Gustav og Alma (se Mahler, eller Penelope). Hans viljeløst velvillige forsøk på å elske Harriet ender heller slett. Språklig ukorrigert overtas handlingsrommet til slutt av neste generasjon ved Almas datter Becky. Det er ei fascinerende lita bok om ordenes begrensete mening, om sansenes håndtering av (tapt) kjærlighet, og med en melankolsk-etisk undertone som kanskje smitter av på leserens posisjon.»

Sindre og Lars Helge får premien frå bladstova denne veka. Gratulerer!

Det var rart å stå opp 2. januar 2001 og ikkje opne postkontoret. Eg vart sitjande å mimre om han som hadde posten før meg, han Post-Børre. Eg ser han føre meg med flagrande frakk og skinnhuve framoverbøygd på den gamle mopeden på veg med posten rundt bygda. Eg trur aldri at han i sin villaste fantasi ville ha trudd at postkontoret ein gong skulle bli nedlagd. Ikkje ville han ha likt det noko særleg, han heller. Jaja.

Klok på bok 499

Der er for eksempel noget nyt med mine hænder, en bestemt måde at holde om piben eller gaflen på. Eller også er det gaflen, der nu har en bestemt måde at lade sig holde på, jeg ved det ikke. For lidt siden, da jeg var på vej ind i mit værelse, standsede jeg brat, fordi jeg følte noget koldt i hånden, som fastholdt min opmærksomhed med en slags personlighed. Jeg åbnede hånden og så efter: jeg holdt simpelt hen på dørhåndtaget.

Desse linene er henta frå side 12 i romanen med namnet som kan gjere mange utilpass. Forfattaren hadde eit forhold til det andre kjønnet. Eg har henta sitatet frå den danske utgåva av boka som eg òg har på svensk, men det må de ikkje late dykk lure av. Kva heiter forfattaren og boka?

Skriv til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, bladstova@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 innan onsdag 17. januar.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |