Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001
Sørebø:
Sterk kost til trøyst
Det er merkeleg korleis hendingar og opplevingar flettar seg saman i ein spesiell situasjon. Her ligg ein hugstur på sjukehus og ventar på å få operert ei tå som det har sett seg vondt i. Då sendar fjernsynet Ni liv, soga om Jan Baalsrud som skar av seg tærne for å hindre at det vart kaldbrann. Så kjem ein god ven innom, og til trøyst har han med seg ei bok. Det er Et liv i isen av Jan Ove Ekeberg, soga om polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm, mannen som var med på alle dei store polferdene som gjorde landet vårt til ei polarmakt kring det førre hundreårsskiftet. Otto Sverdrup, Nansen og Amundsen vart verdsnamn. Kokken Adolf Henrik Lindstrøm som heldt liv i heltane med god og rett kost, kom i skuggen.
Langt ut i boka kjem ein ikkje før det står om livet for kokken Lindstrøm. På Sverdrup-ekspedisjonen i farvatna i nord ved Grønland får han vondt i ein fot. Legen som var med på ferda, gjorde sjølvmord det kom for dagen at han var morfinist. Foten til Lindstrøm blir verre og verre. Smerta breier seg opp i leggen og låret, der det veks opp ein stor verkebyll. Det er ikkje anna råd Kaptein Otto Sverdrup må ta på seg oppgåva som kirurg. Både pasienten og amatørkirurgen stålset seg. Otto Sverdrup tek fram ei stor tong, køyrer den inn i såret og dreg til. Berre så det er nemnt: Bedøving kjem ikkje på tale. Etter å ha rota litt i såret må dei gje opp, for pasienten toler ikkje meir. Det gjer heller ikkje amatørkirurgen og assisterande. Pasienten glid inn i søvn. Både amatørkirurgen og mannskapet kjenner at dei treng ein fest. Den
varer til klokka tre om natta.
Det var litt av ein nyttårsfest, forstår vi. Etter kvart greidde kokken Lindstrøm å skåle, han også, men det viste seg at amatørkirurgen ikkje hadde fått ut sjølve verkemora. Den reiv han ut tre dagar etter, og litt etter litt kom Lindstrøm seg så mykje at han kunne ta til med kokinga igjen, men for å seie det som det er: Skildringa av operasjonen om bord på Fram var sterk kost til trøyst for ein mann som venta på å få operert ei tå som det sat vondt i.
På alle ferdene i pol-områda var kokken Adolf Henrik Lindstrøm den mannskapet samla seg om. Han var alltid i godt humør, sette kveik i alle, og han fann løysingar på mange problem når andre stod fast. Roald Amundsen meinte at mannen var eit teknisk geni. Lindstrøm var tidleg oppe om morgonen, laga «hotcakes» (ei blanding av amerikansk pannekake og eiga oppskrift), og han steikte biff av sel- og moskus-kjøt som gjer det fortent at namnet hans blir hugsa på matkart kring i verda framleis. Det viktige var likevel at Lindstrøm heldt mannskapet friske, frie for skjørbuk og andre sjukdommar som livet i isen kan føre med seg og som tok livet av mannskapet på mange ekspedisjonar.
Når nokre få menn skal leve så nær som dei gjorde på polferdene, er det forståeleg at alle ikkje kjem like godt ut av det med kvarandre. Mellom Otto Sverdrup og Lindstrøm var det litt spent i periodar. Jan Ove Ekeberg trur det kjem av at Sverdrup var redd for å misse kontrollen fordi Lindstrøm var så omtykt av mannskapet. Lindstrøm på si side var lojal. Roald Amundsen skreiv om han i dagboka 5. april 1911: «Han har ydet de norske polarexpeditioner større & verdifullere tjenester enn noen annen mann.» Sanneleg fortener han ein velskriven biografi nå eit hundreår etter dei bragdene han var med på.
|