Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001
Film:
Djevelskrekk og gru anno 1973
Exorsisten er mor til vanvittig mange dårlege skrekkfilmar, men som for dei fleste slike modellfilmar har originalen kvalitetar som går langt utanpå kopiane.
Exorsisten
Regi: William Friedkin
USA 1973
Det er 27 år sidan Exorsisten skremde vitet av publikum første gongen og vart nominert til ti Oscar. No kjem filmen i nyoppussa utgåve med digital surroundlyd og elleve minutt som regissør William Friedkin måtte klippe vekk i 1973. Mykje taler for at dei mange skrekkfilmentusiastane som meiner dette er ein av dei beste filmane som er laga, ville ha strøymd til kinoane same kva for scener produsenten måtte ha funne på å leggje til. No blir nyutsendinga marknadsførd som «directors cut» den opphavlege visjonen. Oppfiksinga av lydsporet er likevel det beste påskotet for å lansere filmen på nytt.
For dei som har sett Exorsisten før, er det ikkje radikale endringar det er snakk om. Friedkin har lagt til ein del scener som viser undersøkingar av Regan (Linda Blair) på sjukehus tidleg i filmen, enkelte dialogar er noko utvida, slutten er omarbeidd, og ei vidgjeten scene der Regan spring ned trappa opp ned som ei vevkjerring, er klypt inn. Vevkjerringscena er nok spektakulær, men har elles absolutt ingen funksjon i filmen. Det same gjeld dei andre tillegga, unntatt legeundersøkingane som byggjer betre opp om framhaldet enn i den opphavlege versjonen. Den nye slutten er utruleg vassen, så vassen at han berre blir komisk.
Velskrive manus
Kvalitetane i Exorsisten ligg i eit velskrive manuskript, eit velsnikra lydspor, og ikkje minst i at filmen er uvanleg velspelt for sjangeren. Både Ellen Burstyn, Max von Sydow, Jason Miller og Linda Blair er med på å lyfte dette ut over det alminnelege. Trass i alle nominasjonane var det nettopp lyden og manuskriptet som fekk Oscar. Filmen fekk fire Golden Globe-prisar i 1974, for beste regi, beste film, beste manus, og prisen for beste kvinnelege birolle til debutanten Linda Blair.
Manusforfattaren William Peter Blatty plasserer djevelen blant ateistar og tvilande prestar i ei gudlaus verd der vitskapen har overtatt funksjonane til religionen. Blatty hentar djevelen i filmen frå arkeologiske utgravingar i Nord-Irak, i det området der den første monoteistiske religionen oppstod, zoroastrianismen, grunnlagt av profeten Zarathustra for rundt 3500 år sidan, som også var den første religionen som omfatta ei universell vond kraft, ein djevel. Dermed har vi å gjere med ein urdjevel som er meir eller mindre immun mot kristne symbol, og som på sitt mest infernalske masturberer med eit krusifiks. Det er vel liten tvil om at besettinga symboliserer pubertet og seksuell oppvakning.
Vaklande jesuittprest
Den dramatiske nervetråden ligg likevel eigentleg ikkje i den sensasjonelle djevelbesettinga av ein 12-åring, men den vaklande trua til ein jesuittprest. Det er i pater Damien Karras (Jason Miller) den verkelege kampen står. Og det er han som blir helten i historia ved sjølv å la seg besette.
Pater Karras er utdanna psykiater og meiner at psykiatrien har overtatt rolla som demonutdriving hadde i kyrkja fram til mellomalderen vitskapen har med andre ord overtatt rolla til religionen. Trua hans skrantar, og han vurderer å slutte som prest. Fornamnet Damien, som med opplagd overlegg liknar «demon», meir enn ymtar om at presten er den verkeleg besette i forteljinga. Gjennom møtet med Regan møter Damien åndsverda andlet til andlet, og får gjennom djevelutdrivinga saman med pater Merrin (Max von Sydow) tilbake trua. Der ligg også nerven i forteljinga.
Enkelte effektar i Exorsisten verkar litt primitive i vår digitaliserte tid, til dømes dei mange inntoningane av djevelfigurar for å synleggjere det vonde nærværet. Djevelandletet til den besette Regan nærmar seg til tider det parodiske. Men filmen står seg likevel på eit vis fordi han ikkje er fundert på effektane, men på ei godt samansydd historie og arketypiske konfliktar mellom godt og vondt, sjel og tanke, tru og vitskap.
Hallvard Østrem
|