Dag og Tid nr. 2, 11. januar 2001
Bøker:
Der han skal vera
Med si tredje samling viser Steinar Opstad at han er der han skal vera, skriv Hadle Oftedal Andersen.
Steinar Opstad:
Analfabetisk
Kolon 2000
Steinar Opstad er nok den mest akta av dei norske lyrikarane som har debutert dei siste fem åra eller så. Nå er han ute med ei ny bok, den tredje sidan den prisvinnande debuten med Tavler og bud i 1996. Og det er klart ein ventar seg noko ekstra, noko utover det heilt jamne, når ein har med ein slik kritikar-yndling å gjera.
Fire delar
Boka heiter Analfabetisk, og er delt i fire delar: «En bokstavelig tro», «Jeg eller ordet jeg», «For skriftens skyld» og «Imperson».
Det handlar, som ein forstår, om tilhøvet mellom det som er språkleg, og det som ikkje er det. Og det poetiske resonnementet som blir utvikla, er temmeleg komplekst. For det første fordi det på ein eller annan måte etablerer ein ny grammatikk, ein eigen språkkode som skjer gjennom boka på tvers. Og for det andre fordi denne nye koden er så tydeleg at han insisterer på forståing, samstundes som han er så vanskeleg å gripa at han ikkje gjev fra seg ei eintydig meining. Men la meg likevel tillata meg å komma med eit signalement av nokre av dei elementa som inngår, ved hjelp av eit døme frå boka.
Jeg er ikke profet eller forfatter
jeg er pornograf
og det jeg skriver er like lite å angre på
som bladet jeg holder mellom hendene
Alt jeg skriver
kan kalles pornografisk
og lyset fra skrivingen
opphever trangen til å be
et hvitt lys flerrer nakne
kropper
og øynene mine rykker fram over
mens jeg mumler: mer lys,
mer lys
Jeg ser søstre og brødre i bladet
og jeg synger opp imot lyset
og profeten blendes
mens forfatterhånden skriver fortere og fortere
for å nærme seg pornografens
rå lesning
og endelig er de tre
en og samme person
Treeining
Her ser me at det innleiingsvis blir etablert ei treeining, eller tre aspekt ved skrivinga: profeten, forfattaren og pornografen. Men sjølv med ei slik tydeleg poengtering av kva det er som står på spel i teksten, er det vanskeleg å finna tråden. Eg trur at det første avsnittet inneheld to parallelle oppstillingar, med den andre som ei utviding eller presisering av den første. Og eg trur at line tre-fire etablerer «pornografen», i motsetnad til forfattaren og profeten: han angrar ikkje, det vil seia at han ikkje reflekterer i det indre som ein forfattar. Og han held bladet i handa, så han dekkjer seg ikkje til på bibelsk vis. Så, i utvidinga i line fem-elleve, held han fram med å poengtera at lyset frå den «pornografiske» skrivinga opphevar behovet for å be, at den religiøse opplysinga av verda blir erstatta av ei skrift som er sjølvtilstrekkeleg. Og når så «et hvitt
lys» frå skrivinga, kanskje? «flerrer nakne kropper», er me inne ved pornografiens objekt. Der blir han engasjert, og der vil han ha sterkare opplysing altså meir skrift. «Meir lys» er elles, om eg ikkje mistek meg totalt, Goethes siste ord før han døydde.
Men det er noko som bremsar her. For om dette diktet har ein tone, så er det profetens. Og om dei har ei form, så er det definitivt forfattarens. Så denne «pornografen» er snarare, som me ser mot slutten av diktet, noko ein skriv seg opp mot frå dei andre aspekta sin posisjon. Allusjonane til Bibelen og til den litterære tradisjonen understrekar dette ytterlegare. Og på den måten står diktet fram som ein merkeleg skabelon, som ein tekst som gjennom negative kategoriar eller dekonstruksjonar skriv fram ein påstand om at han er noko han ikkje er. Han er forfattar. Han er profet. Men han er ikkje særleg pornografisk med mindre ein reknar pornografi for å vera fokusert kring eit kjøt som ikkje lenger har tyding i seg sjølv, som bare er av-individualiserte fakter. Det er ingen kunstnar. Det er inga meining. Det er bare rørsler i det konvensjonelle.
Skriftfokusering
Dette siste er elles eit poeng eg ser i høve til eit par av dei mest sentrale norske lyrikarane dei seinare åra. Folk som Rune Christiansen og Steinar Opstad skriv dikt som ikkje avset så tydelege bilete som ein er van med at den verkeleg gode lyrikken gjer. Og på denne måten, gjennom ei endå tydelegare skriftfokusering, gjev forfattarane i ein viss monn opp det visuelle aspektet me er vane med at kvalitetslyrikk skal ha. Slik blir dei vanskelegare å få grep om, fordi dei rører seg rundt i den tekstlege tradisjonen på ein måte som gjer at dei litterære bileta mest forsvinn inn i seg sjølv. Og ein kan spørja seg om dette er velfunderte dikt, eller bare flink-flinke fingerøvingar. Dette får det nå vera opp til kvar og ein å gjera opp med seg sjølv. Men eg trur nok at kritikarane, som er nøgde når dei etter mykje strev føler at dei har klart å prikka inn noko
vesentleg ved det dei har lese, vil bli imponerte. Slik eg er det. Eg meiner at Opstad med si tredje samling viser at han er der han skal vera: der det skjer, der poesien pressar seg ut mot kanten av det me kan vera med på.
Hadle Oftedal Andersen
|