Dag og Tid nr. 46, torsdag 16. november 2000

Bøker:
Når bakaren erstattar rockaren

Ho er sju år og heiter Sara Marie, men folk kallar henne Saramoria eller Suremaria.

OTTAR FYLLINGSNES

Det er tre år sidan Berit Hellem Giil (53) gav ut den første boka om Sara Marie, og sidan den gongen er det mange som har spurt etter ein oppfølgjar. Denne hausten kjem framhaldet.
 
 Berit Hellem Giil er frå Høyanger. Ho skriv på nynorsk og gjev ut bøkene sine på Eide forlag i Bergen. Den første boka fekk inga merksemd utanfor lokalmiljøet. Ho vart ikkje meld i ei einaste avis, og den andre boka har lide den same lagnaden, trass i at ho evnar å fengje både dei unge og dei gamle.

Skrivekunst

Til vanleg er Berit Hellem Giil lærar i ein barne- og ungdomsskule i Høyanger i Sogn, men denne hausten har ho permisjon frå jobben. Eit halvt år har ho sett av til å studera skriving av barne- og ungdomslitteratur ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho dreg på det når ein spør om ho skal satsa på skrivinga, men lysta er der.
 
 -- Kva er det beste trikset du har plukka opp på akademiet?

 
 -- Me lærer ikkje så mange triks, ler ho.
 
 -- Det går mest ut på å skriva i skriveperiodane, for deretter å oppleva at medstudentane plukkar tekstane frå kvarandre. Me ser på heilskapen og korleis teksten fungerer som ei historie.
 
 -- Er det manuset til den neste boka du prøver ut?

 
 -- Eg er i gang med fleire manus, og kanskje kjem dei ut som bok ein gong i framtida.

Ganske snill

I den første boka, Saramoria, vert faren til Sara Marie kjærast med mora til klassekameraten hennar, Minus. Sara Marie lir av at foreldra ikkje er på talefot.
 
 I den nye boka finn mora til Sara Maria seg ny kjærast, ein bakar som sju-åringen ikkje toler. Saman med Minus prøver ho å sabotera forholdet.
 
 -- Alle seier at bøkene handlar om skilsmisse, men ingen i bøkene er skilde. Mora og faren til Sara Marie har aldri budd saman. Som så mange andre bur Sara Marie og Minus aleine saman med mødrene sine, og slik er det nok for mange. Det er trass alt vanleg å skifta partnarar oftare enn før. For meg har det vore viktig å setja fokus på ungane når det stadig kjem inn nye personar i livet deira, medan andre forsvinn. I boka prøver eg ikkje å dømma nokon for hardt, og eg meiner at eg er ganske snill med alle.

Høyanger-rock

Som så mange andre av fedrane i dagens barnebøker, spelar også faren til Sara Marie i eit rockeband. Berit Marie Giil meiner å ha godt grunnlag for å gjera mannen til rocke-musikar.
 
 -- I Høyanger er det eit stort rocke-miljø. I den første boka kunne folk kjenna seg at i Høyanger-miljøet, med både indu-striarbeidarar og rocke-musikarar. I bygda har me den årlege påske-jammen, og mange unge har danna rocke-grupper. Fleire har gjeve ut CD-plater.

Nynorsk

Då Berit Hellem Giil byrja på den første boka, bestemte ho seg for at det skulle verta ei bok som ungane skulle lesa sjølve. Boka skulle innehalda noko dei kjende seg att, og ho skulle vera på nynorsk.
 
 -- Det finst få barnebøker på nynorsk, og me har måtta leita etter nynorsk-bøkene til skulen. For meg er det mest naturleg å skriva på nynorsk, men eg vil ikkje lova at eg alltid kjem til å gjera det. Nett no er eg sterkt provosert av debatten som går om sidemål i Oslo, og difor skriv eg nynorsk.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |