Dag og Tid nr. 46, torsdag 16. november 2000
Bøker:
Trøstebok frå Jon Fosse
Søster av Jon Fosse er ei trøstebok for alle som treng trøst. Og kven gjer ikkje det?
Jon Fosse
og Leong Vá:
Søster
Samlaget
"Han kjenner seg så åleine. Han legg den friske handa si bort på kjaken til søster og han kjenner seg heilt åleine. Han kjem alltid til å måtte vere åleine, tenkjer han og så legg han hovudet sitt ned på skuldra til søster og ho legg armen sin på magen hans. Han er alltid åleine, tenkjer han og lyttar til pusten frå søster, att og fram, som bølgjene, som grasstrået der i vinden, alt att og fram som bølgjene åleine som bølgjene".
Slik lar Jon Fosse den poetiske forteljinga slutte i boka med tittelen Søster. Det er bror som tenkjer, han er også hovudpersonen i boka. Bror er fire år og er til i eit fjordlandskap med langt grønt gras og himmel med trådskyer. Det er andre ting der også, både gode og vonde ting, som båtar og slåmaskinar. Og så er det andre menneske, men dei er mest fjerne. Dei kjem ikkje inn i det rommet Bror lever i. Dei forstår ikkje. Dei forstår ikkje at det er godt å gå ut om natta og leggje seg ned i eit grønt rom av gras, eller at han må opp i båten åleine og ro ut på havet.
Observatør
Minst forstår mor. Og hennar omsorgshandlingar aukar avstanden mellom bror og dei andre slik at den endelege innsikta blir vissa om alltid å vere åleine. Men som tittelen viser, er det også noko intuitivt godt for bror: Det er søster. Ho er tre år. Banda mellom dei er tette og nære: "Ho legg handa på magen hans. Han er storebror. Ho er veslesøster".
Forteljinga om den varme nærleiken mellom bror og søster er skrive i Fosses rytmiske, minimalistiske stil. Språket er enkelt, sansingane er konkrete. Alt det enkle lar det kompliserte uskrivne bli tydeleg. Lesaren følgjer stort sett alt gjennom tankane til den fireårige storebroren til søstera på tre år. Han er ein observatør og ein tenkjer som ser både seg sjølv og omverda utanfrå.
Trøstande rom
Ei vanleg innvending mot å la ein fire-åring bere det tematiske nivået i kompliserte forteljingar, vil vere å hevde at så små barn ikkje har eit tilstrekkeleg utvikla refleksivt medvit. Eg trur ikkje det er rett. Barn er ulike. Denne forteljinga borar i den avmaktskjensla av eksistensiell einsemd som mange kjenner seg att i utan at dei har ord for henne. At denne kjensla er gitt ei estetisk form slik at ho kan erkjennast, er godt nok som trøst.
I dette perspektivet blir det tydeleg at Søster ikkje er ei bok berre for barn, det er ei bok for både vaksne og barn. Når den vaksne les ei slik bok som dette for eit barn, kan ein kanskje snakke saman om det lesne, men ein kan heilt sikkert oppleve det saman. Lesarfellesskapen blir då eit slags trøstande rom på same måten som fellesskapen mellom bror og søster. Denne fellesskapen tar ikkje vissa om einsemda vekk, men gjer ho mogleg å bere.
Boka med den vakre forteljinga om storebror og veslesøster er i seg sjølv ein vakker liten ting. Formatet gjer ho god til å halde i handa, og mezzotint-illustrasjonane av Leong Vá er presist slik dei må vere for å gjere rommet mellom bror og søster levande. Dei konkretiserer den poetiske dimensjonen ved teksten, men dei er og så realistiske at lesaren kan finne att sentrale element i teksten.
Synnøve Skjong
|