Dag og Tid nr. 46, torsdag 16. november 2000

På tomannshand:
Marsipangrisen

Det er på Caledonien Hotell i Kristiansand han kjem med tilståinga. Mannen med mage som ein jordklote forsikrar at marsipan gjev tilfredsstilling i augneblinken og er god og deilig. Marsipanen dukkar opp i medvitet til forfattaren like etter han har fortalt at han ser fram til 2003. Då skal alle sunnhordlandsforfattarane samlast til ei stor sentimental festframsyning. Belsvik si sjel gler seg til dei alle saman skal stemme i ?Blåmann, blåmann, bukken min?, både dei utflytte som lengtar heim, og dei som framleis bur heime og lengtar vekk. Og så gler han seg til kumlene. I 2003! Han har kvite adidasjoggesko med tre svarte striper og tek ikkje av seg skinnjakka på Restaurant Jens, oppkalla etter Jens Bjørneboe, ikkje statsministeren. Han bestiller ein feit toast (?Det er viktig å ha litt feitt på kroppen til vinteren?), rullar Eventyrblanding og oppdagar ei due som har mist livet i trafikken. Denne bladlause novemberdagen ligg ho krasja ned i vegen som me kikkar på gjennom vindauget. Bilane passerer som om ingenting var hendt. Belsvik bur like utanfor Kristiansand i Randesund, men er sunnhordlandsforfattar. Den saka er grei.
 
 Det var ei jente på lærarskulen på Stord som tok han med til ?det blide Sørland?. Det er 15 år sidan, og no er han tobarnsfar. Han likar seg på Sørlandet, men denne novemberdagen er hovudet hans aller mest oppteken av 2003 og festframsyninga. Og dua.

Kvifor må alle gutane du skriv om, vera så spesielle? Kvifor er det alltid haust i bøkene dine? Kvifor har dei det aldri godt når dei elskar, dei du skriv om? Tenåringar med kviser og frustrasjonar og draumar har stilt desse spørsmåla til forfattaren Rune Belsvik i kritluktande klasserom. Dei har fått han til å innføra våren i litteraturen og fått han til å lura på om han har vorte vel fokusert på kor vanskeleg det kan vera å gjera sine fyrste famlande seksuelle erfaringar. Møter han stundom dei han skriv for, kan han kontrollera at han ikkje er i ferd med å skriva seg heilt bort.
 
 Det var ikkje med slike baktankar han las opp offentleg den aller fyrste gongen årevis tilbake på Stord. I vise- og lyrikklubben Fokus slapp han til med eit dikt om å vera einsam bak ein tøff fasade. Eit par dagar etter opplesinga skjedde det noko vedunderleg. Ei jente spurte via ein kamerat om ikkje ho og Rune skulle vera kjærastar. Dei var kjærastar i mange dagar.
 
 Når litteraturen til og med gav slike bonusar, forstod Rune Belsvik at han var på veg mot å verta kjend. Han hadde vore livredd for å skjemma seg ut med sine inste tankar, men lukkast. Jenta var hans, og diktlesinga fekk han til å skjøna at han ikkje trong skjula at han kjende seg som eit forlis i tilværet. Før dette hadde tenåringen berre lese dikt for mor si. Ho likte betre dikta og samtalane om det han skreiv, enn når han stakk nasen ut av rommet og prøvde å imponera henne med tryllekunster. Ho avslørte han alltid.
 
 Rune Belsvik har vorte 44 år. Det er ei stund sidan han kom ut av rommet heime med snurrige påfunn, og sidan 1979 har han skrive kring 30 bøker ut frå nynorsksjela si, poetiske, humoristiske, livsvise bøker, ikkje gapskrattbøker, men humrebøker. Belsvik har skrive i årevis, sjølv om han aldri har ein einaste ide om kva han skal skriva om. Han kan faktisk ikkje hugsa å ha hatt ein ide nokon gong. Han plar berre sitja seg ned for å skriva, blir sitjande nokre dagar, og etter kvart forstår han kva det kjem til å handla om.
 
 -- Det handlar som regel om det same, seier Rune Belsvik.

Som regel handlar det om kviser, kriser, jenter, frustrasjonar, draumar, einsemd og om å gå hand i hand. Det handlar om pubertet og nølande kjærleik og framtidsplanar og håp. Og det handlar om vestlandsk regnver, utkant og kjensla av at livet er ein annan stad. Det gjer det denne hausten òg. Romanen Ein naken gut handlar om Arne Bu, som Rune Belsvik har skrive om i tre tidlegare romanar: Kjærleiken er eit filmtriks, Alle dei fine jentene og På nippet. I den fyrste boka var Arne 14. No fyller han 18.
 
 Seier ein Belsvik, seier somme Arne Bu, andre Dustefjerten, Bollefisen, Holesnusken, Kavringreven og Berghøna, og det kjem meir, om ei stund. Han har verkeleg fått brukt livserfaringane sine i bøkene om desse underlege skapningane som bur inne i skogen, i eit lite land omgjeve av fjell, skog og ein bekk som sildrar og renn.
 
 -- Bøkene om Dustefjerten handlar om menneske som har med kvarandre å gjera, om voner og sjenanse, kunsten å vera saman og å vera aleine. Dei utfordringane forandrar seg lite frå ein er unge til ein er 44.
 
 Håret står rett til vers på Rune Belsvik. Berre han lukkar auga bak brillene, kan han kjenna smerta og gleda frå ungdomstida. Han kjenner kor vondt det var å verta forlaten, og kor ille det var å forlata jenter. Han hugsar godt kor herleg det var å gå hand i hand med ei jente og vita at dei var saman i verda. Dersom det til og med bles ein liten vind mot dei to, var alt vedunderleg. Men Belsvik trur ikkje det er nødvendig å ha ungdomstida bak augneloka for å kunne skriva god barne- og ungdomslitteratur.
 
 -- Dei som skriv godt for barn og unge, veit at dei orienterer seg som barn i verda. Å vera vaksen vil ikkje seia at ein har avvikla barndommen og sett han i kjellaren. Barnet er i den vaksne kroppen og har sine behov. Når folk grin, grin dei som ungar, og når dei er redde for å ikkje verta likte, er det barnet sin redsel.

I oppveksten på Stord venta Rune Belsvik heile tida på å verta ein annan. Han venta på å sleppa innetider og lekser og vera ferdig til å ta opp lån og få si eiga ringjeklokke, men han vart aldri den andre. Etter kvart måtte han erkjenna at det berre var slik. Han brukte mykje tid i ungdommen på å fornekta barnet i seg, men då han passerte 25 forstod han at det ikkje nytta.
 
 -- Eg forstod at det ikkje var nokon veg utanom dersom eg ville ha sjela mi med på mitt lag.
 
 Rune Belsvik skriv nesten alltid om å vera ung og litt frustrert. Sjølv hadde han inga traumatisk ungdomstid, men gjekk likevel rundt med ei kjensle av å ha gått på grunn. Han måtte plukka opp att bitane og byggja ein ny farkost. Han hadde havarert. Dei gamle førestellingane hans heldt ikkje vatn lenger. Gjennom skrivearbeidet har han freista å finna ut kva som skjedde den gongen på Stord. Kameratane hans spør om han framleis leitar etter meininga med livet, og det gjer han.

Det var slett ikkje synd på tenåringen Rune Belsvik. Han var elska av familien, og dei tykte alle at han var ein ?sverande kar?. Men så kom kvisene, jentene, draumane, og det var plutseleg ikkje nok å ha det godt heime.
 
 -- Eg såg i ungdomstida at kjærleiken rammar vilkårleg. Nokon klarte seg godt, medan andre gjekk til grunne. Ideen om at verda er oversiktleg, forsvann. Ideen om at eg sjølv var på rett stad forsvann, og eg miste trua på at politikarane hadde forstått verda, og at Gud sit i himmelen og ventar. Det vart borte alt saman.
 
 Heime var det rom for diskusjon og tvil, og det rommet vart større og større i tida då Rune skifta få barneskule til ungdomsskule. Han opplevde seg sjølv som ein liten barkebåt. Sjela hans var som havet. Då han 14 år gammal, sat han på reservebenken på fotballbanen for fyrste gong, og han forstod at akkurat det same kunne skje i kameratflokken. Den nådelause rangeringa gjaldt fleire arenaer enn fotballbanen. Rune var levande redd for å ikkje strekkja til. Det var ei drivkraft. Han ønskte å vera populær, vera kjærast med ei fin jente, ha ein ålreit kamerat, verta invitert på festar til dei populære. Han håpte på å bli rik og berømt. Då ville han sleppa slitet. Då ville dei andre koma til han. Han drøymde om å bli god nok ein gong for alle og kjende redsel for verta einsam. Rune oppførte seg slik at når han kom for seg sjølv, var han utsliten og skamfull. Det nytta ikkje å gjera seg til for seg sjølv.
 
 -- Eg verka sikkert sterk, munter og uredd, men eg var ikkje slik innvendig. Ei jente som eg var forelska i, sa til meg seinare at eg verka overmodig og støyande. Ho såg det motsette av det eg kjende.

Fyrste gongen han klarte å møte kjensla av å vera utilstrekkeleg og redd, skjedde heilt tilfeldig, inne på guterommet, heilt aleine. Han skamma seg over korleis han var, og skreiv ned at han var ein redd gut, ingen tøffing. Han skreiv ned alt det kameratane ikkje måtte vita, alle tankane han måtte halda skjult. Bokstavane rann ned på arket. Etter denne opplevinga gjekk han mykje for seg sjølv og opplevde freden i å formulera seg.
 
 -- Eg trekte meg tilbake for å øva meg på å vera meg sjølv og fann ut at det var ikkje berre redsle og mørker i meg, men og eit landskap som ønskte å visa seg fram.
 
 Rune la opp. Han gjekk av fotballbana og handballbana, han steig opp frå bassenget og greip fastare om blyanten. Det fyrste manuset sende han inn som 17-18 åring, men vart refusert. Han hugsar ikkje heilt, men vart i all fall refusert fem gonger før debutboka kom i 1979. I dei fyrste manusa la han alltid handlinga til Oslo eller Amerika, for det var der det skjedde, ikkje på Stord. Seinare har det han har skrive, vore eit forsøk på å finna ei verdigheit i det å veksa opp på Vestlandet og føla at dei store tinga skjer alle andre stader.
 
 Det vart eit kolossalt oppstyr då debutromanen Ingen drittunge lenger vart lesen i radioen. Somme radiolyttarar hissa seg opp over skildringar av ungdommeleg seksualitet. Belsvik vart forbausa. Han hadde ikkje tenkt å provosera. Sjølv hadde han i puberteten tre kjelder som underviste i kjærleik og samliv. Den eine var kyrkja og bedehuset, som fortalde at erotikken var ei gåve frå Gud som ein ikkje skulle opna før ekteskapet. Den andre var pornografien, som fortalde at jenter alltid hadde lyst og gutar kunne halda på i fem timar. Den tredje var filmane, som fortalde at det var vanskeleg å finna den rette. Dei tek om lag ein og ein halv time og endar i søt musikk, rette replikkar og inga snubling.
 
 -- Ingenting var meg til hjelp, difor har eg prøvd å vera direkte. Eg har satsa mange boksider på å innføra famling og nøling som aksepterte faktorar i det vestnorske kjærleikslivet.
 
 Belsvik får mange varme tilbakemeldingar frå ungdom og lærarar, men det finst rektorar som har brent bøkene hans.

I haust er den femte boka om Arne Bu komen ut. Denne gong sluttar Arne på gymnaset, byrjar å arbeida, viklar seg inn i damehistorier, ramlar ned frå eit tak og prøver å få tak på livet. Det er ikkje langt frå Arne Bu til Rune Belsvik. Både Arne og Rune har slutta på gymnaset. Rune hadde problem med faga på gymnaset. Heimearbeidet voks han over hovudet, han hadde vanskar med å følgja med, og han måtte bestemma seg for om han ville via seg til lekselesing. Det ville han ikkje. Kva han ville bli ein gong, ante han ikkje, men han var interessert i å skriva, vera med kameratar og å ha kjærastar. Han følte på eit vis at livet var ferdig.
 
 -- Det var slutt på ei lang lengt etter ei jente. Eg hadde funne den rette, og berre eksamen stod att. Eg fekk ei kjensle av at eg måtte ut og erobra verda.
 
 -- Er Arne Bu deg?

 
 -- Ikkje heilt, men i grove trekk. Han er ein litterær figur, men òg eit tilbakeblikk på det som skjedde meg for kring 25 år sidan.
 
 Det var ein lykkerus for Rune å slutta skulen. Han trong ikkje følgja med meir, og livet byrja å interessera han. Då han hadde slutta, lagt ranselen frå seg, kjende han det som å verta kvitt ei tvangstrøye.
 
 -- Eg var overtydd om at eg hadde gjort det rette. Den gong gjekk det an å slutta å få seg ein godt betalt jobb. Fleire slutta etter berre få veker og fekk lommeboka full av pengar og tobakk på innerlomma. I dag er det for jævlig. Det finst ingen veg utanom skulen. Skulle eg gå på skulen, måtte sjela mi vera som eit viskeler, viska ut alt eg elles brydde meg om. Skulen forsømmer sjela, og mykje liv går tapt. Dei skaper ei kjensle av å ikkje strekkja til, manifesterer det og held folk i sjakk.

Rune Belsvik slutta etter jul i andre klasse. Den aller fyrste jobben hans var å riva ned julepynt i gata i Leirvik. Han arbeidde på Stord verft ei tid, la takplater og ramla ned, som Arne Bu.
 
 -- Den hendinga er nesten identisk med den som vert skildra i boka. I ungdomstida mi hadde førestellinga mi om verda smuldra bort, men då eg plutseleg stod ansikt til ansikt med døden, forstod eg at det kjem ein dag når eg ikkje lenger får delta, og det ikkje berre er førestellingane som går til grunne, men alt. Som Arne Bu opplevde eg at eg var i stand til å døy. Eg forstod at livet tek slutt og følte plutseleg: Eg lever jo!
 
 Som Arne Bu vart Rune Belsvik liggjande lenge på sjukehus for å få armar og bein til å fungera som før. Då han omsider kom ut, kunne han ikkje gå tilbake til den gamle jobben. Han ville eigentleg verta psykolog, men forstod at det ville føra med seg mykje lekser og lesing. Difor fekk han i staden praksis på ein skule for elevar med tilpassingsvanskar i utekontakten på Stod. Så vart han hjelpepleiar og debuterte som forfattar.
 
 For eitt år sidan sa Rune Belsvik til sjela si at frå no skulle han berre skriva bøker for vaksne og barn, ikkje for ungdom. Han tenkte på ungdomsbøker som ein bastard, bøker som låg så tett opp til bøker for vaksne at det var vanskeleg å grunngje kvifor ein skulle skriva ungdomsbøker. Men sjela nekta og pressa fram meir materiale om Arne Bu.
 
 -- Litteratur for barn og vaksne er akseptert og sett på som kunst, men skriv ein for ungdom vert det alltid stilt spørsmål ved kvifor ein skriv ungdomslitteratur.
 
 Rune Belsvik tykkjer ungdomsbøker ofte vert gløymde. Nokre av bøkene han har gjeve ut, har ikkje vorte melde i heile teke. Når han skriv bøker for vaksne, det har skjedd to gonger, er han garantert meldingar. Bøkene for vaksne skreiv han rett nok berre fordi kameratane masa slik om han at han snart måtte skriva ?noko skikkeleg?, men han trur det kjem fleire bøker for vaksne. Som ung drøymde Belsvik om å verta rik og berømt, men etter å ha passert 40 forstod han luksusen i å leva i fred. Han saknar ikkje merksemd på eigen vegner, men på vegner av bøkene.
 
 -- Merksemda kring barne- og ungdomsbøker er ein heilt annan i dag enn då eg byrja. Det har skjedd mykje, men framleis vert ikkje ungdomslitteraturen sett på som seriøs kunstytring, seier Belsvik og rosar Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere.

Belsvik skriv ikkje på heiltid lenger. Han har ei halv stilling som nattevakt i ein bustad for utviklingshemma. Etter ti-elleve år med berre skriving trong han å kopla seg på verda og tykkjer det er herleg å planleggja blåturar og diskutera løner igjen. No veit han at skrivinga på sett og vis er unødvendig. Han treng ikkje tenkja at kvar ei setning skal vera verd fem kroner. Som folk opplever levesperrer, opplever han skrive-sperrer. Belsvik trur at både levesperrer og skrivesperrer kan kurerast dersom sjela berre får litt tid.
 
 Dua hadde truleg ikkje større ambisjonar denne dagen enn å verta mett. Før møtet med gummihjul var ho truleg ikkje plaga av vegring mot å leva. Me kikkar ut vindauget. Den uheldige, trafikkdrepne dua er borte!
 
 -- Eit gravferdsbyrå har henta ho. Nokre alvorlege pingvinar frå dyrehagen var her. Såg du det ikkje, spør Rune Belsvik.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |