Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Leiar:
Ønskereprisen
Så skjedde det ein gong til, etter 27 år med EU-medlemskap og fem folkerøystingar. Dansk ja-side hadde nesten alle pengane, tre firedelar av Folketinget, regjeringa, alle næringslivsorganisasjonane, nesten alle fagforbunda og dei store avisene, minus ei. Likevel sa 53 prosent av danskane nei til å gå med i den europeiske monetære unionen. Sjølv i Sønderjylland, det mest EU-vennlege amtet, var det nei-fleirtal. Nok ein gong sigra folket over maktapparatet i ei folkerøysting. Oppslutninga var formidabel. Heile 87,8 prosent av danskane røysta, og røystinga minner om 1992. Den gongen sa danskane nei til Maastricht-avtalen og ein meir overstatleg organisasjon. Fleirtalet var berre på 46.000 røyster, men valresultatet førte til at danskane fekk fleire unntak frå avtalen, blant anna for euroen.

Denne gongen er det fleire forklaringar på at det gjekk som det gjorde. Den viktigaste er kanskje at euroen slett ikkje har vorte nokon suksess. Sidan mynten vart lansert på nyåret i 1999, har verdien minka med 25 prosent samanlikna med dollaren. Danskane let seg ikkje overtyda om at dei burde byta ein sterk valuta med ein svak.

Det spørst om det går særleg betre med euro-tilhengarane i Sverige. Svenskane er rekna for å vera langt meir skeptiske til EU enn danskane. I dei EU-skeptiske partia og rørslene i Danmark er det ikkje så mykje snakk om at landet bør gå ut av EU, men i Sverige vert EU-medlemskapen stadig diskutert.

Det har vorte spådd at valet i Danmark kom til å få ein domino-effekt, og no viser det seg at skepsisen til ØMU er stigande i Sverige. Ei meiningsmåling som er gjort etter den danske folkerøystinga, viser at berre 31 prosent av svenskane meiner landet bør verta medlem i ØMU. Det er ein kraftig nedgang frå januar 1999. Den gongen var 50 prosent av svenskane positive til euro-medlemskap. Også Sverige skal ha folkerøysting om ØMU. Det har vore snakk om å røysta neste år, men no er den svenske folkerøystinga utsett på ubestemt tid.

Den svenske statsministeren har inga lett oppgåve framfor seg. Både i Danmark og Sverige vert det hevda at politikarane har mislukkast med pedagogikken om EU. Difor lovar Göran Persson ØMU-utdanning for alle. Lat oss håpa at det som Oxford-filosofen Larry Siedentop omtalar som krisa for demokratiet i Europa, kjem til å stå sentralt.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |