Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000
Klok på bok 486:
Historisk frue
Kjære Paula - her ser du kva eg meinte - og framleis meiner (!) - om det heilt igjennom tåpelege forslaget å lage Ulsteinvik om til by!! Eg er både flau og brennjheite - kanskje mest det siste. Så for så vidt strør du salt i enno opne sår. Har du vore i U-vik?, spør Gunder Runde.
Jaudå, eg har vore i Ulsteinvik. I si tid rodde eg ofte mellom dei idylliske småøyane utanfor skipsverfts-kranene. Nei, ikkje skjønar eg kvifor det er så om å gjere å bli by. Rett nok var U-vik tidleg ute med å få kaffibar med dinglestolar, men det kan ein vel ha på bygdene utan å få nykkar?
Dette var eit sidesprang, men det er ofte dei ein lærer mest av. Heldigvis kan ein lære noko av Klok på bok denne veka òg. Sindre og Lars Helge svarar rett, men brukar namnet på originalsamlinga Poemas sueltos. Og så har dei ein kommentar: MEN: me fann diktet (Klokkeekko) i samlinga Månen har tenner av elfenbein: dikt i utval av señor Lorca, gjendikta av Bakke/Hovland, og da e no ikkje heilt identisk med det Paula har funne... ka slags bok e det du har då, Paula, og kven e da so har gjendikta det for deg? spør karane.
Ein av ti vise kan svare:
Fyrst tenkte eg ikkje å svare denne gongen. Men eg måtte tilbake til Deichmann, eg trur det er fordi Carl Deichmann er født i Viborg på Jylland, akkurat som eg. Eg kan vere einig med han Barabass at det kan vere einsamt å diskutere litteratur åleine. Men nettet kan vere bra å ha i vanskelege tilfelle, som nå denne Klok på søtt og surt. Via internett gjekk vegen til barneavdelinga, og der fann eg boka Appelsin og sitron i diktsamlinga (1998). Omslagsillustrasjonen er av sjølve forfattaren Federico Garcia Lorca (1898-1936) og føresteller ei pære! No må eg slutte for eg har gløymt brillene mine, so eg kan ikkje sjå kva eg skriv, skriv ho Ingrid på Nesoddtangen.
Fekk de svar godt nok no, karar? Eg legg til at det er Tove Bakke åleine som har omsett dikta i samlinga Appelsin og sitron. Dikt for barn og andre. Kva som er grunnen til at diktet har fått to ulike omsetjingar i to ulike bøker, veit eg ikkje. Kanskje var ho ikkje nøgd med den første? Eg kjenner meg att i det. Ofte tenkjer eg at eg burde ha formulert meg slik og ikkje slik i det skarpe lyset til ettertanken.
Samlinga va POEMAS SUELTOS å dikte va ECO DE RELOJ som betyr nå sånt som ekkoet frå ei klokke. De e ein tå di verkelig store vi snakke om her, i en aillder tå bærre 38 år. Men læll så trur æ at Lorca vil bli huska længer einnn Franco, sjøl om Franco sin sportsminister rekti nok fremdeles sole sæ i glainnsen tå verdens idrettsstjerna i disse dager i Australia. E itj de litt upassende, egentli? spør han Kaare Stegavik.
Vilhelm Lund på Hamar svarar rett og viser til originaltittelen Poemas sueltos. Det same gjer Torill Johanne Strøm i Myre, Morten Haugen på Brekstad, og Ole G. Evensen, fast leser av KPB:
Endelig en oppgave for en bibliotekar med spansk lyrikk i hyllene. Diktet er fra suiten La selva de los relojes (klokkeskogen) i Poemas sueltos av Federico Garcia Lorca. Jeg holder en knapp på Tove Bakke og Ragnar Hovland sin oversettelse i Månen har tenner av elfenbein...
Viss eg skal vere pirkete, og det skal eg vel, men eg gjer eit unntak, så er ikkje svaret eitt hundre prosent rett sidan eg henta diktet frå ei anna samling. Svaret er likevel så rett at eg kårar Ole G. Evensen på Tertnes som vinnar denne veka. Dette skal sjølvsagt lesast som eit frieri om at du held fram med å lese Klok på bok, og at du svarar oftare!
Stein Erik Finne i Bergen svarar aldeles rett.
Klok på bok 486
Den luften som lå under lindetrærnes kroner, hadde vugget seg frem over den brune heden og de tørste markene; den var blitt bakt av solen og støvet av veiene, men nå var den renset av det tette løvhenget, svalet av det kjølige lindeløvet, og duften av lindens gule blomster hadde gjort den fuktig og gitt den fylde. Nå lå den og blinket stille og salig opp i det lysegrønne hvelvet, kjærtegnet av sakte dirrende løv og av hvitgule sommerfuglers flimrende vingeslag.
Slik byrjar ei bok av ein forfattar som er ukjend for meg, men det er ingen målestokk for Klok på bok-løysarane. Boka er ein klassikar og eit hovudverk i litteraturhistoria der ho kjem frå. Georg Brandes skal ha sagt dette om forfattaren: Sikkert har det aldri i nordisk litteratur vært malt med ord som hos ham. Hans språk er farvemettet. Hans stil er farvesamklang. For å hjelpe til litt meir, kan eg seie at romanen kom ut på originalspråket i 1876 og på norsk i 1995. Send svar til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, bladstova@dagogtid.no eller faks til 22 41 42 10 innan onsdag 11. oktober.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|