Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Klima:
Ei våt og varm framtid
Omsider er Noreg i ferd med å bli eit varmare land. Men om klimaforskarane har rett, treng det ikkje bli særleg hyggeleg. Vi snakkar om veret. Snart kan vi bli nøydde til å gjere noko med det.

Per Anders Todal

Sist vinter tykte mange vestlendingar at vergudane gjekk langt over streken, da det regna nesten utan opphøyr frå oktober til mars. Men om klimaforskarane sine prognosar stemmer, er det like godt å venje seg til det - dei søkkvåte unntaksåra er i ferd med å bli normalen, og det er ikkje den einaste endringa som er undervegs. Det er tid for å bu seg på konsekvensane av klimaendringane. Framleis finst det dei som tviler på at menneskelege utslepp av klimagassar er årsaka, men uansett tyder alle indikasjonar på at klimaet endrar seg - og det skjer raskt.

Eit varmare land

Å spå veret for i morgon kan vere vanskeleg nok, og å spå om dei neste femti åra kan verke som rein hasard. Men det er likevel det dei over 30 forskarane i det norske samarbeidsprosjektet RegClim har prøvd på, ved å nedskalere globale klimamodellar til bruk for norske regionar. Sjølvsagt er prognosane deira uvisse, men dei er likevel truleg det beste “langtidsvarselet” vi har.

Det klimascenariet RegClim la fram for Noreg anno 2050 i ein rapport tidlegare i år, ser i korte trekk slik ut:

- Noreg blir varmare. Gjennomsnittstemperaturen blir 1 til 2,5 gradar Celsius høgare enn i dag, avhengig av landsdel. Temperaturen skal stige mest om vinteren, og meir i innlandet enn ved kysten.

- Noreg blir våtare. RegClim reknar med meir nedbør over det meste av landet, i gjennomsnitt ein auke på nær ti prosent. Nedbørsauken blir størst på Vestlandet, særleg på sommaren og hausten - ein forventa årleg auke på 13,5 prosent og heile 23,5 prosent meir nedbør på hausten er dårleg nytt for versjuke vestlendingar.

- Noreg blir meir forblåst. Den gjennomsnittlege vindstyrken skal auke med 5-10 prosent, men auken blir større i Langfjella, på kysten av Møre og Trøndelag og i Finnmark. Stormane på kysten kjem tettare.

- Havnivået stig med 20 centimeter, dermed kjem springflo og uver til å gjere større skader enn i dag.

Ubudd

Om vi går ut frå at desse nokså dramatiske prognosane slår til så nokolunde - kva blir konsekvensane for Noreg, for samfunnet og for naturen? Er vi i det heile budde på det klimaendringane kjem til å medføre?

- Folk er nok i liten grad budde, trur Asbjørn Torvanger, forskingssjef ved Cicero Senter for klimaforsking.

- Dei færraste har vel tenkt over at sjølv om Kyoto-avtalen trer i kraft, og sjølv om det kjem nye utsleppsavtalar, blir det likevel klimaendringar. Vi har enno ikkje sett den fulle effekten av utsleppa våre, og det tek tid å gjere oss mindre avhengige av fossil energi. Det kjem stadig sterkare indikatorar på ei rask endring av klimaet, og det trur eg ikkje folk har teke innover seg.

Ein av grunnane til dette er at Noreg ikkje er blant dei landa som er førespegla dei verste utslaga. Det er noko anna med små øystatar i Stillehavet, som risikerer å bli heilt borte, meiner Torvanger.

- Ein annan grunn er tidsperspektivet i dette. Scenariet til RegClim går fram til 2050, og det er ganske lenge til.

Ei av årsakene til at vi treng forsking på effekten av klimaendringane, er at dei ikkje kjem til å råke alle likt, verken globalt eller i eit land som Noreg, påpeikar Torvanger.

- Endringane vil gje ulike regionale utslag. Somme regionar kan få fordelar, andre ulemper. Kanskje blir det betre vilkår for landbruket i somme regionar, medan turistnæringa i Sør-Noreg blir skadelidande av snømangelen. I Nord-Noreg kan vi vente større snømengder, som skaper problem for vegtrafikken, og skredfaren kan auke. Vi må gå ganske detaljert til verks for å finne ut kva som kjem til å skje.

Dette arbeidet er alt i gang, mellom anna ved Cicero. Men sjølv om det er lite ein veit sikkert om konsekvensane av klimaendringane, er ein del følgjer alt moglege å tenkje seg - og verd å tenkje over.

Fulle magasin

Klimaendringane kjem til å ha sine nyttige sider. Den venta nedbørsauken kan til dømes gjere alt snakk om kraftkrise nokså passé. Om prognosane slår til, blir det neppe vanskeleg å fylle magasina i framtida, sjølv om ein høgare temperatur vil føre til større fordamping.

Det ligg ein aldri så liten ironi i dette: Den menneskeskapte oppvarminga vi opplever, som dei fleste forskarar meiner heng saman med dei auka utsleppa av drivhusgassar som CO2, er på veg til å gjere dei ureinande gasskraftverka til Naturkraft overflødige. “Noreg importerer kraft i eit normalår”, har vore kronargumentet til gasskraftforkjemparane. Men normalåra blir neppe det dei eingong var.

Samstundes ligg det ein risiko i den forventa nedbørsauken. Kraftstasjonane kan ikkje nyttiggjere seg all den ekstra nedbøren, og resultatet kan bli større og meir vanlege flaumskader enn i dag.

Det er lite som tyder på at styresmaktene i særleg grad har teke innover seg dei nye vilkåra som klimaendringane truleg skaper for kraftproduksjonen. Ingen i Olje- og energidepartementet arbeider med å vurdere følgjene av klimaendringane, får Dag og Tid opplyst frå informasjonsavdelinga der i garden. Heller ikkje hos Noregs vassdrags- og energidirektorat synte det seg mogleg å oppdrive nokon som har arbeidd med desse spørsmåla. Der baserer ein seg på historiske data for tilsiget, og køyrer etter bakspegelen.

Kokt torsk

Medan kraftprodusentane kan vente seg viss fordelar av klimaendringane, kan den globale oppvarminga få alvorlege konsekvensar for ei av dei aller viktigaste næringane i Noreg - fiskeria.

Tidlegare i år publiserte ei gruppe engelske forskarar urovekkande resultat frå ei undersøking av torskestamma i Nordsjøen. I tidsskriftet Nature skildra dei korleis nedgangen i tilveksten av torsk gjekk parallelt med oppvarminga av Nordsjøen dei siste ti åra.

At ein kaldvassfisk som torsken er kjenslevar for vasstemperaturen, er det ikkje tvil om. Spørsmålet er om temperaturstiginga i Nordsjøen og Barentshavet følgjer ein naturleg syklus, eller om ho kjem til å halde fram som resultat av ein menneskeskapt drivhuseffekt. I det siste høvet kan konsekvensane bli store.

- Vi veit for lite om effektane av den globale oppvarminga, men vi kjenner til at temperaturendringar påverkar storleiken på den norske fiskebestanden, sa forskar Harald Loeng ved Havforskingsinstituttet i Bergen under ein konferanse i sommar. Innlegget til Loeng er attgjeve i septemberutgåva av bladet Forskning. Han viste til at torsken vandrar lenger nordaust i Barentshavet i varmare periodar. Om dette blir den vanlege tilstanden i framtida, er det sjølvsagt bra for russiske fiskarar - og krise for dei norske.

Klimaeffektar på fiskebestandane finst det fleire historiske døme på, påpeikte Loeng. I perioden 1920-1960 auka havtemperaturen kring Island, og den norske silda vandra dit for å beite. Men på 60-talet fall temperaturen kring Island, og silda vart borte frå området. Dette kom av naturlege svingingar. Men Harald Loeng, som tidlegare var skeptisk til teoriane om den menneskeskapte drivhuseffekten, trur ikkje lenger det er berre naturlege svingingar vi ser. For mange indisium tyder på ei klimaendring, meiner havforskaren. Difor er det svært viktig å forske meir på effektane av denne klimaendringa. Kva konsekvensar får høgare havtemperatur for det marine livet og for havbruk? Får vi fleire skadelege algeoppblomstringar, eller fleire sjukdommar, spør Loeng.

Og det finst fleire spørsmål i havet. Dei siste åra har meir sørlege fiskeartar som mulle, sardin, ansjos og hestemakrell blitt meir vanlege i norske farvatn, skreiv Natur & Miljø Bulletin tidlegare i år. Om nye artar kjem til å fortrenge dei som er vanlege i dag, veit ingen.

Lite sol og mykje varme

Det er lett å tenkje seg at landbruket i kalde Noreg kan vere blant dei næringane som haustar fordelar av klimaendringane. Eit overvakingsprogram syner at vekstsesongen i Nord-Skandinavia er heile 13 dagar lenger enn for 40 år sidan, skreiv Adresseavisen i juni. Dette har naturleg nok gjeve påviselege utslag på vekstane. Men biletet er ikkje eintydig positivt.

- Klimaendringane kan få mange slag verknader på landbruket, seier Karen O’Brien, forskar ved Cicero Senter for klimaforskning. Ho arbeider med ein studie av klimaendringane sine konsekvensar for ulike verksemder i Hordaland.

- Det er sjølvsagt positivt at vekstsesongen blir lengre, og det høgare CO2-innhaldet i lufta kan ha ein gjødslande effekt. Men vi ventar òg ein auke i nedbøren, og det kan vere skadeleg for delar av landbruket, til dømes for jordbærdyrkinga. Vi kan få fleire skadedyr, meir ugras eller sopp. Det er eit komplisert bilete, og det er mykje uvisse om konsekvensane. Det som er bra for potetbonden, kan vere skadeleg for jordbærdyrkinga, seier O’Brien.

Ingen stad å rømme

Ikkje alle skapningar har like gode sjansar som menneska til å tilpasse seg ei klimaendring. Det kan til dømes bli verre å vere fjellrev. At klimaendringa kjem til å få følgjer for floraen og faunaen, er det ikkje tvil om. Men kva følgjene blir, er verre å seie.

- Dersom klimaendringane går så raskt som prognosane seier, kan det utan tvil få dramatiske følgjer for mange dyr og planter, seier Rolf Anker Ims, professor i biologi ved Norsk institutt for naturforsking. Han arbeider for tida med ein studie av korleis klimaet påverkar artssamansetjinga i bjørkeskog.

- Dei mest utsette artane ved ei klimaendring er dei fåtalige artane som har ei flekkvis utbreiing, og ikkje har lett for å flytte seg på grunn av geografiske tilhøve. Og dersom klimaendringa skulle skvise ein del høgfjellsdyr opp mot kysten ved Barentshavet, har dei ikkje nokon veg vidare.

Hovudproblemet med klimaendringane vi no truleg ser byrjinga på, er at det går så raskt, meiner Anker Ims.

- Det er det som er skremmande. Klimavariasjonar er eit kjend fenomen, men det skjer som regel mykje meir gradvis. Det er ikkje tid for dyra til å tilpasse seg gjennom naturleg utval. Ein del artar kan utan tvil bli utrydda i Noreg av klimaendringane, seier Rolf Anker Ims, som etterlyser meir forsking på effektane av klimaendringane.

Planlegging

Ein artikkel som denne rekk berre over nokre få av dei moglege følgjene av klimaendringane i Noreg. Spørsmåla er tallause. Kva skjer med alpinanlegga på Voss? Kor mange klimaflyktningar vil reise frå snømengdene i Nord-Noreg? Korleis skal vestlendingane kunne takle enda meir haustregn? Kjem installasjonane i Nordsjøen til å tole dei mange stormane? I det heile: Korleis skal samfunnet planleggast?

- Ut frå det vi no har grunn til å tru, er det klokt å ta omsyn til klimaendringane når ein skal gjere langsiktige investeringar i infrastruktur, meiner Asbjørn Torvanger ved Cicero.

- Skal ein til dømes bygge vegar eller kraftstasjonar som skal vare i mange år, bør ein ta omsyn til den kunnskapen vi no har om klimautviklinga. Det kan betale seg.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |