Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Herbjørn Sørebø:
Med valet i tankane
Ein skjemtegauk sa ein gong at demokratiet har eit svakt punkt. Det er at dei folkevalde kvart fjerde år må møte veljarane. Det lokkar dei folkevalde til lettsinn med å love for raust og bruke for mykje pengar. No ligg statsbudsjettet for det kommande året føre, og regjeringa har sjølvsagt tenkt på at det er valår. Det kjem også gruppene i Stortinget til å ha i tankane, når dei tek til å arbeide med det. Eit anna omsyn enn sjølve budsjettet kjem til å vege tungt. Det er det parlamentariske samarbeidsmønsteret etter valet, og er det mange ukjende faktorar i den økonomiske utviklinga, så er det endå meir uvisse om kva utfallet av valet kan bli. I den siste tida har meiningsmålingane vist at det er stor uro blant veljarane. Framstegspartiet har fossa fram, men ikkje berre det, målingane tyder også på at det er stor stabilitet i oppslutnaden. Veljarane flaksar ikkje inn og ut av partiet slik som før. Det store spørsmålet er nå om det held til over valet.

Kva hender dersom veljarane gjev Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti fleirtal? Høgre viser nå vilje til å gå i regjeringssamarbeid med Framstegspartiet. Det blir rett nok sett visse vilkår, men gummistrikk er ikkje ukjent i politiske tingingar. KrF har til nå tvert avvist tanken om å regjere i lag med Frp, men i det siste har fleire kjende KrF-arar sagt at det iallfall blir vanskeleg å avvise samtalar med Carl I. Hagen dersom partiet hans får 20 prosent eller meir enn det i oppslutnad. Den tidlegare leiaren i KrF, Kåre Kristiansen, har i intervju stilt seg svært imøtekommande, ein kan kanskje seie at han har vore beint fram oppmodande. “Det vil være en katastrofe for KrF om de overlater makta til Arbeiderpartiet, bare på grunn av motvilje overfor Frp”, sa han til Nationen for kort tid sidan. Kåre Kristiansen er ein mann frå fortida, men vi veit at han alltid har ein flokk med seg i det han tenkjer og seier. Det kan bli eit press i partiet, for det var så gildt å ha Kjell Magne som statsminister. Kjell Magne Bondevik og Valgerd Svarstad Haugland veit nok likevel at å gå i regjering med Carl I. Hagen er noko mykje verre enn å sluke kamelar. Det er å selje sjela si.

Noko kan vi vel vere trygge på: Senterpartiet går ikkje til regjeringssamarbeid med Framstegspartiet. I arbeidet med budsjettet har dei tre sentrumspartia eit band på seg. Det er at dei må prøve å halde saman for å kunne vere eit truverdig alternativ ved valet. Skulle det sprekke på budsjettet, er det truverdet borte. Dette må også vere eit band på Lars Sponheim i Venstre. Ingen er så bitter som han etter regjeringsskiftet og over tapet av taburetten som næringsminister. Tanken på å komme på fanget til Carl I. Hagen burde vel plage han meir - om han har det bleikaste minnet om partisoga.

Krise på statsbudsjettet blir det neppe, sjølv om det blir harde nappetak. Kjell Magne Bondevik har sagt at det beste er om det ikkje blir regjeringsskifte nå i haust, etter berre eit halvt år. I det politiske miljøet er det ulike vurderingar av kva som partitaktisk er det beste. Somme ser på det som ei gåvepakke til Arbeidarpartiet om regjeringa Stoltenberg blir felt. Det vil mobilisere. Andre meiner at det tvert imot ville vere eit prov på at partiet har mist både styringsevne og tillit. Arbeidarpartiet vil etter alt å dømme setje mykje inn på å få i stand eit kompromiss med sentrumspartia, men det kjem til å koste i prestisje. Sentrumspartia må kunne peike på at budsjettet har fått ein klar sentrumsprofil.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |