Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000
Bøker:
På Askildsens einemerke
Alle dei sju novellene i samlinga Surrogater av Bjarte Breiteig er svært gode, og fleire er meir enn gode. Dei strålar i det mørkret dei framkallar i lesaren, melder Oddmund Hagen.
Bjarte Breiteig:
Surrogater
Aschehoug
Bjarte Breiteig er 26 år. Han er frå Kristiansand, utan at det betyr noko for kvaliteten på dei novellene han skriv. Fantomsmerter (1998) var første samlinga, Surrogater er den andre. Titlane refererer til kvarandre. Noko er borte, og det som er borte, må ha si erstatning, sitt surrogat. Slik sett er kanskje titlane for tydelege og rettleiande, ei slag bruksrettleiing for lesemåten. Det er inga stor innvending, men det kan vere nemnt.
Sett og sansa
Årets bok, liksom den første, er eineståande sett og sansa. Han går tett innpå smertepunkta i tilværet, han viser dei bandasjane vi legg over alle sår og skrammer livet gir, og han riv vekk bandasjane og lar det blø i novelle etter novelle. Det er store hol av einsemd hos personane han opplyser, og dei forstår det kanskje sjølv, eller dei forstår det ikkje og agerer berre i forhold til noko dei aner og kjenner som lengt og irrasjonelle mønster det ikkje finst namn og nemning for djupt nede i menneskesinnet, det berre er der og framkallar smerte og eit jag etter å dempe smerten, å finne eit surrogat.
Meir enn godt
Det er sju noveller i samlinga. Alle er svært gode, og fleire er meir enn gode, dei strålar i det mørkret dei framkallar i lesaren. Opningsnovella Der nede sørger de ikke er slik. Det handlar om å vere ny og framand på ein skole, å bli halden på avstand og å søke kontakt gjennom den totale destruksjonen. To elevar raserer formingssalen i ein time der begge har melding om fritak frå kroppsøving. Den ytre destruksjonen er total, alt blir knust til pinneved, elevarbeid og eigne ting. Samtidig er også den indre destruksjonen total. Begge gutane finn ei slag glede i å gå ut over alle grenser og nærme seg døden i form av ein påslegen keramikkomn og ei sirkelsag som går og går. Og det er noko i denne teksten som rører ved forholdet mellom kunst og destruksjon, for han som går lengst, er den flinkaste i forming, det er hans fag, og han forkastar sitt eige talent
eller strekker seg mot destruksjonens kunst og sjølv-destruksjonen.
På nikk
Siste novella, Stockholm, er også sjølvlysande i sitt indre mørker. Ein ung mann har falle heilt ut etter eit brot med kjærasten. Han bruker tida på å chatte på internett, den nye sporten blant unge, og han får kontakt med ei aleinemor i den byen der han sjølv bor. Anna sosialt liv har han ikkje. Men han gir seg ikkje til kjenne. Han speler eit spel og diktar sitt eige liv på nytt og lest som han er svensk og bor i Stockholm. Til slutt møter han jenta og ser at det heile er ein illusjon, alt er løgn og bedrag og ei indre tomheit som knapt nokon kan frigjere han frå om han ikkje greier det sjølv. Når mora ringer og ber han komme heim til jul, greier han ikkje svare i telefonen, han nikkar.
På ein måte er Breiteigs personar utslegne, men dei er ikkje heilt ute, dei har alle ein slags sjølvrespekt og ein verdigheit som held dei oppe, trass alt, same kor djupt nede dei måtte vere. Det finst altså ei ørlita strime av håp hos Breiteig, og sjølv om dette håpet neppe er ei redning, finst det der som noko mogleg om personane sjølv vil. Men dei er standhaftige og fordømt stolte, og slik må det vere når ein går inn på Kjell Askildsens einemerke i norsk litteratur. Breiteig gjer det, og han gjer det så godt og sjølvstendig at denne meldaren sperrar opp augene og frydar seg.
Oddmund Hagen
|