Dag og Tid nr. 40, 5. oktober 2000

Bøker:
Ei bok for alle
Eigentleg burde det vera nok å trykka ei kvit side i avisa, med ei stor overskrift midt på: JAN ERIK VOLD ER UTE MED EIT DIKTUTVAL PÅ 777 DIKT.

Jan Erik Vold:
I Vektens tegn
777 dikt i utvalg
Gyldendal


Og i tilfelle det skulle vera fire eller fem personar som ikkje forstår kva dette betyr, kunne ein ha ei ny overskrift midt på den neste sida: DET ER HAN MED “KULTURUKE”. For Vold er eit mediefenomen, og eit lesarfenomen. Og begge delar har med han sjølv å gjera. Han skriv dikt som lar seg transportera gjennom media, dikt ein kan oppfatta direkte. Og han kan opptre, som få andre. Dessutan trur eg han må vera dyktig til å manipulera manipulatorane, til å få journalistar og andre til å gjera som han vil.

Men det har nok vore ein pris å betala for dette. For med så mange allmennt kjende dikt er det kanskje ikkje så mange som er nyfikne på lyrikaren Jan Erik Vold, som går på biblioteket for å låna bøker og lesa dei dikta dei ikkje kjenner frå før. Og eitt er i alle fall sikkert: at dei som skriv om litteratur, ikkje har gjort noko særleg ut av denne forfattarskapen. Han er høgt respektert, men fint lite omskriven.

60-åra

Han kom køyrande på motorsykkel - det må vel ha vore ein scooter - opp til Tarjei Vesaas sin gard for å sitta i ei hytte der og skriva debutsamlinga si. Og det går sikkert an å dra nokre poeng kring dette møtet mellom det gamle og det nye. Men i løpet av 60-talsbøkene sine etablerer han seg i alle fall. Alt i debuten Mellom speil og speil (1965) er det fleire gode dikt, mellom anna nokre såkalla figurdikt, altså dikt der det grafiske oppsettet er gjort slik at diktet ser ut som eit bilete. Særleg svak er eg for det som ser ut som ein Yin og Yang-figur, og som heilt i tråd med tydinga av dette symbolet handlar om møtet mellom det mannlege og det kvinnelege.

Likevel er det ei tydeleg utvikling vidare, fram mot Mor Godhjertas glade versjon. Ja (1968) og Kykelipi (1969). Dette er tjukke bøker, uhorvelege diktsamlingar på 255 og 175 sider. Og dei er så sprelske, så humoristiske og fulle av innfall at det vel ikkje er så rart at dei trefte publikum så godt. Dette er den typen dikt ein heile tida ser etterlyst, slike som kan nå utover det akademisk introverte og tala til folk direkte. Men dei er ikkje utan poetiske spenningar og djupare innhald sjølv om ein kan lesa dei som overflate, som endeframme skildringar. Til dømes er det råd å lesa “Trikkeskinnediktet” som ein kommentar til Rolf Jacobsens “Byens metafysikk” (1933). Der Jacobsen skriv at “de samme usynlige lenker av jern og kobber/ binder oss sammen”, skriv Vold at han ein gong starta med å skriva “Byen ligger bundet/ i sitt nett av trikkeskinner”. Men så, etter denne kontakten med det litterære førelegget, går han vidare til å konstatera at trikkeskjenene ikkje bind byen fast. Og så følger konkrete refleksjonar kring det å veksa opp i byen. På denne måten erstattar han det tradisjonelle biletet av byen som ein stad for framandgjering. Ungane legg femøringar på skjenene slik at dei blir klemde flate, og ungane fell og slår seg når sykkelhjulet kjem nedi skjenene. For det er nok farleg i byen, men ikkje framandt. Dette er dei naturlege omgjevnadene, i eit univers der mennesket har teke tilbake byen og gjort han til sin. Og der Jacobsen avsluttar med ei skildring av ein mann som ser på ei kvinne medan røyken frå sigaretten stig som “kysk engel/ gjennem kastanjeløvet mot det evige liv”, kan Vold flytta seg vekk frå kontakten med det metafysiske for å gjeva meining til livet i byen. Han avsluttar med ei skildring av våren, og ser fram mot at graset etter kvart vil byrja å gro rundt dei nylagde skjenene på Adamstua. “Livets mirakel”, for å nytta ein tam klisjé, finst der. Naturen kjem inn i byen. Byen blir naturleg. Med eit slikt medvit er det Vold skriv. Dei er ikkje henta ut av lause lufta, påfunna hans. Dei er skrivne med medvit om den litterære horisonten, så vel den norske som den internasjonale.

Til saman utgjer dei to siste 60-talsbøkene ein refleksjon over det me omgjev oss med. Mor Godhjerta - der “Trikkeskinnediktet” står - handlar altså om byen, om Oslo. Kykelipi handlar mellom anna om språket, og om skilt og veremåtar og andre konvensjonar. Dikta der er ofte pussige. Og i høve til dette med tradisjonskontakten kan eg i alle fall sjå at “Kulturuke” er inspirert av måten Apollinaire (1880-1918) har laga “A” på, med ulike kombinasjonar av dei same bokstavane nedover sida.

I skuggen av 60-åra

Vold gav ut spor, snø i 1970. Denne boka inneheld haiku-dikt, eigne og lånte, og meir eller mindre i samsvar med dei klassiske krava. Og med oppsettet - eit av desse treliners dikta på kvar av dei upaginerte sidene, slik at dei faktisk ser ut som spor i snøen - er vel dette ei av dei aller finaste diktsamlingane eg veit om. Sjå bare her:

hva gjør lyset
i bjørketrærne? lyset
ser seg om

Gjennom ei varsam inkludering av eit litterært bilete - lyset er menneskeleggjort - oppstår eit kryssblikk på tilværet. Og med dette er me ferdige med dei åra Vold er mest kjend for, og ein kjem over til dei bøkene som ikkje har fått fullt så mykje merksemd. Han har uttalt at han alt frå starten hadde ein plan for dei sju første bøkene, og at han dels skreiv dei samstundes i løpet av den siste helvta av 60-talet. Så ein kan med rette hevda at det er ein epoke i forfattarskapen som sluttar med spor, snø.

I mange sitt medvit er 70-åra tiåret for lettfatteleg og sosialt engasjert lyrikk. Men her går Vold imot straumen, i alle fall den sterkaste, og skriv i staden meir introvert, meir søkande ut i det som ikkje er like lett å gripa. Og i løpet av dei neste samlingane, Bok 8: LIV (1973), S (1978), sirkel, sirkel (1979) og Sorgen. Sangen. Veien (1987), etablerer han ein praksis som er så einheitleg at det kan vera grunn til å tala om ein ny og samla epoke i forfattarskapen. (Eg reknar ikkje opp den nærmast prosalyriske BusteR brenneR som kom ut i 1976, men som inneheld tekstar frå tida kring 1966.) Frå nå av er dikta delte inn i avsnitt på fire stort sett korte liner. Og dette, som altså blir Vold sin signatur dei neste to tiåra, er eit system han nyttar med stor effekt. Når dikta er korte, gjer oppdelinga at dei framstår som stringente og formoppfyllande, og når dei er lange, får ein nærmast ei rapsodisk kjensle av å lesa desse rekkene; altså som om dei ikkje var delte opp.

Eg tenkte me skulle sjå nærmare på ei av desse bøkene, det halvt skjulte eller gløymde meisterverket Bok 8: LIV. Dette er sjølvsagt Volds åttande bok, og alle dikta har to fireliners avsnitt (= 8). Med denne forfattarens sans for talmagi er det vel heller ikkje rart at det er 11 delar med 11 dikt i kvar i denne boka, ei bok som handlar om møtet mellom det gripelege og det ugripelege. Den første teksten går slik:

Huset er hvitt
og gardinene
blåser. Gardinene blafrer
i morgentrekken, derinne

ligger noen
og sover. De er to, de er
i gode
hender. De svever.
 
Her ser ein tydeleg at overgangen frå det første til det andre avsnittet fell saman med skiftet frå skildringa av vindauget til skildringa av dei som søv. Samstundes blir desse to sidene knytte saman, med utgangspunkt i gardinene som blafrar. I visualiseringa av dei som ligg der, vil pusten og dei vibrerande nasane deira gjeva assosiasjonar i same retning. Og i den språklege skildringa av dei står det at dei “svever”, noko som òg gjev assosiasjonar til lufta og dei blafrande gardinene. I det heile kan dette diktet lett sjåast som ei zoom-rørsle frå det ugripelege i verda - vinden - via det gripelege i verda - gardina - til det gripelege i mennesket - kroppane - og endeleg det ugripelege i mennesket - kjensla av å sveva når ein søv. Og dette er slik eg oppfattar det, den grunnleggande forståinga i boka: at verda og mennesket glir over i kvarandre, smeltar saman. Døma på slike samanglidingar i boka er mange. Til dømes når indianarar blir sitere for å meina at ei røyksky over eit fjell signaliserer at nokon sit og mediterer der. Røyken, fjellet, personen og meditasjonen får som me forstår, same posisjonar som gardina etc. i diktet ovanfor. Men oftast er det meir avgrensa delar av ei slik samansmelting ein får. Som til dømes her:

Et ansikt så nakent
at det nesten
ikke er der. Et ansikt en husker
lukten av

mer enn synet av. Et ansikt
der en husker leppene
skjelver mer enn hvordan leppene
ser ut - dét ansiktet.
 
Her ser me at det er tale om eit menneske som har sedd eit anna menneske, slik at speglinga blir mellom det mennesket som hugsar, og det mennesket som blir hugsa. Og i høve til den som blir hugsa, er leppene det gripelege og skjelvinga det ugripelege. Og kanskje, kanskje er det slik å forstå at det er dette ugripelege som er LIV i tittelen. Eventuelt er det rørsla mellom det gripelege og det ugripelege. Nå ja: det er altså mengder av tekstar som denne i boka. Og særleg mange er det om auge, som på tradisjonelt vis blir spegelen av det indre. Når smilet har flytta frå munnen til augo, då er det ikkje lenger bare i det ytre.

Det kan sjå ut til at samanblandingar der det gripelege blir borte og det ugripelege står tilbake, er gjevne ein priviligert posisjon. Då er den ytre verda ikkje, og det skulle vel vera heilt i tråd med den zen-buddhismen som tydeleg ligg til grunn for desse dikta (i originalutgåva frå 1973 er det japanske zen-illustrasjonar). I lengdesnitt kan det dessutan sjå ut til at boka utgjer éin heilskapleg refleksjon. Willy Dahl har føreslått at ein kan lesa henne som ei kjærleikshistorie mellom ein mann og ei kvinne, strekt ut mellom morgon og kveld. Og det er kanskje rett.

I alle fall ser eg ein tydeleg tendens til at dikta i starten fokuserer på korleis det ugripelege kjem inn i verda, medan ein nærmare slutten opplever at det ugripelege har blitt manifest. Og i fleire av tekstane heilt til slutt opplever ein vel nærmast at verda blir tømt att, eller rettare at ein nærmar seg situasjonen frå starten av boka.

Ei slik sirkelrørsle passar ikkje så dårleg med zen-tenkinga, den heller; både fordi sirkelen er meditativ og fordi innlæring innanfor zen handlar om å komma fram til eit punkt der det ein har lært, skal overvinnast. Ein gjer det ein skal, utan lenger å vera medviten om det ein gjer. (Kanskje det er dette som er det ugripelege indre: å leva som om ein drøymer, og som om den ytre verda er borte.) I alle fall er Bok 8: LIV ei stor oppleving. Og her etablerer han altså den “Vold-strofa“ han held fram med i dei andre bøkene eg nemnde ovanfor, bøker det har vore verkeleg stille rundt når ein har sett saman antologiar, men som like fullt inneheld mange gullkorn. Særleg i jordomseglingsboka sirkel, sirkel er det mykje bra.

Nytt lys

Det er kanskje typisk Vold at han skriv meditativt når det politiske er inne og politisk når det er ute. I alle fall er det eit tydeleg samfunnsengasjement i dei seinare bøkene hans, som i motsetnad til bøkene før har fått stor merksemd. Kanskje er det fordi han på ny har vendt seg utover, med brei appell til publikum. Eg veit ikkje. I alle fall er desse bøkene representerte i begge dei to nyaste antologiane med norsk lyrikk frå tidenes morgon til i dag: Bøker som ikkje ein gong nemner 70-talsbøkene i forfattarpresentasjonane, men som ser ut til å føresetta eit sprang frå 1970 til Elg kjem ut i 1989.

Vold har blitt kritisert for å breia seg ut for vidt i desse kritiske bøkene sine. Ved å stilla opp nedlegginga av Bislett som skeisearena saman med krig og overgrep ute i verda, syner han at han manglar perspektiv på tinga, har det blitt påstått. Sjølv har eg ingen problem med å sjå bindeleddet i dikt som startar med herleggjeringa av det nasjonale kring OL på Lillehammer, og som endar opp med ein refleksjon kring kyrkjeasylantar og Sarajevo. For det er jo eit ganske stort sprik mellom den offisielle norske sjølvforståinga og sanninga om korleis ting heng saman, både når det gjeld politisk overvaking og anna.

Derimot kan det - og det var kanskje dette kritikarane meinte - vera vanskelegare å sjå dei poetiske kvalitetane og den tankemessige stringensen i dei av desse tekstane som rører seg assosiativt fram gjennom dagsaktuelle hendingar i det norske samfunnet. Men her er det vel nettopp det kommuniserande og det daterte som er poenget. Dikta er skrivne med utgangspunkt i eit her og nå, som poetisk dagsjournalistikk, og skal ikkje oppfattast som meir djupsindige enn dei er. Ei sjangernemning som “skillingstrykk” seier vel òg noko om ei populær, endefram haldning til det ein skriv om.

Presangbok

Og med dette endar eg denne unødvendige artikkelen. Volds enorme diktutval finst altså der ute nå: eit must for alle lyrikklesarar som ikkje har bøkene hans frå før. Og, må ein vel tru, ei passande presangbok til nokon ein vil ha i gang med å lesa dikt. For her er både overflata og djupet. Her er det noko for alle.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |