Dag og Tid nr. 39, 28. september 2000
Bøker:
Frå botnen av brønnen
At ei ung kvinne på 22 år greier å formidle ei så grunnleggande og sterk livsrøynsle som ligg i botnen av denne teksten, er rett og slett imponerande, meiner Oddmund Hagen.
Mirjam Kristensen:
Dagene er gjennomsiktige
Tiden
Mirjam Kristensen er debutant, 22 år og frå Lyngdal i Aust-Agder. Som så mange andre yngre forfattarar, skriv ho om barndom og oppvekst, men ut frå ei litt anna vinkling enn den vanlege om mobbing, einsemd, vennskap eller kva det no er alt. Kristensen tar utgangspunkt i ei stor og uutsletteleg sorg som rammar ein liten familie etter ei ulykke som kostar eit barn livet. Forteljinga er lagt i munnen på Sofie, storesystera til det barnet som druknar i brønnen ved familiehytta fordi besteforeldra som skulle passe på, gløymde seg bort ei stund. Frå den dagen dette skjer, fell alt i grus, og det er dette fallet Mirjam Kristensen greier å formidle på ein inntrengande og gripande måte.
Saknet etter det vesle barnet som er borte, skuldkjensla hos besteforeldra, foreldra som trekker seg tilbake og inn i seg sjølv, Sofies tankar som heile tida kvernar rundt det som hende den skjebnesvangre dagen, alt dette er fanga inn i eit barnleg språk prega av korte setningar, repetisjonar, presise og overraskande observasjonar som også har noko usagt i seg. Det kan minne om Gro Dahles uttrykksform, men det er langt frå imitasjon, det er eit språk som kler teksten og gjer han skjør og lysande i all si enkle form, poetisk og nærverande: Bestefar mister noe hver dag. Det kan være en vase i gulvet, en pære ut av hånda, et minne. Hendene hans kan ikke gripe og holde fast lenger. Bestefar skrumper sakte innover mot det gjennomsiktige. Hva blir man etter at alle minnene har forsvunnet, man blir gjennomsiktig, tynn, langsom, tenker bestefar.
Innkapsla
Dette å leve i minna, kapsle seg inn i sorg og togn og lengt etter det som aldri kan komme tilbake, det er dette romanen handlar om. Bestemora har mista eit barn tidlegare, no mistar ho eit barnebarn, og dette greier ho ikkje meistre med tanke og fornuft, ho bryt saman, mentalt og fysisk og døyr snart etterpå. Dei andre prøver å akseptere det som har hendt, prøver å finne tilbake til ein normaltilstand, men ingen ting er normalt etter at bestefaren kom frå brønnen, berande på den gjennomblaute barnekroppen og la han i eit teppe på verandaen. Dei indre bileta frå denne dagen kastar skygge over alle andre bilete, det finst inga glede lenger, berre rastløyse og uro utan språk og ei leiting etter noko som kan bringe ungen tilbake, glimtvis gjennom lukt frå klede, ting han har tatt i, bilete han har sett og blitt fascinert av, og denne innlevinga i ein sorgreaksjon er imponerande presist og vakkert skildra.
Vakkert skildra er også forholdet mellom Sofie og bestefaren, han som trør støttande til når foreldra ikkje orkar meir. Han har mista ei dotter, han mistar eit barnebarn og han mistar kona si. Ei tid mistar han også seg sjølv, liksom resten av dei gjenlevande. På eitt eller anna vis finn han tilbake, symbollagt gjennom at han igjen ser sitt eige ansikt i brønnen der barnet drukna, kanskje også ved at han kjenner igjen ein del av dei døde i Sofie. Det er enkelt og nærast banalt, men det er samtidig rørande og djupt menneskeleg.
At ei ung kvinne på 22 år greier å formidle ei så grunnleggande og sterk livsrøynsle som ligg i botnen av denne teksten, er rett og slett imponerande. Det er berre å gratulere og ønske henne velkommen tilbake.
Oddmund Hagen
|