Dag og Tid nr. 30, 27. juli 2000
På tomannshand:
Fredsprofet med nissehue
- Når serbarar og albanarar fyrst kjem i prat, glir samtalen langt betre enn i ein norsk gjennomsnittsfamilie, seier Steinar Bryn, kulturfilosofen som slo kulturell knock-out på Coca-cola ved å dra ei raud nissehue godt ned over øyrene.
Noralv Pedersen
Ramnsvart hår fløymer ut over ryggen og den utvaska dongerijakka. Han strekkjer fram den labben han ikkje held kaffikruset i. I eit viltert skjegg, under ein frodig pannelugg som er trygt hekta bak øyro, og bak brilleglasa blunkar to slitne blå augo. Det vart seint i natt òg. Det plar bli slik når Steinar Bryn er vert for meir enn 50 utanlandske ungdommar på den årlege internasjonale fredssommarskulen på Lillehammer. Her kviler ei døsig føremiddagsro over Nansenskulen. Studentane og elevane frå Balkan, Midt-Austen, Nord-Irland, Sør-Afrika og Norden søv ut etter at dei kom seint heim frå studietur til Oslo. Etter vel to intense veker med dialogøvingar, teater, rollespel og praktiske metodar for å løysa konfliktar gjer det godt med ein dag fri. Søvndrukne kjem dei sigande frå internatromma. Det er altså her - på eirgrøne og velstelte plenar og under bjørkekroner
som ringlar i vinden - ein vaksen, velutdanna mann år etter år bruker sommaren saman med ungdomar som står på kvar sine sider av konfliktar av svart hat.
- Det er når menneska møtest andlet til andlet og snakkar saman, at det skjer noko, forklarar Steinar Bryn.
- Under Kosovo-forhandlingane i Rambouillet mellom serbarane og albanarane før Nato-bombinga i fjor vart ikkje dei to delegasjonane førte saman eingong. Det er heilt vanvittig at når ein endeleg har fått dei to folkegruppene til å forhandle, så let ein ikkje dei to sitja ved same bord. Det bryt jo med det fyrste bodet for dialog-arbeid. Korleis kunne dei løysa flokane i den mange hundre år gamle konflikten i Kosovo med nokre amerikanske diplomatar som sprang opp og ned trappene mellom delegasjonane for å få pressa på plass ein underskriven avtale, spør Bryn og ristar oppgitt på manken.
- Er det så enkelt at fråvære av samtale er årsaka til konflikten?
- Kommunikasjon har vore undervurdert som ein viktig faktor. Når serbarar og albanarar går ut på ulike skular, universitet og kafear, les kvar sine aviser og får nyhende frå forskjellige fjernsynskanalar, veks fiende-bileta seg umåteleg sterke på kort tid. I Kosovo er ikkje hatet den sterkaste konfliktskaparen; det er frykta for dei andre.
Berre nokre månader etter at Nato sleppte den siste bomba over Serbia, stemde 80 prosent av eit anna pint folk, folket på Aust-Timor, for sjølvstende frå Indonesia. Etter å ha vore underlagt eit brutalt indonesisk styre i 24 år og berre to månader etter folkerøystinga og det påfølgjande blodbadet i september i fjor flaug uavhengigheitsleiaren på Aust-Timor, Xanana Gusmao, til den indonesiske presidenten og mana til forsoning.
- Er det slike rause forsøk på samtale som manglar i Europa?
- Eg trur forsoning har betre vekstvilkår på andre kontinent enn det europeiske. Kor lang tid tok det ikkje for oss i Norge å forlika oss med tyskarane? Her på Lillehammer til dømes, protesterte innbyggjarane då ein tysk venskapsby som var på besøk i år, ville markera 17. mai med eigne flagg. I Asia øydela amerikanarane Vietnam totalt og drap fleire millionar. Likevel har vietnamesarane eit relativt avslappa og godt tilhøve til USA. Sjå også på forsoninga mellom svart og kvit i Sør-Afrika.
- Korleis forklarar du desse kulturelle skilnadene?
- Europearar er så opptekne av kven som har rett, og kva me har krav på. Det er ikkje nok å ha rett; ein må skapa felles løysingar. Ta ein klassisk konflikt: To jenter står og kjeklar om ei dokka og dreg i kva sin arm. Ho er mi, ho er mi, seier begge til dokka rivnar. Det er det som skjer i Belfast og Londonderry, Sarajevo og Pristina. Ein øydelegg det ein kjempar for. Ein bosnisk leiar sa at rettferd var viktigare for han enn fred. Kan det vera at det for andre folk er viktigare med fred enn rettferd?
Det er noko avvæpnande i vesenet til Steinar Bryn, eitt eller anna i måten han lyttar på. Ikkje nikkande overinteressert, korkje med skodespel eller påteken entusiasme i stemma, men eit stort andlet med mjukt hår og trygt skjegg som syg til seg av det du seier, og som kanskje med eit lite nikk eller blunk viser at meldinga er motteken og forstått. Og så er det engasjementet, den glødande interessa for den store, altoppslukande og for tida einaste saka, konfliktløysing på Balkan. Dette smittande og rause engasjementet som har fått mistruiske og bitre serbarar og albanarar til å setja seg saman og snakka i lag. Fyrst rasande, hatsk og frustrert, men etter kvart lyttande og med større innsikt i fienden sine tankar, til dei skjønar at motparten er eit menneske som ein kan snakka lenge med, som ein kan verta ven med.
- Når serbarar og albanarar fyrst kjem i gang med samtalen, glir han langt betre enn i ein norsk gjennomsnittsfamilie, seier Bryn.
Sidan læraren på Nansenskulen byrja med seminar om demokrati, menneskerettar og konfliktløysing for fem år sidan, har han opna tre tilsvarande Nansen-sentra i Skopje, Beograd og Podgorica, forutan ei albansk arbeidsgruppe i Pristina. I tillegg kjem tidlegare deltakarar frå dei årlege fredsskulane på Lillehammer saman i Mostar, Sarajevo og Banja Luka. Men under bomberegnet i fjor vart alt dette øydelagt.
- Det var jævlig! Hadde ein ikkje vore tolmodig og tenkt langsiktig, kunne ein ikkje har drive med dette arbeidet, seier Bryn. Sjølv om det var tungt å få i gang sentra att, skipa Bryn og dei andre eldsjelene på Nansenskulen til den fyrste gjenforeininga etter Kosovo-krigen for vel to månader sidan. I løpet av fem dagar i Ohrid i Makedonia møttest 130 menneske frå heile det tidlegare Jugoslavia.
- Eit fantastisk møte. Berre det at serbarar og albanarar kunne ta seg ein kopp kaffi saman; meir kunne ein ikkje håpa på. Mange internasjonale hjelpeorganisasjonar sa at det var alt for tidleg, at det ikkje nytta med forsoning i Pristina. Dei gjorde då heller ingenting. Me sette inn annonsar i dei store albanske avisene, og folk dukka opp. Planen er å ha eit dialogseminar i byrjinga av oktober med albanarar og serbarar i byen Mitrovica, der dei bur på kvar si side av elva. Haldninga mi er at mykje av det folk seier er vanskeleg, er slett ikkje så vanskeleg.
Steinar Bryn seier dette den same dagen som det i Aftenposten står å lesa at Nelson Mandela legg fram eit forlag til løysing på konflikten i Burundi, at forhandlingane på Camp David er på randa av samanbrot og at den norske OSSE-formannskapen vert kraftig kritisert frå å ha trekt observatørane ut frå Kosovo. Dette opna vegen for fleire serbiske overgrep mot kosovoalbanarane, hevdar ein rapport frå den britiske utanrikskomiteen.
- Det var vanvittig å trekkja ut internasjonale observatørar ut frå eit området som stod i slik brann som Kosovo gjorde. Ein kan seia det så enkelt at Vollebæk valde å vera utanriksminister for eit Nato-land heller enn å vera leiar for OSSE, og det hadde han ikkje lov til. Norge skulle heller ha gjeve frå seg ansvaret til Carl Bildt og svenskane. Eg er særs overraska over at ikkje norske journalistar for lenge sidan har teke OSSE hardare sidan Norge som hadde leiarskapen i 1999, gjorde ein så slett jobb.
Bryn meiner at pressa einsidig omtala ekstreme situasjonar, handlingar og politikarar og at dette farga synet på konflikten.
- Brutaliteten vart overdimensjonert. Under bombinga såg ein tal på opptil 400.000 drepne. Totalt før, under og etter bombinga, i ein krig som byrja i 1997, snakkar ein no om 12.-15.000. I Herald Tribune var 44 av totalt 46 Kosovo-artiklar om såkalla ekstremhandlingar. Berre to handla om moglege løysingar. Poenget med å nemna dette er ikkje at albanarane ikkje vart behandla jævlig, for det vart dei. Poenget er å visa at den stereotype framstillinga nørde opp under hatet. Telemarks-bataljonen til dømes reiste nedover med sterke fiendebilete. Ein av soldatane sa: Eg hata jo serbarane før eg for nedover. Dei norske ungdommane brukte den seks månader lange tenesta på å finna ut at konflikten er mykje meir nyansert enn det dei hadde fått presentert på førehand. Ein kan difor også gjerne setja spørjeteikn ved Norge sin bruk av mange millionar på ein bataljon som måtte bruka
tenestetida i Kosovo til opplæring.
Ekstremfokuseringa i media påverka også norske politikarar som valde å gå til krig, hevdar Bryn.
- Når knapt ein stortingspolitikar hadde sett seg inn i Rambouillet-avtalen, hadde dei ikkje anna enn eit svart-kvitt mediebilete å forholda seg til.
- Korleis tolkar du Bondevik som helst unngår å snakka om krigen?
- Eg får i alle fall håpa at han har dårleg samvit, svarar Bryn kontant.
- Det skal også seiast; mange politikarar trudde me hadde prøvd alt medan me i realiteten ikkje hadde prøvd noko som helst. Det einaste politikarane hadde gjort var å sanksjonere. Men resultatet av at økonomien i eit land vert øydelagt, er som kjent at dei etniske konfliktane vert forsterka. Dette har ein erfart over heile verda, seier Bryn.
Han etterlyser no eit oppgjer med krigen som Norge var med på å føra, sakshandsaminga og måten stortingspolitikarane sette seg inn i Rambouillet-avtalen og måten Norge styrde OSSE på.
- Det bør setjast ned ein kommisjon, eit etterforskingsorgan, som greier ut desse forholda. Til no har det vore uvilje mot dette, men kan hende det kjem. I fjor vår argumenterte mange politikarar med rettferdig krig, men også desse har stilna no.
Bryn lutar lett framover der han kjem vaggande gjennom gangane på Nansenskulen skodd i svarte joggesko og kledd i blå Lee-bukse og ei gul skjorte med dei tre øvste knappane oppknepte slik at håra sprett opp frå bringa. Ei synfaring frå hovud via over- og underkropp til fot vert temmeleg forvirrande. Øvst liknar han mest på ein ortodoks prest, i midten ein cowboy frå Minnesota-bakkane og nedst ein urban asfalt-travar. Nissehua derimot brukar han ikkje fullt så mykje som han gjorde i fyrste halvdel av nittitalet då han leia eit felttog mot McNorge, Cola-religionen, amerikaniseringa av norsk kultur. Han pryda hovudstads-avisene med nissehua godt trekt ned over hovudet og medievenlege utsegner som Om hundre år må McDonald's flyttast til Maihaugen og Norge - ein amerikansk parodi!. Han meinte Gudbrandsdalen hadde forvandla seg frå å vera OL-dal til å bli Cola-dal. Sjuandesansen hans
fortalde om mange titals lysbileteføredrag kringom i heile landet. Folk kalla han både bygdeskikkpredikant og museal tradisjonalist.
- Dei som kjende meg, forstod at det låg mykje humor og ironi i nissehua som eg nytta for å visa kva kraft det ligg i dette symbolet. Eg dreit ut den amerikanske magien. Eg ville at me skulle verta meir opptekne av vår eiga kulturhistorie. Det vart for dumt at norske ungdomar i redsla for å verta oppfatta som sidrompa, etterlikna den einaste kulturen i verda som skaper sidromper.
Å stogga Cola sin dominerande frammarsj i verda, var den viktigaste oppgåva då, på same måten som Kosovo er det viktigaste i verda for han i dag.
- Evna til å bli eindimensjonal gjorde nok at eg greidde å få merksemd kring saka, seier kulturfilosofen som skreiv eit doktorgradsavhandling om den amerikanske kultursmitta i Norge og som gav ut boka Norske Amerikabilete - om amerikanisering av norsk kultur i 1992.
- Mange seier i dag at eg overvurderte farane, men det tek eg som eit kompliment. Arbeidet me gjorde i forkant av OL førte til at avtalen mellom Cola og kommunen om å gjera Storgata til ei Cola-gate, vart annullert. No er Lillehammer vorten ein triveleg by, ikkje berre på grunn av sigeren over det amerikanske brusmerket, men fordi folk etter kvart vart medvitne om kva tradisjonsverdiar som fanst i bygningsmassen. Ironisk nok laga Time ein reportasje om Storgata som sjølve eventyrgata. Sanninga var nok heller at gata var uttrykk for ein postmoderne tradisjonalisme, ein freistnad på å gjenskapa det autentiske, slik gata ein gong var. Men slik ho ser ut i dag, har ho nok aldri sett ut.
Bryn gjer krav på å verta trudd når han seier at han aldri har vore anti-amerikansk.
- Eg har vore anti-bruken-av-det-amerikanske-i-det-norske. Eg oppdaga Norge i USA. Eg oppdaga at nasjonen har ein kulturell verdi, at ein ikkje skal rokka ved flagget, musikken, dansen, maten, klede og nokre heilage stader, men der nasjonen blir ein politisk storleik, går grensa. Eg har alltid vore mot EU sett i frå Norge, men når eg har vore på Balkan har eg forstått at landa må inn i ein ny og større føderasjon. Du kan aldri få albanarar under serbarar, heller aldri serbarar under albanarar, men du kan få albanarar og serbarar inn under Europa.
- Kva med å sveisa Balkan saman kring ein felles ytre fiende?
- Det nettopp det dei har gjort opp gjennom historia og som er så farleg. Det er denne felles fienden som har vore tragedien på Balkan. Fyrst drep dei den fyrste fienden, så drep dei den andre fienden, til slutt drep dei kvarandre. Arbeidet mitt med Balkan har gjort det vanskelegare for meg å ta på bunaden i dag enn det var i 1990. Det meiner eg ikkje berre fordi eg har blitt feitare.
Steinar Bryn voks opp på Veitvet i Oslo. Faren døydde tidleg, så vesle Steinar måtte ta mykje ansvar heime.
- Når gutane byrja å sjå på tippekampen, måtte eg heim for å vaska huset. Eg hadde yngre sysken og ei mor som var mykje sjuk. Ansvarsevna og det å tenkja på andre sine behov fekk eg med meg heimafrå, seier firebarnsfaren som har funne si andre kone på Balkan.
At han til tider er på arbeid nesten heile døgnet og mykje på reise, set sitt preg på familielivet.
- Huset vårt er ofte fullt av ungdommar frå Balkan. Då Nato-bombinga byrja, var det mange her på Nansenskulen som ikkje kunne reisa heim. Då måtte albanarar og serbarar liggja i same seng heime hjå oss. Eg ser nok at barna mine har tapt tryggleiken med å ha faste fami-lieritual som middag til same tid kvar dag og sikre feriar. Når folk spør meg kvar eg skal i ferien, har eg ingen planar. Ungane vert fortvila når eg to dagar før avreise ringjer for å tinga plass på ein eller annan båt og alt er fullt. Me har fått ein dag-til-dag-livsstil. Det er vanskeleg å ha langtidsplanar når ein arbeider med stader som Bosnia.
Samstundes meiner Bryn at ungane også får mykje tilbake.
- Verda vert opna for dei, ei stor og spanande verd. På kulturkveldane her på Nansenskulen får dei energiske og levande inntrykk av Midt-Austen og Sør-Afrika og skjønar at dette også er menneske og ikkje berre flyktningar slik dei ser på fjernsynet. Dei har vore med på reiser sett at til dømes eit land som Montenegro har ein natur like målerisk som den norske.
Sjølv hentar Bryn kreftene frå takksemda han vert møtt med frå deltakarane på dialogseminara.
- Når dei fortel at møta med menneske på den andre sida av konflikten har endra måten dei ser verda på, gjev det arbeidet meining. Sjølv har eg ikkje mange behov. Spør du meg kva eg eigentleg vil, har eg ikkje tenkt på det. Eg tenkjer ikkje på morgondagen, men korleis ettermiddagen skal gå. Dette kan nok slita på menneska kring meg. Når dei spør kva planane er, har eg ikkje tenkt på det. Det kan nok provosera somme, men her på Nansenskulen har dei tillit til meg og til å forholda seg til augneblinken.
- Viss eg seier at dialogseminara berre er dropar i havet, kva seier du då?
- Det er ein drope i havet. Me er ein liten skule i nordenden av Mjøsa som ikkje trur me kan endra verda, men no har me seks sentra i Jugoslavia, Montenegro, Makedonia og Kosovo. Når kvart av desse involverer 200 personar kvart år, byrjar det å monna. Av deltakarane som har vore her på fredssommarskulen, stilte ein til presidentvalet i Bosnia, medan ein annan har ansvaret for å reformere Montenegro sine lover. Og når i tillegg halvparten av deltakarane har vore aktive i arbeidet for demokrati i etterkant av opphaldet på Lillehammer, blir det litt meir enn ein drope i havet. |