Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000

Roald Helgheim:
Det kvite kortet

I 1961 skreiv Frantz Fanon: “De borgerlige makthaverne i u-landene har stengt nasjonalfølelsen inne i steril formalisme, i stedet for å engasjere hver mann og hver kvinne i forståelige, fruktbare oppgaver som hadde kunnet fylle den med et kompakt innhold.” Boka hans heitte Les Damnés de la Terre, og kom i 1967 på norsk med tittelen Jordens fordømte, med eit gnistrande forord av Jean Paul Sartre. Fanon var afrikanar, men ikkje svart. Han var den algeriske revolusjonens ideolog, fødd i Fransk Vestindia i 1924. I 1950-åra kom han til Algerie som lege, og var med i frigjeringskrigen der frå starten. Han døydde i 1961, som algerisk ambassadør i Accra.

Jordens fordømte
var bibelen for unge radikale som solidariserte seg med u-landas frigjering frå kolonistyret. På 60-talet kom også briten Basil Davidson med klassikaren Hvor går Afrika?, ei bok som snudde opp ned på det herskande kvite synet på den afrikanske frigjeringa. I 1956 hadde kampen mot den engelske kolonimakta i Kenya kulminert i det såkalla Mau Mau-opprøret, der redsle-skildringane frå “Dei lange knivars natt” eksploderte i vestlege media. Nokre opprørarar gjekk til åtak på ein misjonsstasjon og slakta ned kvite misjonærar. Men då opprøret var over, var 13.000 kenyanarar drepne, mot 100 europearar. 20.000 kikuyuar, frå den mest opprørske stamma i landet, vart plassert i konsentrasjonsleirar. Slike tal eksisterte ikkje i den rådande mediedekkinga.

Når medieomtalen av det som skjer i Zimbabwe har fått slike proporsjonar, har det sjølvsagt årsak i den kvite faktoren. Det er dei kvite storbøndene - arven frå kolonitida - Robert Mugabe har retta den siste spydspissen mot. Men han spelar ut det kvite kortet i ein kampanje som skal ramme all politisk opposisjon i landet, svart som kvit. Den jordreforma han no har gjort til eit akutt spørsmål, har han hatt tjue år på å gjere noko med. Men han har mest delt ut jord til sine politiske vener i partileiinga og regjeringa. Mugabe har køyrt i grøfta ein økonomi som etter måten var bra då han tok over etter det kvite styret til Ian Smith og døypte om Rhodesia til Zimbabwe. Han har i staden brukt makta til å berike ein ny herskarklasse. I februar fekk han folket mot seg i eit avstemming om ei grunnlovsendring som ville gi han større makt.

Når han spelar ut det kvite kortet som politisk våpen mot all opposisjon, er han rasist god som nokon, berre med omvendt forteikn. Dei berykta fråsegnene sine om homofili har han også brukt til å karakterisere politiske motstandarar med. Robert Mugabe, sjølv ein intellektuell med kristen misjonsskulebakgrunn, spelar på alle måtar opp til det stereotype bildet av den nye herskarklassen i gamle koloniar. Frantz Fanons karakteristikk av korleis nye makthavarar stengjer nasjonalkjensla inne i steril formalisme, fekk ekstra aktualitet då Mugabe måtte avlyse 20-årsfeiringa av den stolte nasjonale frigjeringa, på grunn av det som i praksis er nasjonens politiske havari.

Men Frantz Fanon var ingen dyrkar av stereotypiar. Mens den vestlege rasismen bygde på menneskeforakt, meinte han at “det rasehat som preger innfødte bursjoasi i de unge afrikanske statene” var ei forsvarshaldning som “har sin rot i frykten”. Men mens Afrikas folk vakna til nytt medvit, gjorde “det innfødte bursjoasi sitt beste for å hindre at tanken om et samlet Afrika blir noe mer enn en utopi, i det det foretrekker å mele sin egen kake og skape sitt eget, nasjonale utsugingssystem”. Og i staden for å mobilisere folket “vender det blikket mot det forhenværende moderland og stiller seg til tjeneste for utenlandske kapitalister”. Dei eittpartisystema somme nye nasjonar tok i bruk, kalla han “borgerskapets diktatur i dets moderne, usminkede, skruppelløse og kyniske utgave”. Om Fanon sjølv kunne vere ein revolusjonær utopist, har det følgjande sitatet likevel fått ein ubehageleg aktualitet, førti år etter at Fanon skreiv det:

“Når vi bekjemper bursjoasiet i u-landene, er det ikke av teoretiske grunner. Det er ikke spørsmål om å fortolke den dom historien eventuelt måtte ha uttalt over denne samfunnsformen. Vi bekjemper den ikke fordi den risikerer å hindre nasjonen som helhet i å utvikle seg harmonisk. Vi bekjemper den fordi den kort og godt ikke gjør noen nytte. Vi har ikke bruk for et bursjoasi som er i den grad middelmådig, selv i sin havesyke, og som bare tenker på å skjule denne middelmådigheten bak en glitrende, individuell fasade: blanke dollarglis, ferieturer til Rivieraen og lørdagsopptredener i nattklubbenes neonlys”.   
Roald Helgheim
 

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |