Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000
Musikk:
Fast og flytande
På Solid Ether vandrar Nils Petter Molvær vidare på den vegen han byrja på med Khmer.
Nils Petter Molvær:
Solid Ether
ECM (Musikkoperatørene)
Etter ein konsert Nils Petter Molvær heldt på Kongsberg Jazzfestival i fjor, kalla Dagbladet det Molværs oppgjør med jazzen. Etter konserten hans på Vossa Jazz i år, melde VG at han hadde tatt det endelege oppgjøret - med jazzen. Men det var til denne jazzfestivalen han i 1996 skreiv bestillingsverket Labyrinter, som han bygde på då han i 1998 kom ut med Khmer. Dette albumet skulle resultere i eit internasjonalt gjennombrot ein norsk jazzmusikar ikkje har opplevd sidan Jan Garbarek erobra verda utanfor Norge.
Der Miles slutta
Khmer var ein musikksensasjon, og ein engelsk kritikar kalla Molvær musikaren som hadde kome vidare der Miles Davis ikkje kom lenger. Med å bringe drum'n bass, tekno og andre nye element inn i jazzen har Molvær vore med å sprengje dei musikalske grensene og erobra eit publikum som på jazzfestivalane fyller dei store idrettshallane. På tidleg åttital var han den unge norske jazzens vidunderbarn (ein av dei først uteksaminerte ved jazzlina i Trondheim). Saman med veteranane Arild Andersen og Jon Christensen, pluss Tore Brunborg og Jon Balke, var han med på å starte gruppa Masqualero, med eit debutalbum det stadig er ein sann svir å vende attende til. I mine øyre er det den dag i dag det beste frå denne kvintetten, og her kan du høyre det første musikalske take off frå den Miles-inspirerte Molvær som slett ikkje berre hadde jazz i sitt sunnmørske blod, men som i tenåra var
rockemusikar på fleire instrument før han slo seg på trompeten. Medspelar i rockeband har han vore seinare også, samstundes som han reindyrka den akustiske musikken i bandet til Sidsel Endresen.
Det var for musikk han brukte i Labyrinter og Khmer han vart nominert til Nordisk Råds musikkpris i fjor. Samanlikna med den stereotype jazzrocken vi enno høyrer dyrka slik den gamle Weather Report-bassisten Victor Bailey gjorde det på Voss, har den musikalske utviklinga Molvær står for ei heile anna spennvidd i seg.
Lyrisk og rått
Molvær har sjølv kalla Solid Ether ein råare versjon av Khmer. I sum kan nok det vere rett, men det lyriske i Molværs trompetspel tykkjer eg stadig gjennomstrøymer heile verket, uansett råskap når heile det elektroniske maskineriet dundrar i veg. Det er den same melankolien som når han på lommetrompet opnar det første nummeret Sweet Indeed vi kan høyre heile tida. Det mest lyriske av alle er Kakonita, bygd på eit stykke frå Molværs musikk til Frosset hjerte, den dramatiserte dokumentaren om Roald Amundsen bygd på biografien til Tor Bomann-Larsen. Amundsen adopterte to eskimojenter som han viste fram verda rundt før han sende dei attende dit dei kom frå. Tragomar er ei anna lyrisk stemning, med eit gitarkomp av Eivind Aarset som er akustisk på ein annan måte.
Men å lytte til Molværs musikk er ikkje berre å høyre på ein låt. Detaljane i den musikalske miksen og kva maskiner han er sendt gjennom, kan du lese i omslaget. Men resultatet, det er eit uhyre mangefasettert bilde frå den musikalske skogen som også har inspirert tittelen til det todelte stykket Vilderness. Og som kontrast til den moderne teknikkens vedunderlege verd serverer Molvær oss to små blad Merciful, der Sidsel Endresen syng sin eigen tekst til Molværs piano. Solid Ether, det er både fast og flytande. Det er ingen dårleg tittel.
Roald Helgheim
|