Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000

Leiar:
Solidaritet?

Den som hamna i Hallingdal, i Ålesund eller på Youngstorget på 1. mai, sit att med eit vrangsnudd bilete av det landet me lever i. Dagen nærmar seg stadig meir det store karnevalet; dagen då det viktigaste er å iføra seg kostyme, meiningar og faner som ein slett ikkje er i nærleiken av resten av året. Dei som køyrde gjennom Hallingdal denne dagen, møtte ikkje store opptog, men merka seg at annankvar bonde markerte den internasjonale arbeidardagen. I skodda og regnet hang det norske flagget slapt langs stengene, og ute på dei regnvåte åkrane var det nesten ikkje ein bonde å sjå.

Men det er ikkje berre hallingdølane som prøver seg på 1. mai-feiring. Den som møtte fram for å delta i toget i Ålesund, kunne fort verta forvirra; han kunne rett og slett få inntrykk av at Noreg har ein sosialistisk statsminister. For der gjekk den lyseblåe Jens Stoltenberg smilande under ei fane som han aldri går under elles i året. “For eit sosialistisk Norge”, stod det på fana, men innhaldet i sosialismen sa statsministeren ingenting om i talen sin. Det hadde ingen venta heller; det er lenge sidan Jens Stoltenberg har sagt noko meiningsfylt om sosialismen. I staden gav han uttrykk for trua på at det skal vera mogeleg å vidareføra ein solidarisk lønspolitikk; kva no det måtte vera.

Kanskje sikta Jens Stoltenberg til den solidariske lønspolitikken til LO-leiaren. Det er ikkje så lenge sidan Yngve Hågensen argumenterte for eit kraftig lønshopp for seg sjølv. Dei ti millionane som han var med på å gje i førtidspensjon til Statoil-sjefen, høyrer med i same solidaritetspakka. Endå meir solidaritet oppnådde Hågensen då Statoil-sjefen vart pressa til å seia frå seg den gunstige avtalen. Harald Norvik fekk berre 4,4 millionar kroner i sluttvederlag og 1,4 millionar kroner i årleg pensjon. På Youngstorget 1. mai stilte den hyklerske LO-sjefen i ny habitt. No galdt det vanlege folk, og LO-leiaren gav dei skyhøge leiarlønene skulda for at det vart nei ved urrøystinga. Han sa til og med at storstreiken er eit opprør mot ukulturen frå leiarskapet i norsk næringslivet.

Der og då hadde Yngve Hågensen fortent at dei frammøtte vende han ryggen. Der og då hadde dei fagorganiserte fortent at han tok bukkeskjegget og gjekk, for mykje tyder på at Yngve Hågensen har mista kontakten både med fagrørsla og grasrota. Neste gong når 1. mai skal feirast, er ikkje Yngve Hågensen LO-leiar lenger. Kanskje bør han då ta seg ein tur oppover i dei norske dalane for å finna ut kva dei norske bøndene tener, og kva dei meiner om solidarisk lønspolitikk.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |