Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000
Klok på bok 464:
Klok på tedrikking
Når somme av Dag og Tid-journalistane laga bilag om Island, bestemte Barabass og eg oss for at vår litterære nøtt måtte ha med Island å gjera. Som tenkt, så gjort. Me har fått fem korrekte svar på islandsoppgåva. Barabass seier han er sikker på at det er haugevis med kloke lesarar der ute. Han undrar seg på kvifor dei ikkje sender inn svar til Klok på bok. Me er i alle fall svært glade for dei svara me har fått.
Det er ekstra hyggelig å være tilbake etter noen ukers hjernetørke. Denne gangen var det Halldor Laxness' sine 'Notater om de islandske sagaer' fra 'Egil Skallagrimsson og fjernsynet' (1968), i bokmålsomsetjing av Ivar Eskeland, skriv Morten Haugen på Ørland folkebibliotek i Brekstad. Det har Morten Haugen rett i. Gunder Runde i Ulsteinvik klarar ikkje å halda seg borte frå Klok på bok-spalta. Det er me glade for. Han skriv slik denne veka: Den tilsynelatande smålåtne uttrykksforma i 'krafset ned' peikar mot sjølvaste Meisteren i islandsk boksoge: Halldor Kiljan Laxness. Og når ein ser at dette essayet - sprengfullt av kunnskapar og vidsyn - er på meir enn 50 sider, vert ordet 'krafset' sett inn i sitt rette perspektiv. Ein av dei forfattarane som eg har hatt aller mest glede av gjennom eit langt lesarliv. Det er Ivar Eskeland som har omsett essayet, frå 'Sjalfsagdir hlutir' utgitt
i Reykjavik i 1946. I dansk-norsk-språkdrakt heiter essayet 'Notater om de islandske sagaer', og står i boka 'Egil Skallagrimsson og fjernsynet' - utvalde essay (1968). Ifølgje Laxness sjølv var det redaktøren av tidsskriftet 'Maal og menning' som bad han om å prente dette essayet. No er dette tidsskriftet utvida til både forlag og bokhandel (ein draum av ein bokhandel i Reykjavik!), skriv Gunderen i Ulsteinvik. Ranveig Lundquist i Orkanger svarar som vanleg aldeles korrekt på ein kvit konvolutt. Lars Moa i Stjørdal sender postkort med den gamle kyrkja i Vidimiri nord på Island, bygd i 1834. Undras på om vinnarsjansane aukar når eg sender svaret på eit ekte islandsk postkort. Etter å ha kjørt frå Stjørdal til Hegra, fann eg svaret. (Hovudbiblioteket på Stjørdal hadde ikkje boka, men filialen i Hegra hadde.) Og Lars Moa sitt svar er heilt riktig. Ein
imponerande innsats for å finna Klok på bok-svaret, meiner Barabass. Nils Aksel Danbolt Mjøs har sete på Ervingen i Bergen og tippa på Laxness. Korrekt svar, Nils Aksel!
Paula på posta les seg for tida opp på forfattarskapen til Laxness. Ho kom ein dag Barabass og eg hadde ein liten matbite på trappa i godveret. Paula doserte om Laxness. Han vart fødd 23. april 1902, døde 8. februar 1998, vart katolikk og levde ei tid i kloster i Luxembourg, skreiv den fyrste romanen berre 16-17 år gammal, budde ei tid på Sicilia, vart sosialist i Los Angeles, skreiv i trettiåra sosialistiske romanar som Salka Valka, Frie menn og Verdens lys, fekk nobelprisen i litteratur i 1955, brukte den islandske historia og den litterære arven som ein ressurs i forfattarskapen sin, bøkene til Laxness er omsett til meir enn 40 språk - ramsa ho Paula opp i rasande fart. Barabass og eg vart tause av all kunnskapen til ho Paula. Me må skjerpa oss, sa Barabass etter at matpausen var over og Paula var forsvunnen.
Klok 464
Under visse omstendigheter finnes det få timer i livet mer velgjørende enn den timen som er viet til seremonien vi kaller ettermiddagste. Det finnes omstendigheter, enten man tar del i tedrikkingen eller ikke - enkelte mennesker gjør naturligvis aldrig det - da situasjonen i seg selv er en fornøyelse. De omstendigheter jeg har i tankene idet jeg begynner å fortelle denne enkle historien, dannet en glimrende ramme rundt et slikt uskyldig tidsfordriv.
Kven har skrive dette? Og kva tid? Og kvifor? Forfattaren beundra George Eliot, Flaubert og Turgenjev. Skreiv mellom anna for teater, reiseskildringar og sjølvbiografiske verk. Var oppteken av amerikanarars møte med europeisk kultur. Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 10. mai. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|