Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000
Herbjørn Sørebø:
Ei sanning sannar seg
Hastverk er lastverk. Det er ei gammal sanning som har sanna seg i samband med innføringa av kontantstøtte-ordninga. Kjell Magne Bondevik og partiet hans hadde ikkje tid til å vente med innføringa til det var gjort ei utgreiing om kva verknadene ville bli. Årsaka til hastverket var vel at det var uvisst kor lenge regjeringa med Kristeleg Folkeparti i spissen skulle få sitje. Dessutan var det skepsis og direkte motvilje i dei to andre regjeringspartia, og det galdt å slå fort til før det vart sprekk i koalisjonen på saka. I og med at Arbeidarpartiet sette seg tvert imot ordninga, måtte koalisjonen gå til Høgre og Framstegspartiet for å få fleirtal. Det var ikkje av det gode for koalisjonen, og det vart til og med underskrive ein bindande avtale som var eit hinder for den ubundne politikken koalisjonen ville føre elles. Nå kjem det for dagen prov på kontantstøtte-ordninga fekk uheldige
verknader som det kan bli vanskeleg å rå bot på, sjølv om det ikkje vart så ille som somme spådde.
Statistisk Sentralbyrå slår fast at mødre med barn på 1-2 år samla har redusert yrkesaktiviteten med mellom 3500 og 4500 årsverk. Dette har - slik ein kunne tenkje seg - gått hardast ut over omsorgs- og skole-sektoren. Dette er dei to sektorane som har dei største vanskane med å skaffe arbeidstakarar i det omfanget som trengst. Tiltak for å hente kvalifiserte frå dei andre nordiske landa har ikkje løyst vanskane. Nå er det vel ikkje realistisk å tru at kontantstøtte-ordninga blir avvikla. Dermed står ein overfor ei krevjande utfordring med å finne ut kva som skal gjerast for å lokke folk til desse yrka. Er det noko anna enn betre løn?
Det vart spådd at kontantstøtte-ordninga ville føre til at det vart mindre tempo i utbygginga av barnehagar. Det vart til og med sagt at det ville rasere tilbodet. Ein reduksjon har det også vorte, men ikkje så stor som det vart skremt med. Barne- og familie-departementet lova at utbygginga skulle halde fram som planlagt, men det seier seg sjølv at uvissa om verknadene av kontantstøtte-ordninga ville vere bremsande. Ein måtte få klarlagt kva som trongst.
Innføringa av kontantstøtte har gjeve mange mødrer meir tid til barna. Det er den gode sida. Mindre bra er det at mange har brukt kontantstøtta til å leige tilsyn med barna - og så halde fram i arbeidet som før. Det var ikkje den berande tanken med reforma. Sett frå eit likestillings-synspunkt er det heller ikkje av det gode at det i all hovudsak er mødrene, ikkje fedrane, som har nytta seg av kontantstøtta. Kinder, küche, kirche, heitte det ein gong.
Kontantstøtte-ordninga er den største reforma som er sett i verk i familiepolitikken her i landet på lange, lange tider. Dei uheldige verknadene som nå kjem for dagen, viser kor gale det er å tvinge gjennom ordningar som ikkje er utgreidde godt nok. Politisk er det vanskeleg å avvikle ordningar som er eit økonomisk gode for mange. Dei verknadene som nå blir påviste, bør føre til at regjeringa og sentrumspartia set seg saman og gjer eit alvorleg forsøk på å finne fram til endringar, utan at det blir eit prestisjetap for nokon av partane.
|