Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000

Kronikk:
Er det samanheng i norsk forskingspolitikk?
Det norske forskingsrådet styrer det meste av våre mobile forskingspengar (halvannan milliard). Alternativ finst omtrent ikkje. No vil Forskingsrådet utvikle “sentra for framifrå forsking”. Vil det skape “det gode universitet”, spør Jon Bremer, pensjonert professor.

I desse dagar flytter norsk medisin med eit hundretals professorar inn i det nye Rikshospitalet med kliniske avdelingar, bibliotek og grunnforsking. Alle har plikt til å forske - for å sikre kvaliteten i norsk medisin og undervisning. Prislappen for den nye universitetsklinikken er sju milliardar kroner - eller ein vinterolympiade. Eg veit ikkje om det er samanfallet i pris som har fått Det norske forskingsrådet til å forveksle den medisinske arenaen med ein olympiastadion der ein peikar ut gullmedaljevinnarar som skal gje oss internasjonal prestisje. Rådet meiner at Noreg kan og bør vere i forskingsfronten på eit fåtals område, så no har det invitert universiteta til å peike ut grupper som kan utvikle seg til slike “sentra for framifrå forsking”. Det blir vel tale om ein-to på kvart av våre fire universitet?

Det medisinske fakultetet i Oslo sende invitasjonen vidare til sine forskarar, og bad meg vere “meddommar” i konkurransen mellom meir enn 20 deltakarar.
Denne invitasjonen frå fors-kingsrådet fekk meg til å hugse da sonen min ein dag kom heim frå skulen og ivrig fortalde at “i dag var det eit fælt leven i klassen”. Vi spurde kva som var skjedd. Den nye læraren hadde bedi ein elev hente ei bok i bib-lioteket, og hadde lagt til: “Og så kan du ta med ein av dei andre”. Da storma halve klassen fram og ropte: “Ta med meg, ta med meg”.

Utstyr utan forskarar

Ein professorkollega som ikkje deltok, har flytta inn i eit flunkande nytt universitetsinstitutt ved sida av det nye Rikshospitalet, ideelt plassert for samarbeid med hospitalet. Prislappen for det instituttet må vere minst hundre millionar. I det instituttet står det i dag nytt, hypermoderne utstyr for ti millionar. Det var påfallande stilt i laboratoriet hans - så eg spurde kva slag fors-kingsgruppe han no hadde? To studentar - og 20.000 kr frå universitetet til drift. Han spøkte ikkje. Det nye laboratoriet hans ville vere ei ideell ramme for tre-fire stipendiatar og eit par ingeniørar i tillegg til hovudfagsstudentane. Driftsbudsjettet for ei slik medisinsk forskingsgruppe i dag er ein million kroner pluss løner, sosiale utgifter, og etter kvart midlar til vedlikehald og fornying av utstyret.

Denne kollegaen har eg kjent gjennom mange år som litt av eit “sentrum for framifrå forsking”, sitert i internasjonal litteratur, med internasjonale samarbeidspartnarar, og aktiv i universitetsundervisninga. Det er dusinvis av slike “sentra for framifrå forsking” ved universiteta med internasjonale og tverrfaglege kontaktar, og ofte med gjesteforskarar. Ein kollega ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet gav sitt problem i eit nøtteskal: “Korleis skal eg kunne utdanne hovudfagsstudentar når eg ikkje får fors-kingsmidlar til mine prosjekt?”

Naturvitskapleg grunnforsking

Norske styresmakter har lova opprusting av norsk grunnfors-king. Dei har nok ei aning om at det er samanheng mellom grunnforsking og kunnskapsnivå i ein “kunnskapsnasjon”. Difor skapte samfunnsforskaren Hernes Det norske forskingsråd som no skal programstyre oss fram til kunnskapssamfunnet ved hjelp av “sentra for framifrå forsking”. Resultatet av ein slik politikk trur eg blir ei lita “innegruppe” av forskingspolitikarar og “eliteforskarar” som blir konsulentar for vårt einaste fors-kingsråd, og som lagar programma det styrer etter. I Sverige har det vori bråk kring Løntakarfonda som er forvandla til forskingsfond, på grunn av liknande tendensar.

Eg har også ein stygg mistanke om at det er litt for mange av våre forskingspolitikarar som lite anar korleis medisinsk- og naturvitskapleg grunnforsking fungerer i kunnskapssamfunnet. La meg konkretisere den funksjonen med eitt døme:

I 1997 fekk den danske kirurgen Jens C. Skou Nobelprisen i kjemi. Legg merke til, han fekk prisen i kjemi, ikkje i medisin. At kjemikarar har fått prisen i medisin, har hendt ofte og undrar ingen som har litt innsyn i korleis kjemisk kunnskap er ein føresetnad for dei fleste framstega i medisinen, men korleis kunne det omvendte skje, at ein kirurg får prisen i kjemi?

Skou har sjølv fortalt om det i skriftserien People and Ideas(Folk og idear) gjevi ut av det amerikanske fysiologiselskapet. Den artikkelen burde vere pensum for alle forskingspolitikarar.

Saltpumpa
Som kirurg var han interessert i lokalbedøving, for, som han seier: “å unngå ubehaget ved eteranestesi”.
Skou hadde forskarambisjonar og utvikla ein idé om at lokalanestetika verka på reaksjonar i cellemembranen i nervecellene, og at dette skulle hindre overføring av smerteimpulsane. Acetylkolin er ein viktig impulsformidlar i hjernen, så han starta med å studere reaksjonen som bryt ned dette stoffet. Desse forsøka gav lite. Samstundes studerte han litteraturen som fors-karar flest, på utkikk etter andre reaksjonar han kunne teste ideen sin på.

“Eg las om ein magnesium-stimulert reaksjon (kalla ATPase) i nervefibrane til blekksprut”.
Han hadde ikkje slike blekksprutar, så han prøvde med krabbenervar. I dei forsøka oppdaga han at ikkje berre magnesium, men også vanleg salt stimulerer denne reaksjonen. Han forstod at dette var viktig, fordi reaksjonen kunne ha med salt-transporten gjennom alle cellemembranar å gjere.
“Interessa mi var lokalanestesi, så det forstyrra planane mine at eg plutseleg hadde i hendene det som såg ut til vere saltpumpa”. (På det tidspunktet var den livsviktige salt-transporten gjennom cellemembranar av heilt ukjend kjemisk natur).

Han skreiv og heldt foredrag om funna sine, også på eit møte i Buenos Aires i 1959.
“Professor Hodkin inviterte meg til lunsj for å høyre meir om enzymet. Interessa hans gjorde inntrykk på meg, og eg byrja forstå at identifiseringa av salt-pumpa hadde ei viss interesse”.
Skous konklusjon etter Nobelpris og verdsry burde vere interessant for alle forskingspolitikarar:
“Hadde salt-pumpa ikkje blitt oppdaga i Århus, så ville ho sikkert blitt oppdaga ein annan stad. Men oppdaginga skaffa instituttet kontakt med den internasjonale vitskapsverda”.

Mangfald

Dette er grunnforsking i eit nøtteskal: Interesse for forsking, idear (ofte galne idear), forsøk, litteraturstudiar, tilfeldige observasjonar, evne til å forstå betydninga av slike observasjonar (“serendipidy”), og eit sluttresultat som er viktig langt ut over utgangsideen.

Århus blei sjølvsagt eit “senter for framifrå forsking” i mange år etterpå, og la meg legge vekt på etterpå. Skous bragd er tenkjeleg berre der forskingspolitikken tar vare på mangfaldet, som også gjev plass for ein kirurg med ein god (men feil) hypotese. Til det treng vi eit fors-kingsråd som ser si oppgåve i å skape rom for slike personar og smågrupper.

Dagens norske forskingspolitikk har gløymt universiteta og universitetsklinikkane som naturlege arenaer for slik mangfaldig forsking og for formidling av den internasjonale kunnskapsfronten som fylgjer med. Universiteta har mange fag, mange forskarar og mange kunnskapsfrontar å formidle, fyrst og fremst til studentane på alle nivå. Det er ei gåte korleis fem-seks “sentra for framifrå forsking” skal løyse den oppgåva.

For ei tid sidan sa kollegaen til Hernes, samfunnsforskaren Knut Ringen, at grunnforsking like godt kunne leggjast utafor universitetet. Samfunnsforsking er vel framleis på eit så enkelt fagleg nivå at Hernes og Ringen kan formidle resultata sine til samfunnet i Dagbladet. I naturfag og medisin må vi i hovudsak gå vegen om studentane, dei framtidige ekspertane i næringsliv, helsestell og styringsverk.

Haldningsendringar

Aftenposten
har også ei enkel oppskrift og trur vi kan rette opp vår status som medisinsk B-nasjon med haldningsendringar hjå legane.

Politikaren Opseth vil byggje IT-senter for milliardar på Fornebu. India har visst satsa stort på å utdane IT-ingeniørar, så Opseth kan kanskje finne eit par tusen IT-ekspertar der. Dei norske er alt mangelvare.

Direktør Hambro i Forskingsrådet spør kva universitetet kan bidra med i norsk forsking, men driftsløyvingane der til forsking har fordunsta mellom anna fordi universitet har underskot på lønsbudsjettet. Berre talet på studentar, studieplanar, administrasjon og kontroll har voksi i omfang, og professorane byrjar sjå seg om etter anna sysselsetting. Det gamle allmennvitskaplege fors-kingsrådet (NAVF) såg det som si primære oppgåve å stimulere så mange forskarar som råd ved universiteta. Det nye forskingsrådet nektar å ta på seg den rolla.

Det norske forskingsrådet styrer det meste av våre mobile forskingspengar (halvannan milliard). Alternativ finst omtrent ikkje. No vil Forskingsrådet utvikle “sentra for framifrå forsking”. Vil det skape “det gode universitet”? Eg veit ikkje kor mange av Noregs fleire tusen universitetsprofessorar det blir plass til i slike sentra, hundre? Dei privilegerte slepp vel å undervise også.

Spørsmålet er kvar vi må få haldningsendringar som vil bety noko for norsk grunnforsking og universitetsundervisning: Hjå politikarane, som morar seg med olympiadar, flytog og luftslott på Fornebu, hjå våre kapitalistar, som morar seg med ridehestar, fotball og racerbåtar, i Forskingsrådet, som ser lukka i olympiske (forskings)medaljar, eller mellom professorane, som snart må forske på fritida?
Jon Bremer

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |