Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000
Bøker:
Høvring på bokmål
Gjennom å utvikla eit allment problemfelt til god, modernistisk og gåtefull poesi syner Mona Høvring at ho har kontroll over diktsamlinga som sjanger.
Mona Høvring:
Ensomme badedager og andre dikt
Oktober
Eg må innrømma at eg er i litt dårleg humør i dag. Og det er ikkje bare fordi eg blir forstyrra av at ho eg bur saman med sit og forstyrrar meg med å sjå det finske motsvaret til spelemannspris-utdelinga på TV. For i tillegg har eg den andre diktsamlinga til Mona Høvring framføre meg. Høvring debuterte på Gyldendal med IIK! Ein dialog i 1998: ei bok som tok utgangspunkt i ei autentisk kjærleikshistorie frå antikken, mellom ein forfattar og ei ung kvinne, og som let den tause kvinna komma til orde i ei bok eg likte svært godt. Og det er eigentleg det at eg likte den boka så godt som irriterer meg skikkeleg. For Høvring har skifta frå Gyldendal til Oktober, og frå eit originalt grep knytt til antikken til meir ordinær kroppstematikk sidan då. Og frå nynorsk til bokmål.
Boka, som har fått tittelen Ensomme badedager og andre dikt, har eit trendy fotografi à la The Face eller liknande blad på framsida: ei ung jente i halvt frika og halvt babe-orienterte klede som står framføre ein vegg som er dekka av raude baderomsfliser. Ho smiler og held seg for augene.
Når det gjeld sjølve tematikken i boka, så har det altså ikkje noko med den antikke å gjera lenger. I staden blir det vel skissert at det handlar om ei kvinne som er 36 - som forfattaren - og som etter kvart utviklar eit forhold eller ein refleksjon kring eit forhold til ein mann. Eit fysisk forhold.
Om eg har forstått det rett, siktar tittelen til den eine sida i bokas sentrale motsetnad. Men her er først eit døme på den andre, det som ikkje er einsame badedagar:
Havet hennes
solskinnet er ikke vakkert, ikke badedag-ufarlig
sædsmaken blander metall og metall
smeller i øynene og hun må tisse
i den stillinga er hun ei bunnløs lita fitte som lar urin renne
mellom fingrene hans
hun vil gjemme seg, men må ikke
ikke synke nå, vet du
holder sigaretten
er en fraflytta engel
Her er dei to-same. Her er det farleg og skamfullt, trur eg: for sjølv om dei som skal ha greie på slikt påstår at såkalla golden showers og liknande var in på midten av 90-talet, så er det heilt tydeleg ein trong til å søkka ned i skamma og gøyma seg som må motarbeidast, og som blir motarbeidd gjennom ei fokusering på det opphøgde i det ein held på med: Fleire vil sikkert kjenna att den avsluttande allusjonen til den halvforelska mannen som står og røyker og ser ei vakker kvinne i Byens metafysikk av Rolf Jacobsen. Og det er tydelegvis dette utgangspunktet i det reine og fine det må fokuserast på for at ein skal greia seg gjennom dei kroppslege utskeiingane i Høvrings dikt.
Men tosomheita er ikkje det einaste. I diktet ovanfor ser me at badedagane blir karakteriserte som ufarlege, og som det motsette av dette tosame og kompliserte. Og det er nok slik det skal forståast. For i tittelen - og i titteldiktet - er ho altså einsam, og då tenker ho at også han har svømt i forstervann. Ho tenker han med andre ord inn i ein kroppsleg kontekst, og evner å etablera ei form for identifikasjon og likskap mellom dei. Det oppstår ei eller anna form for balanse her som ikkje var til stades i urin-diktet ovanfor.
Nå skal ein ikkje forstå dette slik at det å vera aleine i denne boka blir knytt til nærast religiøst opphøgde situasjonar, slik at ein får ein motsetnad mellom seksuelle utskeiingar saman med mannen og frelse når ein er einsam. I staden ser det ut til at dikta i boka stort sett rører seg opp mot oppløysinga av denne motsetnaden frå kvar si side av grensa, så å seia. I diktet om samleiet såg me at det var tankar om det opphøgde som heldt henne oppe, så å seia. Og i eit anna dikt blir ei harmonisk skildring av eit samleie i staden avslutta med ei konstatering av at ho har en viss forståelse for Maria.
I fleire av dikta der ho er åleine, er det dessutan tydelege oppladingar av seksualitet. Mellom anna når ho ser seg sjølv i spegelen på badet. Så i staden for å sjå boka som ei etablering av ein låst polaritet, handlar det nok meir om ein poetisk refleksjon kring dette etter kva eg forstår ganske allmenne spørsmålet, om tilhøvet mellom frigjeringa i seksualiteten og det motsette. Til dømes oppfattar eg formuleringa hun savner å kysse ham/ vil ned på alle fire, ha ham i munnen - frå eit av dei siste dikta i boka - som ei kopling mellom sakn/kjensle på eine sida og fysisk attrå på den andre. Den tilsynelatande underkasta og skamfulle situasjonen blir sett inn i ei kjensleverd og gjort til noko fint, sterkt og fritt.
Som heilskap er boka laust samansett, og det er ikkje lett å få auge på dei store linene i ho. Men dikta er gjennomgåande gode. Og gjennom å utvikla eit allment problemfelt til god, modernistisk og gåtefull poesi syner Høvring at ho har kontroll over diktsamlinga som sjanger. Skulle eg ha noko å innvenda, så måtte det vera at eg har problem med å låsa fast eit fokus i boka: er dikta sedde frå innsida, frå eit opplevande menneske, eller er dei bare utvendige og trendy refleksjonar?
Eg veit eg er urettferdig nå. Men ein forfattar som oppfinn seg sjølv på ny så totalt mellom den første og den andre boka må vel tola innvendingar av denne typen. Og eg er som sagt sur i dag. Det er derfor eg ikkje heilt vil ut med det eg meiner, at dette er ei bok av høg klasse.
Hadle Oftedal Andersen
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|