Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000
Teater:
Livets uuthaldelege paradoks
Nils Sletta gjer dei 70 minutta med Kjellarmennesket til ei intens stund, messande, undrande, påståeleg, ettertenksam, skriv Asgeir Olden.
Det Norske Teatret:
Kjellarmennesket notat frå djupet
av Fjodor Dostojevskij,
tilrettelagt og framført av Nils Sletta
Nede i eit armodsleg kjellarrom sit det ein stakkar og tenkjer, ikkje så mykje på sitt materielt heller fattigslege tilvære, men på livet, på lagnaden sin, på kvifor han er som han er. Han boltrar seg i finurlege paradoks, av og til som den reine Erasmus Montanus, andre gonger med sine eigne opplevingar som tema. Ordhag er han, ein danna mann på eit vis, men vond, i alle fall håper han at han er det. For kva skulle denne grublaren vere, om ikkje vond? Han kan ikkje kome på det, så han argumenterer og filosoferer seg inn i dette eine hjørnet, og prøver så godt han kan å stengje resten ute. Heilt lykkast han aldri, og dermed lid han også nederlag på nederlag i sine frustrerte freistnader på å sjå seg sjølv som reine styggen.
Sitt eige liv prøver han også å avskrive i ein rekneskap der han aldri heilt finn seg verdig å bli eit krek. Så han forskar vidare i motsetningspara han skaper medynk og raseri, hat og attrå, å elske og å tyrannisere. Problemet hans er at han aldri greier å skilje hjarte og hjerne, metafysikk og rasjonalitet. Kor kynisk han enn vil framstå, han maktar ikkje å følgje lina heilt ut. To historier frå hans tidlegare liv, eit møte med gamle skulekameratar og eit anna med ein prostituert, skulle vere bevisa i hans logiske øvingar, men reknestykket går ikkje opp. Han får stadig eitt eller anna i mente. Stadig liknar han mest eit menneske.
Sørgeleg aktuelt
Ikkje minst i møtet mellom metafysikk og rasjonalitet, mellom refleksjon og erfaring, mellom kjensler og logikk har Kjellarmennesket notat frå djupet mykje å fortelje oss som meiner vi lever i ei moderne verd. Problemstillingane er sørgjeleg aktuelle. Strengt tatt burde framføringa ha vore pensum i leiaropplæring og i andre fora der forholdet mellom liv og lære, å leve og å ha burde vere eit tema.
Nils Sletta gjer dei 70 minutta til ei intens stund, messande, undrande, påståeleg, ettertenksam. Få fakter, få geberdar, lite anna enn Nils Slettas djupe forståing av kjellarmennesket er på scenen. Kanskje er eg gammaldags som elskar slike tekstnære, nykkefrie opplevingar som talar rett til hjartet. Men for å overbevise andre om at dette er strålande kunst og føde for våre tankar, kunne eg jo vere litt moderne og seie at dette var rått. For det var det.
Asgeir Olden
|