Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000
Roald Helgheim:
Wallraffing på norsk
Journalistane har hatt skup-seminar og delt ut prisar til seg sjølve. Der var også Günter Wallraff, som med metodane sine skapte eit eige begrep innan journalistikken, wallraffing. Gjennom å kle seg ut som tyrkisk gjestearbeidar avslørde han handsaminga av innvandrarar i Tyskland i boka Aller nederst. Som journalist i Bild Zeitung avslørde han den verste tabloidjournalistikken i Avsløringen, og la seg ut med det mektige Springer-konsernet. Han har vore aktiv som avslørande journalist etterpå, men dette er dei mest kjende sakene, der han også tok i bruk omstridde journalistiske metodar som falsk identitet. Men det viktigaste var at han brukte dei til å avsløre baksida av samfunnet på ein måte som kravde stort mot. Det er dei færraste unnt å gjere slike journalistiske scoop, men det blir sjølvsagt utført kritisk journalistikk av betydning for samfunnet,
på ulike nivå.
Om det er eit paradoks at yrkesutøvarar får pris for å gjere jobben sin, er ei anna sak, men rett før skup-helga kom Norsk Journalistlags eigen rapport om dekninga av drapssaka i Hedrum sist sommar, den såkalla Kristin-saka. Der utgjorde wallraffinga slike metodar som å lure klassekameratar til å identifisere bilde av den drepne, mot dei pårørande sin innstendige vilje. Andre fekk folk til å snakke ved å innbille dei at dei, journalistane, nærmast jobba på oppdrag for å hjelpe politiet. Ein annan overmodig journalist prøvde å ta seg bakvegen inn til dei pårørande gjennom å gå gjennom ein skog.
Om det ytre sett er for småting å rekne mot måten media elles gjekk over stag på, der dei kom med sine seks dundrande helikopter i låg høgd over husa og skremde vitet av familiemedlemmer, så er det likevel noko djupt forakteleg i ein metode som til og med lurer ungar i jakta over lik. Og vi snakkar altså om kva dei pårørande og kameratane til offeret vart utsette for, ikkje ein mistenkt for brotsverket. Som kjent førde det til at bygda laga sitt eige borgarvern mot dei journalistiske hordane. Etterpå har Dagbladet og VG krangla om kven som var verst. Rapporten konkluderer med at begge var like ille, og i same klasse som TV2. Men også Aftenposten var med på helikopterkrigen. Og det var ein av journalistane der i huset som gjekk bakvegen gjennom skogen.
Etter det vi kan lese av fagbladet Journalisten sitt referat frå rapporten (som også ligg på internett), har dei store media gått kollektivt berserk desse augustdagane i fjor. Eit av botemidla medieforskarane bak rapporten foreslår, er at pårørande i slike tilfelle får ein talsperson som kanal til og frå media. Men bortsett frå at konkurrerande organ sikkert uansett vil prøve å gå sine eigne vegar; kva andre enn reint spekulative interesser er det som ligg bak jakta på offera i slike saker? Er dette noko samfunnet har krav på innsyn i?
Når pressa sine metodar er i søkjelyset, får publikum høyre om ein samfunnskontrakt ingen har sett, men som seier at journalistane gjer den jobben samfunnet har sett dei til. Det er ein sjølvbestalta status. Parten samfunnet har ikkje signert nokon kontrakt som tilseier at det er fritt fram for media. Men diskusjonen skaut fart etter at stortinget i fjor vedtok ei lov (ý 390 c) mot offentleggjering utan samtykke av namn og bilde på sikta eller mistenkte personar. Etter nye høyringar har lova enno ikkje byrja å verke. Eit kronargument frå journalistlaget er at det vil hindre fotografering av personar som blir arresterte i demonstrasjonar,
noko som er fullstendig urealistisk. Det kan førast i marka argument for nærgåande journalistikk som kjem i konflikt med personvernet ved ein del tilfelle av mistanke mot høgtståande personar, men det finst ikkje anna enn reint spekulative motiv for den blodtørstige jakta på dei pårørande til offera. Alle andre forklaringar er presse-etisk snikksnakk og kvasipsykologi om kor viktig det er for ålmenta å få innsyn i sorgreaksjonar.
Diskusjonen om kriminaljournalistikken har no fått ein bisarr epilog i saka om påstått smykkesvindel. Det eventuelle brotsverket har interesse utelukkande på grunn av den høge kjendisfaktoren blant vitna. Som vanleg straffesak hadde ho vore nokre notisar verdig, men til og med Aftenpostens kulturredaktør sit no på kommentatorplass i salen. Det eine vitnet har av fleire aviser fått ei dekning som om ho er hovudmistenkt, utan å vere verken sikta eller tiltalt. Saka har for lengst utvikla seg til ein farse, som berre er underhaldning for eit grådig publikum i open rett. Vitnet ville ha stengde dører, men retten avslo, og media fekk sitt bilde, av det trassige vitnet ståande i retten, med den gapande ålmenta i bakgrunnen. For den som vil sjå, er det eit bilde som gir eit innsyn i menneskenaturens lågaste instinkt. Det er det instinktet media oppmuntrar og appellerer til, når dei bak
presseetikkens faner har fått ferten av blod og auka opplag.
Roald Helgheim
|