Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000
Musikk:
Makelause Torsheim
Oddvar Torsheim bruker Bob Dylan som orsaking for å måle vidare på sitt eige univers i tekst og tonar.
Oddvar Torsheim:
Tur-retur blues
Tylden & Co
Somme kallar Oddvar Torsheim eksentrisk. Kanskje er han det. I så fall er det ein umåteleg sjølvironisk eksentrikar. Som biletkunstnar (sjølv nektar han å bruke ordet kunstnar, han er biletmakar, hevdar han) har han skapt sitt eige, unike rom i norsk kunst. Han har ein så karakteristisk strek at han neppe nokon gong kjem til å oppleve plagsame plagiat.
No er han også i ferd med å skape sitt eige, unike rom i norsk musikkliv. Og det er vel slik med musikaren Oddvar Torsheim som det er med biletmakaren: Anten sluker du han med hud og hår, eller så legg du han vekk som nok eit døme på dei sære utslaga av den kunstnarlege fridommen.
Men eg er så glupsk at eg med stor appetitt sluker plata Tur-retur blues med omslag, krusedullar, tonar og unotar. Ikkje blir eg matlei heller.
Oddvar Torsheim har kasta seg over fem Dylan-låtar, og sannsynlegvis er Oddvar Torsheim både mindre eksentrisk og enklare å ha med å gjera enn Bob Dylan Torsheims store idol.
Nøgd Dylan
I 1993 gav plateselskapet Tylden ei gåve til 999 nordmenn: På Nynorskens skog tolka Torsheim ei handfull Beatles-låtar. Det var ei unik plateutgjeving, for Michael Jackson, som sat på opphavsrettane til Beatles' låtmateriale, hadde sett foten ned for at Torsheim skulle få bruke dei kjende Beatles-melodiane til tolkingane sine. I staden vart eit knippe av dei fremste populærmusikk-komponistane her til lands sett til å skrive nye melodiar.
Nynorskens skog er blitt ein klassikar og eit samleobjekt.
Ein kunne frykte at Bob Dylan skulle vera like vrang som Michael Jackson. Det har han heldigvis ikkje vore. Tvert imot, fortel ryktet, var Dylan nøgd med Torsheim-tekstane.
Men dette er ikkje Dylan på norsk. Det næraste ein kjem ein definisjon, er truleg Dylan filtrert gjennom Oddvar Torsheim. Aller mest er det Oddvar Torsheim. Det er ei genialt galen plate. I tekstane finn ein dei same forenkla og stiliserte, og samtidig smilande innfule og satiriske observasjonane.
Som bilete som song
Teksten til Hei kjære dragspelar (Mr. Tambourine Man) er ei kosteleg skildring av ein fest på lokalet, som toppar seg når ein av dei meir tørste kjem ut på golvet:
Så ut på golvet kjem ein ekte Harry-man
og berusa det er han,
nesten meir enn det går an!
Og balansen sin har han ganske sikkert lagt att heime.
Han har inga dame, nei, han dansar singel han,
han er ikkje berre Harry, han
når han prøver danse norsk Can-Can,
då er Harry også heilt Johan!
Og han trur visst det er Mozart som speler Eine kleine
Den kjende Torsheim- teikninga Disco-Lars med laurdagsfeber er ikkje langt unna i denne teksten.
Kompet på låten er dessutan tett og godt som eit hardt famntak. Det funkar. Det svingar. For meg er denne låten eit høgdepunkt, mellom anna fordi han så tydeleg viser dei linene som kan trekkjast mellom tekstar, framføring og biletkunst hos Torsheim.
Torsheim nyttar berre Dylans melodiar som ei orsaking, ei form som han kan putte sine eigne tekstar og sitt eige univers inn i. Eller eit lerret som han kan måle sine eigne bilete på med ord i staden for fargar, om du vil.
Meir enn Dylan
Tur-retur blues er forresten meir enn dei fem Dylan-låtane. På plata finst òg høgdepunkt frå Nynorskens skog som Jølsterdag, Rødbrus, kaviar og litt sumar-agurk, Mari! Campari! og Galningen, i tillegg til den nyskrivne Beatles-pastisjen No vil eg by deg opp. Berre desse spora er grunnar gode nok til å kjøpe cd-en Tur-retur blues.
Det høyrer naturlegvis med i dette biletet at musikarane han har med seg på plata, Anders Elverhøy, Steinar Larsen, Ørjan Liavåg og Svein Haugen pluss mange fleire, gjer ein strålande jobb. Kompet på Tur-retur blues er nok hakket betre og tettare enn på Nynorskens skog.
Kan så Oddvar Torsheim syngje? Javisst kan han det. Det er ikkje vakkert i klassisk forstand; og ikkje vakkert, slik som dotter hans, Jorunn Torsheim, syng når ho korar på Mari Maria sudu-deli-dei. Men han kan syngje. Det kan du banne på.
Audun Skjervøy
|