Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000
Leiar:
EU igjen
No har Jan Petersen vendt blikket vekk frå fadesen for tre veker sia, da han var med på å felle sentrumsregjeringa og setja inn ei ny Ap-regjeringa. I staden kastar han lange blikk sørover og austover mot EU, der han så veldig gjerne vil at Noreg skal bli medlem.
Sist helg var han på ein konferanse i Bodø Unge Høyre og ytra at den nye EU-debatten må byrje no. I NRK radio sa han samstundes at det er meiningslaust å diskutere tilhøvet mellom Noreg og EU utan å drøfte EU-medlemskap. Og til Aftenposten seier Høgre-leiaren at det berre ei ny folkerøysting som kan endre det norske tilhøvet til EU, og han ønskjer ikkje ei ny folkerøysting no. Jan Petersen er med andre ord prega av den same politiske klårleiken som da han prøvde å forklare at han slett ikkje hadde felt noka regjering.
Engasjementet på ja-sida er nok likevel lett å forstå og forklare. For det er ikkje berre Høgre-leiaren som synest det er aktuelt å drøfte medlemskapsspørsmålet igjen. Både Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland har ytra ønske om større handlefridom i EU-saka etter stortingsvalet i 2001.
Dette handlar naturlegvis om den seige, utrøyttelege kampen ja-folk for lengst har forstått at dei må føre for å nå målet sitt om ein endeleg og uavvendeleg norsk medlemskap i EU. For konklusjonen til Jan Petersen er da klar nok: Jeg har intet ønske om å sette i gang en prosess som leder til et tredje nei. Med andre ord ønskjer han å setja i gang ein prosess mot ei tredje folkerøysting, som sjølvsagt skal ende med ja.
Taktikken er både kjend og velprøvd i mange politiske saker: Den som berre er tolmodig nok, får det til slutt som han vil. Vi veit dessutan alle at den dagen det udemokratiske fleirtalet på Stortinget har fått oss inn i EU, er alle vegar tilbake blokkerte.
D et er med andre ord ingen grunn til å la Jan Petersen få det som han vil i EU-saka. Åtte år etter siste folkerøysting er det ikkje skjedd fundamentale endringar i EU som ikkje vart drøfta før vi røysta i 1994. Samstundes er det vanskeleg å ta Jan Petersen alvorleg så lenge han meiner at det er problematisk at folkefleirtalet meiner noko anna enn han sjølv.
Problemet i Noreg er da slettes ikkje at folkefleirtalet har sagt nei i to folkerøystingar. Problemet er at folkefleirtalet har sagt nei, mens stortingsfleirtalet dei siste åra konsekvent har drive ein politikk som er ein hån mot folkerøystinga i 1994.
Audun Skjervøy
|