Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000

Island:
Rundkast om smelteverk

Planane om å byggja Europas største aluminiumsverk splitta islendingane og førte til bitter strid i fjor. Verket kravde ei omfattande kraftutbygging, noko som provoserte mange. Sist veke vart det lansert nye planar for både kraftverk og aluminiumsverk, og der står Norsk Hydro sentralt.

OTTAR FYLLINGSNES

Lanseringa av dei nye planane har fått stor merksemd på Island dei siste dagane. No er det fødd ei von om at det sårbare Eyjabakkar-området kan unngå utbygging. Dette skjer trass i at eit klart fleirtal i Alltinget sa ja til utbygging før jul i fjor.

Det svære aluminiumsverket er planlagd i Reydarsfjördur i den nordaustlege delen av Island. Kraftutbygginga skal skje i nærleiken, i området nordom Vatnajøkull, Europas største isbre.

Storleiken

Norsk Hydro samarbeider med fem islandske finansieringsselskap (Hæfi) om aluminiumsverket. Hydro og Hæfi har kvar sin halvpart i prosjektselskapet som har fått namnet Reydarál.

Den islandske industriministeren, Valgerdur Sverrisdóttir, fortalde sist veke at Norsk Hydro er interessert i å auka eigardelen sin frå 25 prosent i den gamle utbyggingsplanen for aluminiumsverket, til 40 prosent i den nye.

Informasjonssjef Thomas Knutzen stadfestar at Norsk Hydro kan vera interessert i å auka eigardelen, men det er ein føresetnad at islendingane skal eiga meir enn halvdelen av verket.

Det har tidlegare vore skissert ei utbygging av aluminiumssmelteverket i tre etappar. I den gamle planen skulle første etappen gje ein produksjon på 120.000 tonn aluminium årleg, den neste 240.000 tonn og den siste 120.000 tonn; til saman 480.000 tonn aluminium. I dag er Norsk Hydros aluminiumsverk på Karmøy størst i Europa med ein produksjonskapasitet på 267.000 tonn årleg.

Sist veke gjekk investorane i Reydarál inn for å dobla kapasiteten på det første byggjesteget, til 240.000 tonn aluminium i året. Dei hadde kome fram til at eit verk som produserer berre 120.000 tonn ikkje er økonomisk drivverdig. Dessutan måtte utbyggjarane ha klare politiske garantiar for at dei fekk meir kraft til ei vidare utbygging, men dei hadde vanskar med å få slike garantiar.

Femten fossar

Det er kraftverket, ikkje aluminiumsverket, som har skapt mest debatt på Island. I planane frå i fjor var det meininga å byggja ut det kontroversielle Fljótsdal kraftverk på 210 MW, og mange fann god grunn til å protestera. Eit område på 45 kvadratkilometer skulle leggjast under vatn, og tusenvis av rein og gjæser ville fått langt dårlegare forhold. Området vert dessutan omtalt som Europas største urørde villmark, og frå miljøvernhald vert det ivra for å gjera området til nasjonalpark.

– Ikkje mindre enn femten fossar hadde vorte tørrlagde ved ei utbygging av Eyjabakkar, fortel Tryggvi Felixson, dagleg leiar i sekretariatet i den islandske miljøorganisasjonen Landvern.

Det islandske motstanden mot prosjektet har vore sterk, og både tidlegare president Vigdis Finnbogadottir og artisten Björk har engasjert seg mot utbygging av Eyjabakkar. I tillegg til dei tradisjonelle miljøvernorganisasjonane, vart det i fjor skipa ei ad hoc-rørsle, “Miljøets venner”, som starta ein underskriftsaksjon. 45.000 skreiv under på kravet om at prosjektet må vurderast i høve til gjeldande lover om miljøkonsekvensutgreiing.

Gamle planar

Det har vore eit mål i islandsk politikk å prøva å få store industriverksemder til landet. Tidleg på 90-talet hadde det amerikanske selskapet Alumax planar om å byggja eit aluminiumsverk i Reydarfjördur saman med eit nederlandsk selskap. Men i 1991 fall Sovjetunionen saman, noko som førte til at det kom mykje billeg aluminium på verdsmarknaden. Prisane seig, og det vart krise for store delar for aluminiumsindustrien. Dette førte til stogg i prosjektet i Reydarfjördur, men på den tida vart det gjeve konsesjon for utbygging av Fljótsdal kraftverk i Eyjabakkar-området.

Nokre år seinare vedtok islendingane ei lov som seier at miljøkonsekvensane skal utgreiast ved ei kraftutbygging. Lova hadde ikkje tilbakeverkande kraft, og difor var det ikkje noko krav om miljøkonsekvensutgreiing ved utbygging av Fljótsdal kraftverk. Dette skulle sidan verta kjernen i konflikten om kraftutbygginga.

Ei meiningsmåling viste i fjor at om lag tre firedelar av den islandske befolkninga fann det uakseptabelt å gjennomføra utbygginga utan ei miljøkonsekvensutgreiing. Medan regjeringa stod på sitt og hevda at ei slik utgreiing ikkje var naudsynt, meinte mange islendingar at det var feil å utnytta ein gammal konsesjon. Om lag halvparten av befolkninga gjekk mot kraftutbygging i dette naturområdet.

 Større kraftverk

I utbyggingsplanane som vart lanserte sist veke, er utbygginga av Fljótsdal kraftverk lagd på is. Eit smelteverk med ein årleg produksjon på 240.000 tonn, med intensjonar om å ekspandera til både 360.000 og 480.000 tonn, treng meir kraft enn det som Fljótsdal kraftverk kan produsera.

Resultatet ser ut til å verta at Eyjabakkar ikkje vert neddemt og at ein satsar på eit om lag dobbelt så stort kraftverk, Kárahnjúkar, nordaust for Vatnajökull. Skal dette kraftverket byggjast ut, må det gjennomførast ei miljøkonsekvensutgreiing på vanleg vis.

Vert utsett

Norsk Hydro eller Reydarál har ikkje noko med sjølve bygginga av kraftverket å gjera. Direktøren for det nasjonale kraftselskapet på Island, Fridrik Sophusson, har uttalt at dei endra planane også endrar byggjeplanane til kraftselskapet. Kárahnjúkar kjem først; kanskje følgjer Fljótsdal etter. Han reknar med at Káhranjúkar kan verta operasjonelt i år 2007.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |