Dag og Tid nr. 14, 6. april 2000
Herbjørn Sørebø:
Høgre sit hardt i det
Høgre visste godt at det ville koste dyrt å kaste regjeringa Bondevik, men gjorde det likevel fordi partiet ikkje hadde noko val. Vi må gå langt tilbake for å forstå det. I tida før stortingsvalet gjorde Senterpartiet det klart at det ikkje kom på tale å gå i koalisjon med Høgre. Anne Enger Lahnstein sa at det måtte bli slutt på blokksystemet, og det var sentrum som var alternativet både til Høgre og Arbeidarpartiet. Målet var klart: Å isolere Høgre. Det er rett at Jan Petersen ikkje hadde noka tru på at sentrumspartia kunne skipe regjering, men det var det heller ikkje nokon annan som trudde. Så opplevde vi det heilt utrulege at Thorbjørn Jagland kasta korta slik at Kjell Magne Bondevik og sentrumspartia fekk regjeringsmakta som ei gåve. Høgre var inne på tanken om å felle regjeringa straks, men på grunnplanet knurra høgreveljarar, så
Høgre gav opp. Partiet var dermed isolert.
I to og eit halvt år hadde Høgre og Arbeidarpartiet eit felles ønske. Det var å få sentrumsregjeringa bort. Di lenger den regjeringa fekk sitje, di sterkare ville sentrum stå som eit tredje alternativ i det neste møtet med veljarane. Det var ingen grei situasjon for Høgre, for Framstegspartiet måtte vere med på fellinga. Det ville Carl I. Hagen for alt i verda ikkje. Han hadde det så greitt med sentrumsregjeringa, som trong hans støtte. Han hadde ei parlamentarisk nøkkelrolle som han spela på.
Gasskraftsaka låg der og venta. Alle var på det reine med at Høgre hadde hatt på programmet i 12 år at det bør byggjast gasskraftverk her i landet. Framstegspartiet har framstilt gasskraft og CO2 nærast som ei gåve til naturen, og dermed skulle det vere greitt. Slukte sentrumsregjeringa den digre kamelen, så fekk ein vente på neste sak. Valde Bondevik å stille kabinettspørsmål, var Framstegspartiet med på å dele skulda for avgangen. Sentrumsregjeringa skaffa fram ein lur liten planke for Carl I. Hagen slik at han kunne røyste for gasskraftverk, men berge regjeringa med ein diger kamel. Så sat Høgre og Jan Petersen att med Svarteper.
Det har vorte harselert mykje med Jan Petersen for frieriet til sentrumspartia etter røystinga i gasskraftsaka. Det har vorte samanlikna med mordaren som frir til enkja i gravferda til offeret. Det hadde sikkert vore klokare av Jan Petersen å vente med det, eller iallfall ha vore ein litt mindre pågåande friar. Den mangelen på politisk musikalitet må han betale dyrt for, men her var han ikkje åleine i partiet om å vere tonedøv. Per Kristian Foss, Inge Lønning og heile stortingsgruppa var med i koret.
Nå blir det gong på gong vist til det målmedvitne og seige slitet til John Lyng i 60-åra for å sveise dei fire dåverande ikkje-sosialistiske partia saman så dei kunne skipe regjering med fleirtal etter valet i 1965. Visst var det ein prestasjon den gongen, men vi skal hugse at det var i ein heilt annan politisk situasjon han greidde det. John Lyng hadde ikkje eit populistisk parti å stri med på høgresida. Arbeidarpartiet heldt større avstand til sentrum, og EU-saka let seg handtere i nokre år. Då den toppa seg og John Lyng såg at det gjekk mot slutten for regjeringssamarbeidet, trekte han seg roleg ut av regjeringa, som vart oppløyst ikkje så lenge etter. EU-saka sprengde regjeringa Syse også. Det store spørsmålet nå er når og korleis det i det heile skal kunne la seg gjere å sy saman ei borgarleg regjering. Det løyser ikkje det grunnleggjande problemet for Høgre å skifte ut Jan Petersen som partileiar.
|