Dag og Tid nr. 9, 2. mars 2000
Bøker:
Resirkulering av grågrenddiktaren
Er det ikkje grunn til å tru at bygdedyret døydde ut med det sosiale systemet som hadde skapt det, spør Ottar Brox.
Tor Jonsson:
Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller
Prosa i utval av Ingar Sletten Kolloen
Samlaget
For vel 50 år sidan hausten 1949 kom eg frå Senja til ei Østfoldbygd for å gjere teneste som mjølkekontrollør. Jobben gjekk ut på å sykla frå gard til gard, vege mjølka frå dei einskilde kyrne, måle feittprosenten og gje råd om foring. Det var ikkje berre verlag og mål som var ulikt mellom Senja og Østfold. Vand som eg var til små sosiale forskjellar om ein ser bort frå handelsmannen, eit par sildebasar og kanskje læraren var det eit sosialt sjokk å oppleve det ekstreme klasseskiljet mellom 2-300-målsbønder og gardsfolk i Østfold og særleg den måten dei snakka om kvarandre på. Det var sjølvsagt gode unntak, men elles var det berre ulike gradar av forakt på den eine sida, og klassehat på den andre.
Det ver ikkje berre Nationen kontrollassistenten kunne finne som lesestoff ved kjøkenbordet når lab-arbeidet og mjølkerekneskapen var unnagjort. Der slang det òg eit og anna eksemplar av Bygdeungdommen. Det var i Elling Tjønnelands redaktørtid, og då var det eit spennande blad. Særleg forvitneleg var Kulturspegelen, signert av den for meg då ukjende Tor Jonsson. Den innbitne antagonismen mot bygdeoverklassa, som eg hørte så mye til hos fjøsfolket, fann eg att i språkleg høgforedla form i dei korthogne og intense epistlane hans. Det han kalla grågrenda, var i Østfold representert av små hytter i skogkanten, tapetserte med gamle nummer av Nationen, der sveisarfamilien om vinteren kunne opphalde seg i ein smal sone mellom den raudfyrte omnen og dei iskalde veggene.
Unødvendig pedagogisk
No har Ingar Sletten Kolloen følgd opp sitt storverk av ein biografi (som eg ikkje var i stand til å legge frå meg før eg kom til siste sida) med eit utval av Tor Jonssons prosa. Sjølve utvalet er nok godt, men utgjevaren kunne gjerne ha spart oss for dei pedagogiske bruksanvisningane som er hekta på dei einskilde stykka. For det meste er dei unødvendige, men til dels plasserer han òg litt spesielle briller på lesaren: Det etterlatne stykket Lenge nok har eg levt kan til dømes lesast som alt anna enn eit oppgjør med bygdedyret.
I år 2000 er det ikkje nødvendig å kvalitetsvurdere skrivekunsten i denne boka, for det er vel knapt usemje om at Tor Jonsson er meister for den beste nynorske kortprosaen som i det heile er komen på trykk. Derimot er det all grunn til å sjå nærare på den måten meisteren blir resirkulert på eit halvt hundreår etter at han la ned pennen, og endå lenger etter at han hadde dei opplevingane og gjorde dei observasjonane som han bygde sine kommentarar på.
Bygda og bygdedyret
I alle media har Tor Jonssons korte, problematiske liv og tragiske død vore forklart med bygdedyret, som er den rurale versjonen av Jantelova. Skal vi forstå hans lagnad, er det sjølvsagt all grunn til å dra fram, som Sletten Kolloen og andre før han har gjort, diktarens familiebakgrunn, fattigdom og oppvekst som avvikar i klassesamfunnet. Men bygdedyret har i dei siste månadene spela ei rolle i vår offentlege samtale langt ut over det. Omgrepet har vore brukt til å karakterisere bygdesamfunnet generelt. Skal ein tru kulturjournalistane, er alle dei trekka som bygdedyret representerer, eigenskapar ved bygdesamfunnet sui generis, slik leoparden ikkje kan tenkjast utan flekkene sine. Det inntrykket som Sletten Kolloen, men særleg media har skapt, er at Tor Jonssons tekstar, frå trettiåra til 1950, gir eit gyldig bilete av Bygde-Norge i dag.
Misbruk av Jonsson
Det eg har tenkt å bruke resten av min spalteplass på, er sjølvsagt heilt bortkasta, for det er minst 25 år sidan det var politisk korrekt å forsvare Bygde-Norge. Men det er verkeleg heilt fantastisk at Tor Jonssons liv, og dei litterære perlene som utvikla seg av dei sandkorna som bygdedyret pressa inn i den hudlause sjela hans i barndomen, i dag skal bli gjen- og misbrukt i den aktuelle striden mellom sentrum og periferi.
For det første er mykje av det som blir tillagt bygdedyret, utbreidd i heile samfunnet. Vondsinna mobbing, som er eit hovudtema hos Tor Jonsson, er eit minst like stort problem i små og store byar som i fjellbygder og fiskevær.
For det andre er mykje av den forakta for og terroren mot den svake, som Tor Jonsson skriv om, eit trekk ved klassesamfunnet, og ikkje nødvendigvis ved alle stader der det er langt mellom husa. Storbøndene i Lom om dei skulle halde ved like sin stordom var avhengige av at det fanst fattigfolk i dei grå og gisne hyttene, folk som stod klare til å gjere dagarbeid for dårleg betaling.
Den forakta for underklassa som vi finn i slike samfunn, er ein eigenskap som heng nødvendig saman med klasseskiljet. Men i det meste av landet var bygdesamfunnet alt før krigen og til dels lenge før langt meir egalitært, altså prega av likskap. Og den kombinasjonen av undertrykkjande kristendom og nazisme-liknande nasjonalisme som Tor Jonsson skildrar så skarpt og fråstøytande, har aldri vore noko konstituerande drag ved det norske bygdesamfunnet generelt: På Senja var nazisten den marginaliserte bygdetullingen, mens bonde-aristokratiet i Lom gjekk nesten i samla flokk inn i Quislings leir. Dei som no resirkulerer bygdedyret, har vald å sjå bort frå den store variasjonen innanfor Bygde-Norge nettopp med omsyn til Tor Jonssons viktigaste emne.
Klasseskilja som forsvann
For det tredje har svært mykje skjedd med alle lokale samfunn, i bygd og by, i landet vårt i dei åra som er gått sidan Tor Jonsson slost med bygdedyret. Dei gamle undertrykkjande og sjeleforkrøplande klasseskilnadene forsvann raskare i Bygde-Norge generelt enn i By-Norge. Eg veit ikkje korleis det har gått med det rosemåla aristokratiet i Lom. Men alt på 50-talet var det lite att av dei førdemokratiske klasseforholda i slike bygder som den eg sykla rundt og vog mjølk i: Drengar og sveisarar hadde fått seg industri- eller servicearbeid, småbrukarane hadde fått seg godt betalte deltidsjobbar, og dei tidlegare storbøndene med 2-300 mål var reduserte til dårleg betalte, sjølsysselsette kroppsarbeidarar: Drengstuene og sveisarhyttene stod tomme i 1960.
Er det ikkje grunn til å tru at bygdedyret døydde ut med det sosiale systemet som hadde skapt det? Den faenskapen som framleis finst i bygdene, har dei stort sett felles med små og store byar mobbing, stoff og snobbeskap til dømes. Den effektive sosiale kontrollen, som Tor Jonsson skildra svartsida av, men som òg førte til at lensmann og politi hadde lite å gjere, er det i mange bygder fint lite att av. Det er til og med blitt lettare å vere synleg rik eller homofil i mange bygder.
I Norge i år 2000 er byfolk og bygdefolk stort sett av same slaget; om ein vil, kan ein seia at dei har den same kulturen, sjølv om ein blir mediastjerne ved å gå rundt og påstå at det blir stadig større forskjell på by- og bygdekultur. Store delar av det spreiddbygde Norge er i dag suburbanisert, dvs. forstadsbusetjing, med eit stort innslag av pendlarar. Livsvilkåra er sjølvsagt forskjellige, noko som det er lettast å sjå på bustad- og arbeidsmarknaden. Men elles er dei viktigaste skilnadene knytt til skala: Ein har meir informasjon om naboane i ei grend med 100 menneske enn i ein bydel med 70.000. Men med omsyn til samhandlingsmønster, blir vi alle stadig meir byfolk. Det er komne opp ringeklokker på dørene i den minste fjord- og fjellgrend, og det er best å ringe på førehand om ein vil stikke innom.
Avkommet til bygdedyret
Dei åndsproletarane (i alle samfunnslag) som var skyte-skive for Tor Jonssons hån, finn du både der husa står tett og der storskogen susar. Folk som les bøker og reflekterer over livet og samfunnet, finn du i det som var grågrender då Tor Jonsson voks opp sjølv om det er lettare å leve av det i gentrifiserte arbeidarbustader på Grünerløkka. Bygdedyret har sådd sin dragesæd i alle slags landskap, og avkommet finn vokstervilkår både her og der.
I mange av Tor Jonssons bygdesosiologiske skisser kjem det fram at den verste effekten av undertrykkjande klasseskilje er aggresjonen mellom dei svakaste og dei som berre er nesten like undertrykt. Det var der bygdedyret manifesterte seg på det verste. Det som er verd å tenke over, er at vi i det norske samfunnet er i full sving med å innføre nye og drastiske klasseskilje som kanskje vil få bygdedyret til å stikke det stygge hovudet sitt opp i miljø som diktaren frå grågrenda i Lom knapt nok kjende. Motviljen mot innvandrarar i urbane grågrender er berre eit forvarsel.
Ottar Brox
|