Dag og Tid nr. 7 , 17. februar 2000

Roald Helgheim:
Idrettens pris

Journalistikk om sport er ei forgjengeleg vare. Intervju med idrettsfolk, til dømes, handlar nesten alltid om ingenting. Det berre ser så viktig ut når trivialitetar får overskrifter større enn kva verdshending som helst. Om idrettsutøvarar er meir sjølvopptekne enn folk flest, er ikkje så sikkert. For det er ikkje berre etter innspurten i målområdet dei får spørsmål på nivået til “korleis opplevde du dette løpet”. Om det er så at nyhenda av i går er døde i dag, gjeld det endå meir i ein tradisjon der skråsikre påstandar av i går er gløymde neste dag, når dei viser seg å vere pølsevev. Historieløysa i idrettsjournalistikken kan kome til syne sjølv i løpet av eit døgn. På den måten er det ein journalistikk utan like.

Ein og annan kommentator kan glimte til. Ein og annan idrettsutøvar står fram som ein reflektert person. Ein og annan idrettsleiar også. Etter ei vekes rabalder i kjølvatnet av det herostratisk berømte intervjuet med Lasse Kjus, har toppidrettssjef Bjørge Stensbøl bråvakna i ein kronikk i Dagbladet: “Jeg har sett urovekkende signaler gjennom flere år, men egentlig ikke sett resultatet klart nok før nå: Utøvere som i takt med stigende suksess og voksende bankkonto blir stadig mer profilert som fokusert på seg selv, sin egen person og sine behov. Profilene som tegnes blir rikere på penger - fattigere på verdier.”

Då Gudmund Skjeldal i boka Takk og farvel med toppidretten tok ein del oppgjør med mykje av mentaliteten bak denne galopperande utviklinga, vart han møtt med mange kalde skuldrer både blant utøvarar og leiarar. Det verka ikkje som om debattboka Toppidrettens pris hamna på nattbordet til dei det gjaldt. Men kva var det eigentleg som hende med Lasse Kjus?

Denne veka måtte han endeleg gå kanossagangen og offentleg be Norge om orsaking. Dagbladet har fått i pose og sekk, avisa som først trykte utdrag frå eit lengre intervju forfattaren Torgrim Eggen hadde med Kjus i fly-bladet Scanorama. Lese i samanheng framstår det som ein type friskus-intervju med ein forvaksen gut, eit barn av arbeidarklassen som tidleg lærde at “det jeg vil ha, må jeg kjempe for”. Dei tre orda Dagbladet slår opp, står i denne setninga: “En ting som gjør at jeg hater Norge, er troen på at vi er så rike”. I setninga før seier han at “det er vel mulig å elske Norge, selv om du hater det”. Så reflekterer han ein del over “systemet”, som han påstår aldri har gitt han noko. Ikkje tenkjer han særleg patriotisk heller når han dundrar nedoverbakke i 120 km i timen. Om han får telegram frå statsministeren, så har ikkje den gode Bondevik hatt noko å seie for det han har oppnådd, må vite. Kjus burde sjølvsagt ha lært at det korrekte svaret er at han såg det som ei takk frå nasjonen. Dei obligatoriske skatteplagene er med, før han skjeller ut skiforbundet som eit hus fullt av parasittar.

Om det ikkje er særleg tiltalande, er det strengt tatt eit ganske harmlaust intervju. Dei tre famøse orda “jeg hater Norge” er del av ein periode der han snakkar om både kjærleik og hat, som vi alle gjer. At orda er rivne ut av samanhengen, har han sjølvsagt rett i. Men i den tabloide verda er dette agn godt nok, og ein uskuldig kjekkasprat med Torgrim Eggen blir ein ofseleg bumerang som råkar den digre kroppen til Kjus i solar plexus. Han framstår som ein som ikkje skjønar noko. Han rotar seg opp i eit hjørne med sprikjande fråsegner etterpå, parasittforbundet blir til berre eitt eksemplar av arten, som han ikkje vil seie namnet på. I det store avlatsbrevet kokar det ned til ein gammal personstrid med ein som ikkje ein gong sit sentralt i forbundet.

Lasse Kjus har lært ei lekse, det er det ingen tvil om, etter ei vekes melodrama som har hatt alt det tabloid-media kan ønskje seg. Så kan dei gravalvorlege kommentatorane dele ut bestått-karakteren, og rose han for eigentleg å vere ein kjernekar. Men kva har det å seie for idretten?

Gudmund Skjeldals kritikk av den rådande idrettsvind er også ein sivilisasjonskritikk, av eit system som har gjort idretten til ein pengesterk underhaldningsindustri. “Toppidrett, blir det sagt, skaper mykje positivt i samfunnet: stjerneidrett er folkeforlysting og gode resultat styrkjer nasjonal identitet og sjølvaksept. Er ikkje dette eit bedrag? Er sirkus og sjølvhevding av det gode? Desse argumenta er berre usle fikenblad som skjuler den nakne sanninga”, skriv Skjeldal, som meiner at når idretten legg seg flat for underhaldningsetikken, gjer det kål på idrettens eigenverdi.

Lasse Kjus sytte for underhaldninga i ei god veke. Kven blir den neste i manesjen?
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |