Dag og Tid nr. 3 , 20. januar 2000
Teater:
Jesus på utgått dato?
Er det parodi og farse teatersjef Ola B. Johannessen vil lage, eller vil han seie noko vesentleg? Dei som stel showet er ikkje Jesus, men Judas og ikkje minst Herodes, skriv Amund Grimstad.
Trøndelag Teater
Jesus Christ Superstar
Av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice
Regi: Ola B. Johannessen
Scenografi: Carle Lange
Etter ei lang rekke syngespel av særs ulik kvalitet, avsluttar Ola B. Johannessen som teatersjef ved Trøndelag Teater med ei oppsetting av Jesus Christ Superstar der han sjølv er både omsettar og instruktør. Det er blitt ei påkosta framsyning som sprikar i alle retningar frå spektakulære masseopptrinn, framifrå einskildprestasjonar, feit musikk og særs bra songinn-slag via tåpelege påfunn til banale tekstar og slapp regi.
Rockeoperaen til Andrew Lloyd Webber og Tim Rice fornya og revolusjonerte musikkteatret som sjanger for tretti år sia. Mye har skjedd etter det, og om musikalen har gått ut på dato, eller om det berre er Ola B. Johannessen som ikkje får det heilt til, skal vere usagt. Gode og kjende melodiar og store påkosta masseopptrinn gjer sjølvsagt at publikum får sitt. Men eg har teatersjefen mistenkt for å ville gi oss meir enn glatt underhaldning, og det har han ikkje greidd.
Barnelærdom
Musikalen handlar om Jesus sine siste dagar fram til korsfestinga. Librettoen er barnelærdom og kjent for dei fleste. Hadde han ikkje det vore, hadde dette blitt temmeleg utilgjengelege saker, for her er det ei heseblesande hopping frå tablå til tablå. Den eine songsviska avløyser den andre utan anna forvarsel enn kjappe sceneskift. Det kan vere vanskeleg å kjenne dei om lag 30 aktørane på scena frå kvarandre, jamvel om dei i påkleding og utvendig uttrykk kan vere tydelege til det karikerte. Midt oppe i det heile ruslar Jesus rundt som ein alt for anonym figur. Stephen Hansen, som har sin scenedebut som Jesus, greier ikkje å gi liv til denne personen. Uavhengig av kva ein trur og ikkje om Jesus, må han ha vore særs karismatisk. Men dette er ingen mann folk vil fylke seg attom, tru på og tilbe. Hansen har ei fantastisk stemme, men manglar nødvendig innleving. Det same gjeld Maria Magdalena (Katrine Lunde)
som i tillegg har fått alt for lite spelerom. Halldor Lægreid som Judas, derimot, syner oss kva det kan bli til når ein både er skodespelar og songar. Judas sin indre kamp med seg sjølv er eitt av dei få dramatiske høgdepunkta i denne oppsettinga som trass i dyre og spektakulære opptrinn går på sparebluss dramaturgisk.
Herodes
I Ola B. Johannessen sin regi er dette blitt ein hurtigversjon utan stigning. Når Jesus jagar kremmarane ut av Gudshuset, skjer det så fort at ein knapt registrerer det før det er over. Så er det rett over på neste song. Regigrepa med omsyn til tid og rom er forvirrande. Klesdrakt og utstyr er ei blanding av syttitals hippiekultur og dagens dataspel, og når eit utal nyhendehungrige journalistar med mikrofonar og notisblokk pressar seg på etter at Jesus er tatt, blir det berre pinleg. Er det parodi og farse Johannessen vil lage, eller vil han seie noko vesentleg? Det skal vel vere Mannen frå Nasaret dette handlar om, men dei som stel showet er ikkje Jesus, men Judas og ikkje minst Herodes! Innslaget eg vil hugse lengst er ein til same tid elegant og ellevill parodi på romersk dekadanse framført med stor innleving av Teodor Janson.
Framifrå konsert
Scenografien til Carl Lange har greidd å heve seg over det banale som diverre pregar mye av det øvrige scenebildet. Egil Monn-Iversen har hatt hand om dei musikalske arrangementa, og saman med det vesle orkesteret har han greidd å skape eit imponerande lydbilde. Som konsert er oppsettinga framifrå. Mange av aktørane var med i Rent, den førre produksjonen på same scene; eit fyrverkeri av song, dans og musikk. Også i denne oppsettinga får dei vist at dei både er utmerka songarar i tillegg til gode skodespelarar, men totalinntrykket er ikkje like imponerande som i Rent. Koreografien er ved Arne Fagerholt. Han har hatt ei god hand med dei mange flotte masseopptrinna, og framsyninga er velkoreografert sjølv om dei dansemessige klisjeane frå hippiekulturen og Up with people sit vel laust. Men det mest klisjefylte er språket! I tillegg til regien, har Ola B. Johannessen også stått for den norske omsettinga.
Freistnaden på å live opp og modernisere tekstane er i staden blitt til eit stivt og til tider banalt språk.
Jesus Christ Superstar er den mest påkosta produksjonen nokon sinne på Trøndelag Teater. Framsyningane er alt utselde, så det blir sikkert ein økonomisk suksess. Men korkje Jesus eller musikalen vil kunne forvente evig liv etter denne presentasjonen.
Amund Grimstad
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|